Alexander Kristoff var først over mål, men Italia protesterte på det dei meinte var ureglementert køyring overfor Elia Viviani, som blei slått med nokre få millimeter.
Men det tok ikkje mange minutt før juryen hadde bestemt seg, og Kristoff var europameister.
– Meiner eg ikkje gjorde noko gale
Kristoff sjølv var usikker på kvifor Italia protesterte.
– Eg veit ikkje kva for manøver eg gjorde, eg meiner eg spurta rett fram. Han (Vivani) meiner eg skal svinge til sida for å sleppe han fram. Eg meiner han må rundt på utsida. Eg meiner eg ikkje gjorde noko gale, men det meiner han, så det blir ord mot ord, seier Kristoff.
– Eg kjenner ikkje til om det blei protest, men han var iallfall sur då vi passerte målstreken.
Viviani sjølv har akseptert at protesten er avvist.
– Vi såg det saman med juryen, og dei seier at alt var regulært, så vi tapte, slår italienaren fast.
Edvald Boasson Hagen stakk 1500 meter før mål, og det såg ut som om han skulle sikre gullet.
Men han stivna på slutten og blei køyrt inn 150 meter før mål. Dermed blei det massespurt, og Alexander Kristoff var millimeter framfor italienaren over mål. Hagen fall heilt ned til 44.-plass.
– Trur eg var først
– Det var close. Eg må vite at eg vann, men eg trur eg var først, sa Kristoff til NRK rett etter målgang.
– Kor sterk er spurten din no?
– Den er betre no. Eg trur eg var litt tidleg i motvinden, men eg visste at eg mått gamble.
Då visste han framleis ikkje om det blei gull eller sølv. Det var så tett at han måtte vente i fleire minutt før det var klart kven som vann.
– Eg var i god posisjon. Vi hadde Edvald der framme, og vi andre kunne konsentrere oss om spurten. det var eigentleg ein perfekt taktikk. Og Edvald heldt nesten heilt inn.
Dette er ein siger Kristoff set pris på.
– Det er ein stor siger og ei kul trøye å køyre i. Det blir kult å kome til eit nytt lag med denne på skuldrane, seier Kristoff, som neste år skal køyre for Team UAE.
Skryter av lagarbeidet
– Planen var at Edvald skulle gå rett i angrep, som han gjorde. Han er ein klasseryttar, veldig sterk, og det viste han igjen i dag, seier Kristoff om landslagskameraten.
– Kor mykje sjølvtillit gjev dette før VM?
– Dette gir sjølvtillit, men VM er eit heilt anna løp. Eg og Edvald må samarbeide slik vi gjorde i dag, og det trur eg vi skal gjere i VM også.
Kristoff gir heile laget skryt.
– Laget køyrde veldig bra, og det lovar godt for VM i Bergen. Dette var ei god generalprøve, seier Kristoff.
Innspurten blei dramatisk også fordi det var eit fall nokre hundre meter før mål.
Tidlegare i rittet punkterte Edvald Boasson Hagen. Det kosta han både tid og krefter, men ved hjelp av lagkameratane Truls Korsæth og Sven Erik Bystrøm makta han å køyre inn hovudfeltet.
Sjå intervjuet med europameister Alexander Kristoff her: