Hopp til innhold

Tek drastisk grep for å redde sesongstarten – no slår ekspert alarm

Skiskyttarforbundet køyrer opptil 100 lastebillass for å arrangere sesongopninga på Sjusjøen til helga. Det får fleire til å reagere. NRKs ekspert meiner sesongstarten må flyttast neste gong.

Løyper Natrudstilen

LASTAR SNØ: Før sesongstarten i skiskyting må det fraktast mykje snø.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Eg meiner det er på høg tid å vurdere ein seinare sesongstart, når vi ser år etter år dei forholda som er no, seier NRKs nye skiskyttarekspert Harri Luchsinger.

Når skiskyttarane opnar sesongen på Natrudstilen kommande helg, er det ikkje mykje som minner om vinter på skiskyttaranlegget.

1. november sende Skiskyttarforbundet ut ei pressemelding om at sesongstarten var flytta dei vel 18 kilometrane frå Natrudstilen til Birkebeineren Skistadion – der snølagera frå i fjor var større.

Men søndag kom kontrabeskjeden: Natrudstilen skal likevel arrangere sesongstarten.

Løysinga var å frakte 2000 kubikkmeter med snø frå Birkebeineren Skistadion til Natrudstilen, som saman med Sjusjøens snølager vil gi nok kunstsnø til ein 1,5 km lang løype.

  • Frakter snø
  • Løyper Natrudstilen
  • Standplass Natrudstilen

– Det seier altfor mykje om dei kreftene vintersporten kjempar mot om dagen. Dessverre er det litt i overkant desperat å gjennomføre ei nasjonal sesongopning på dei premissane, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.

Han meiner skiskyttarforbundet tenkjer litt vel kortsiktig.

– Det er eit gigantisk klimaproblem som er det største problemet for alle vintersportar. Her kjempar ein ikkje mot dei endringane, ein bidreg til dei. Det er eit veldig feil signal å sende for både skiskyttarane og NRK som gjerne vil dele dette med sjåarane sine.

Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt. Foto: ALEM ZEBIC / NRK

STUSSAR: Jan Petter Saltvedt meiner skiskyttarforbundet sender feil signal med å ha sesongopninga i så mildt vêr.

Foto: ALEM ZEBIC / NRK

– Held over helga

Normalt ville snølagera på Natrudstilen romma rundt 30.000 kubikkmeter med snø, men tørke sette ein effektiv stoppar for snøproduksjonen i fjor.

Akkurat no er det framleis for mildt til å produsere kunstsnø. Og vêrmeldingane byr ikkje på teikn til betring.

– Det var ikkje noko vatn i dei lokale kjeldene i vinter, så vi fekk ikkje produsert noko. Vi gjekk inn i sommaren med eit minimumslager, seier Mathias Neraasen, dagleg leiar i Ringsaker Almenning som arrangerer opningsrennet på Sjusjøen.

Han fortel til NRK at dei har komme i mål med ei løysing som er best mogleg med tanke på føresetnadene.

– Vi kan tilby pluss/minus éin kilometer med løype, med seks meters breidd i motbakkane og fire meter nedover, som er 30 centimeter tjukk. Då held det over helga, seier Neraasen.

Les også Snur etter kritikk om helseattest: Denne telefonsamtalen ble avgjørende

Clas Brede Bråthen og Jan Petter Saltvedt.

– Ironisk

For utøvarar, publikum og TV-sjåarane vil snømangelen bli tydeleg. Miljøorganisasjonen Zero meiner bileta frå skiskyttaropninga vil vere ein varsku for framtida.

– Dette er noko idrettslag og idrettsarrangement kjem til å oppleve ofte i tida framover, og det viser at klimakrisa er i høgaste grad til stades i Noreg òg. Det blir mindre snø og det blir mildare, seier dagleg leiar i organisasjonen, Sigrun Gjerløw Aasland.

Sigrun Gjerløw Aasland

ÅTVARAR: Sigrun Gjerløw Aasland trur vinteridretten kjem til å oppleve mildt vêr oftare og oftare framover.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Zero

Derfor tek no Luchsinger, som tidlegare var utviklingssjef i skiskyttarforbundet, til orde for ein seinare sesongstart.

– Ein seinare sesongstart, med litt kaldare snø, kan produsere snøen som trengst. Det er litt ironisk at statsleiarar frå heile verda sit i Egypt og diskuterer miljøtiltak, og så bruker skiidretten mykje tid, energi og ressursar på å produsere ein snø som mest sannsynleg renn ut i skogen igjen, seier Luchsinger.

Han meiner skisesongen bør flyttast.

– Det er fleire fordelar med å starte seint, for då kan ein utvide sesongen på slutten av året. Vi sluttar gjerne tidleg i mars, men vi kan ha gode renn frå mars og ut til påske. Det er fantastiske bilete når mange destinasjonar har snø mot påske, argumenterer NRK-eksperten.

Harri Luchsinger

REAGERER: NRKs nye skiskyttarekspert Harri Luchsinger meiner sesongstarten må flyttast.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kollega Saltvedt meiner Skiskyttarforbundet må ta ei vurdering på om kostnadene blir for store, og om sesongopning på Sjusjøen i midten av november er berekraftig.

– Ein har openbert ressursar til å gjennomføre denne eine gongen, men er det rette signalet å sende? Eg trur dessverre ikkje det. Eg trur det hadde vore eit rettare signal gjennomføre på Lillehammer, eller avlyse, som veldig mange arrangørar må gjere i desse tider, avsluttar Saltvedt.

NRK har prøvd å nå generalsekretær Morten Djupvik i Noregs skiskyttarforbund, men han hadde ikkje høve til å kommentere saka.

Siste nytt

  • Gjert Ingebrigtsen-elev slo Jakob Ingebrigtsen-rekord

    José Carlos Pinto slo rekorden til Jakob Ingebrigtsen med ett sekund i gateløpet Hytteplanmila lørdag.

    Portugiseren, som trenes av Gjert Ingebrigtsen, vant det ti kilometer lange løpet på Ringerike med tiden 27.53. Jakob Ingebrigtsens rekord fra 2019 var 27.54.

    Treningskamerat Narve Gilje Nordås har vunnet de siste fire utgavene av Hytteplanmila - men måtte se seg slått av Pinto. Nordås ble nummer to, 33 sekunder bak portugiseren.

    en person som løper i et løp
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Tenniskomet får kjempesjanse – møter stjerner i Wien

    Tennistalentet Nicolai Budkov Kjær (19) går rett inn i hovedrunden i ATP500-turneringen i Wien i Østerrike.

    Det får NTB opplyst av Kjærs far Alexander.

    Kjær skulle egentlig spilt i kvalifiseringen til turneringen, men har fått wildcardet som den italienske stjernen Matteo Berrettini i utgangspunktet hadde.

    (NTB)

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB
  • Viking-kaptein Zlatko Tripic reiste ikke med troppen til Tromsø – venter barn

    Serieleder Viking kan se ut til å måtte klare seg uten Zlatko Tripic i den viktige kampen mot Tromsø, melder Stavanger Aftenblad.

    32 år gamle Tripic var nemlig ikke til stede da laget møttes lørdag formiddag og startet på reisen mot Tromsø, opplyser Viking-trener Morten Jensen til Aftenbladet.

    Avisen skriver at konas termin er i neste uke.

    – Vi er jo obs på at den kampen kommer når den gjør. Men vi får ta en vurdering når det nærmer seg, jeg tenker ikke på det akkurat nå. Fødsel har førsteprioritet. Så får vi se hvilke alternativer og muligheter som finnes hvis det skulle skje tett på hverandre, sa Tripic til Aftenbladet sist uke.

    Tripic og kona Anette Hovland har fra før sønnen Luka (2).

    Kampstart mot Tromsø er søndag klokken 14.30.

    (NTB)

    Tripic
    Foto: Fredrik Hagen

Sendeplan

Kl. Program Kanal