Før EM i Danmark var opplegget at Edvald Boasson Hagen skulle prøve seg like før mål, og at Kristoff skulle få sjansen om det blei ein massespurt.
– Større sjanse i Bergen
Boasson Hagen gjorde som avtalt og rykka frå hovudfeltet, men blei henta inn att like før mål.
I hovedfeltet satt Kristoff klar til å ta over hovudrolla. Han tråkka tidleg til på oppløpet, og heldt unna for konkurrentane.
Dermed fungerte taktikken det norske laget hadde lagt opp til, perfekt.
No vil Kristoff ha lignande taktikk under sykkel-VM i Bergen.
– Laget køyrte veldig bra. Edvald virka sterk. Det heldt jo nesten heilt inn for han, og det lovar også godt for Bergen.
– Vi kjem nok til å ha tilsvarande taktikk, med at Edvald prøvar seg på nokre seine angrep. Det er endå større sjanse for at det held heilt inn i Bergen, enn her, seier Kristoff til NRK.
Fornøgd landslagssjef
– Det er ikkje usannsynleg at det kan bli same taktikk. Men då må vi snakke saman når det nærmar seg VM, seier Edvald Boasson Hagen til NRK.
Etter VM i fjor var tonen ein heilt annan.
Då følte Kristoff at han blei svikta av Boasson Hagen på oppløpet. Taktikken mislukkast. Dei to sykkelstjernene blei ikkje einige om arbeidsfordelinga, og enda på sjette- og sjuendeplass.
Landslagssjef Stig Kristiansen er glad for at taktikken lukkast denne gongen.
– Vi hadde eit kjempegodt møte dagen før løpet, og det er betryggande å sjå at tinga vi tre snakka om, blei fulgt. Det gjev økt tryggheit, seier Kristiansen til NTB.
Sykkel-VM i Bergen startar 16. september.