– Det er ein veldig spesiell situasjon. Det er ekstremt varmt her. I går var det vel 38 grader, seier landslagstrenar Håvard Haga til NRK.
Det internasjonale orienteringsforbundet kunne fredag opplyse at fleire øvingar ikkje blir noko av under junior-VM i Portugal i år. Grunnen er hetebølgja og dei mange skogbrannane som for tida rammar Portugal.
Brannane gjer at fleire øvingar som går i skogen no har vorte avlyst.
– Det var eit skikkeleg sjokk for alle dei som hadde førebudd seg til dei skogdistansane som er her. Men eg synest dei har teke det veldig bra og heller hatt fokus på dei distansane som går, seier juniorlandslagstrenaren.
SKOGBRANN: Meir enn 3000 brannfolk og over 60 sløkkjefly kjempar mot fleire skogbrannar i Portugal. Her frå Alvaiazere.
Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFPFann alternativ
Portugisiske styresmakter innførte førre veke eit totalt forbod mot tilgang til skogane grunna den «ekstreme faren» for skogbrannar. Forbodet starta fredag 8. juli, og varer førebels fram til fredag 15. juli.
– Det påverkar jo sjølvsagt junior-VM som vi er her for, seier Haga.
Han legg til at det internasjonale forbundet har jobba på spreng for å finne alternative distansar.
– Arrangørane har kasta seg rundt og vil arrangere éin ekstra distanse som får junior-VM-status.
No er planen at det skal vere to sprintøvingar under junior-VM i år, som begge finn stad i portugisiske gater – langt unna skog og potensiell fare. Skogsløpa skulle i utgangspunktet starte 12. juli i området rundt Aquar de Beira i nordaustre delen av Portugal.
– Det er sjølvsagt kjipt, men utøvarane tek det overraskande bra og har alt fokus på det som skal gjennomførast, seier landslagstrenaren.
LAG: Noreg deltek med sju kvinner og seks menn under junior-VM i orientering.
Foto: Norges Orienteringsforbund– Dårleg stemning
Ifølgje styresmaktene i Portugal har tolv brannfolk og 17 sivile hatt behov for medisinsk hjelp etter å ha vorte skadde av brannane. I 2017 mista 64 personar livet i Portugal som følgje av skogbrannar.
Haga seier at dei såg delar av ein skogbrann undervegs i ei treningsøkt. Dei har også lukta røyk fleire stader.
SÅG RØYK: Landslaget vart vitne til ein av skogbrannane i Portugal.
Foto: Norges OrienteringsforbundSjølv om situasjonen er uviss, kjenner ikkje Haga på noko frykt.
– Nei, det går bra. Det er ingen av utøvarane som har kjent på det. Det verkar som at portugisiske styresmakter har grei kontroll på det. I 2017 var det mange som døydde, så dei har verkeleg hatt fokus på skogbrannfare i det siste. No verkar det skikkeleg, seier han.
MEDALJEJUBEL: Tobias Alstad og Mikkel Holt sprang inn til andreplass og delt tredjeplass på sprinten under junior-VM i orientering i Portugal.
Foto: Norges Orienteringsforbund / NTBOrienteringssprinten måndag gjekk som planlagd. Der tok Tobias Alstad sølv, medan Mikkel Holt sikra bronsen. Alstad er stornøgd med medalje, men innrømmer at meisterskapen så langt har vore spesiell.
– Det var veldig spesielt når den beskjeden kom. Eg har sett veldig fram til skogsløpa, så det er kjipt. Det var ganske tungt og dårleg stemning då vi fekk beskjeden fredag. Vi måtte berre riste det av oss og fokusere, seier sølvvinnaren til NRK.
I klassen for kvinner vart Pia Young Vik nummer fire. Ho var 23 sekund unna den finske gullvinnaren Elisa Mattila og fire sekund unna ein pallplass. Neste sprintøving er førstkommande onsdag.