Kombinert-krise: – Det er ein psykisk smell

Ein frustrert Magnus Moan føler at kombinert blir nedprioritert. For verdscup-leiar Magnus Krog går konkurransetørka nærast på helsa laus.

Moan

SJELDENT SYN: Kombinertløpar Magnus Moan på snø.

Foto: Kerstin Joensson / Ap

– Det er ein psykisk smell når du får vite at også neste renn er avlyst, seier verdscup-leiar Magnus Krog.

Norges kombinert-ess trener nær 1000 timar i året, men blir hindra av snømangel når sesongen er i gang.

Tre av fem verdscuphelger i kombinert er avlyst grunna dårleg vinter, og kombinertgutta har ikkje fått konkurrere på nær ein månad.

No står også kommande verdscuphelg i Chaux-Neuve i fare for å bli avlyst.

Vil ha samarbeid: – Langrennsinteressa stuper, men kombinert er populært

Lagkamerat Magnus Moan, som vann eitt av få kombinertrenn tidlegare i sesongen, føler at sporten blir nedprioritert.

– Når renn blir avlyst får vi ikkje reservearenaer. Dette hadde ikkje skjedd i hopp, langrenn eller skiskyting, seier Moan.

– Kvifor kombinert innfinne seg med stadige avlysingar?, spør Moan.

OL-gullvinnaren frå 2014 vil no ha langrennssporten med på eit redningsprosjekt.

Han meiner FIS kan bremse den dramatisk synkande langrennsinteressa ved å arrangere fleire kombinert- og langrennskonkurransar på same arena.

– TV-tala for langrenn i Europa er i fritt fall, men kombinert-tala er ekstremt gode.

– Når ein også ser at det tyske kombinertlandslaget i fjor vann prisen for «Årets lag» framfor det tyske fotballandslaget meiner eg at samarbeidet med langrenn må bli mykje sterkare, seier Moan.

– Arrangerer vi på same plass får langrenn auka TV-tala og kombinert får garantert snø i løypa. Langrennssirkuset er no i Obersdorf. Der kunne også vi ha gått renn, legg Moan til.

Austria Nordic Combined World Cup

SISTE RENN: Kombinert-sirkuset på ei tynn stripe med snø i Ramsau 19. desember i fjor.

Foto: Kerstin Joensson / Ap

– Katastrofe ved ny avlysing

Renndirektør for kombinert i Det internasjonale skiforbundet, Lasse Ottesen, meiner det først og fremst må stillast hardare krav til kombinert-arrangørane.

– Vi må kreve snøgaranti av framtidige arrangørar for å sleppe same situasjon igjen, seier ein bekymra Ottesen.

– Det er katastrofe for kombinert om vi går glipp av nok ei verdscuphelg.

Svaret får dei om halvanna veke. Då kan ein av totalt tre konkurransemånader ha smelta vekk.

Inntektstørke

Magnus Krog

FRUSTRERT: Verdscup-leiar Magnus Krog.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Verdscupleiar Magnus Krog blør også økonomisk når han ikkje får konkurrert.

– Ein føler seg seg arbeidsledig, men eg trur ikkje det er så ille at nokon i kombinerteliten må gå på NAV, seier Krog, som er spent på formen etter ufrivilleg konkurransefri.

Landslagstrenar Bjørn Kåre Ingebrigtsen meiner FIS bør vere kjappe med å opne lommeboka dersom det ligg an til ny kombinert-katastrofe.

– Det er mogleg om ein verkeleg ønskar å få det til, men då må FIS bruke meir pengar for å få avvikla renn. Denne vinteren er ikkje enkel, men det er klart at vi må ha renn snart, seier Ingebrigtsen til NRK.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal