Idrettsstyret melde i går nesten heile det det tidlegare idrettsstyret til NIFs domsutval på bakgrunn av underskotet i fjor. Berre Svein Erik Stiansen og Hilde Oftedal slapp å bli melde.
- Dette er den verste saka eg har sett i norsk idrett, seier idrettsadvokat Gunnar Martin Kjenner til NRK.
Han seier at med det underskotet og den rapporten som vart laga etter det store underskotet i fjor, ville det vore heilt uansvarleg å ikkje melde dei ansvarlege til domsutvalet.
Styret og generalsekretæren måtte gå etter å ha lagt fram eit rekneskap med eit udnerskot på 35,9 mill kroner i januar i fjor. Dette talet har seinare stige til 65 mill.
- Straffa for dei som er melde, bør nok vere nyansert. Det største ansvaret må Kran og Egeberg ta, og dei bør straffast med utestenging frå all idrett, kanskje på livstid. Kanskej bør dei i tillegg få bøter, seier Kjenner.
Verken Kran eller Egeberg vil kommentere saka.