– Det er fantastisk. Vi viser klasse og gjer jobben frå dag ein. No gler eg meg berre til OL skal starte. Det er det største ein kan oppleve i den norske drakta. OL kan ikkje komme fort nok, seier ein jublande glad Sander Sagosen til MAX etter kampen.
Magnus Abelvik Rød er rørt. Han måtte stå over VM grunna handskade, men var med denne gongen.
– Det er ein gutedraum som går i oppfylling, seier han.
Noreg scora 44 mål mot Sør-Korea sine 31, og tok dermed tre av tre sigrar i kvalifiseringsrunden i Montenegro.
– Det er alle sin draum å reise til OL. Det har vore lenge i mine tankar og no er vi endeleg der. Det skal bli ein vanvitig interessant sommar, seier landslagstrenar Christian Berge.
Skal gjere alt for å kome med
Bjarte Myrhol blei kåra til kampens beste spelar, og han var tydeleg rørt av at han no, etter alle solemerke, får oppleve eit OL i karrieren.
Han har slite lenge med ei skulder, og har frå før varsla at dette fort kan vere sitt siste meisterskap.
– Det er først eit laguttak. Eg må vere så ærleg å seie at med alle dei plagene eg har hatt, så tek eg ingenting for gitt. Det er mykje jobb som skal gjerast før eg i det heile tatt kjem meg dit, seier Myrhol på pressekonferanse etter kampen.
Han gler seg, men påpeiker at han aldri set seg målsetjingar. Difor vil han ikkje svare på om Noreg går for gull. Målet er alltid å vinne kvar einaste kamp. Og no er neste mål å komme seg til OL.
– Eg må først kome meg inn i troppen. Det er mange strekspelarar som vil vere med, men eg kjem til å gjere alt eg kan for å behalde den plassen, seier Myrhol.
Og om dette faktisk blir hans siste meisterskap, svarer han dette:
– Det står att å sjå. Det er ikkje umogleg. Det er nokre ting som skal vurderast, så får vi sjå.
Geir Oustorp, Discovery sin ekspert, er sikker på at han vil bli tatt ut.
– I dag var han verkeleg god. Vi skal ikkje gløyme at Bjarte Myrhol nyt stor respekt i handballverda. Skuldra blir berre betre og betre, og eg er sikker at i eit OL vil han vere i godt, gammalt slag, seier Oustorp og fortset:
– Betydinga av Bjarte Myrhol når han er frisk, gjer at han må med, seier Oustorp.
Store utfordringar
Kven som blir tatt ut, er nemleg eit spørsmål. Troppen er stor og ekspertane trur landslagstrenar Christian Berge har ein vanskeleg jobb føre seg.
– Berge må ta eit val om korleis han ynskjer å komponere sjølve laget. Han har ein jobb å gjere, og må nok velje vekk nokre veldig gode spelarar. Eg er usikker på om han vil ta ut fire kantspelarar, seier Oustorp.
Håvard Tvedten, som sjølv aldri har opplevd å spele eit OL, rettar peikepinnen mot ein anna utfordring. Nemleg tidspunkt. Han er spent på korleis utøvarane vil takle å spele eit meisterskap på det tidspunktet.
OL i Tokyo startar 23. juli og endar 8. august.
I sommarmånadane har handballspelarane ofte fri, og er ikkje vande med å konkurrere så tidleg i sesongen.
Difor må oppkøyringsperioden starte tidlegare enn normalt.
– OL er ein spesiell turnering, og det blir ei utfordring. Dei blir nøydd til å halde forma i gong. Kven er gode til å halde forma i august? Det er på eit tidspunkt ein ikkje er vant til å vere i form, seier Håvard Tveten til NRK.
Slik blir puljane
Handballjentene har vore til stade i ni av dei ti siste olympiske leikane, medan herrane ikkje har delteke sidan 1972. Då var det tyske München som arrangerte sommarleikane, og det er det einaste OL-arrangementet som handballherrane har delteke i.
OL i Tokyo spelast med to grupper med seks deltakarar.
Med seier mot Sør-Korea tek Noreg førsteplassen, og går dermed inn i puljen mot Japan, Bahrain, Egypt og to lag til som enno ikkje er klare.
– Det er ei finare pulje, seier Oustorp.
Regjerande verdsmeister Danmark, Spania, som er tittelforsvarar i EM, Argentina og Brasil dannar den andre gruppa. Her kjem ytterlegare to lag til.
Dei fire beste i kvar pulje går vidare til kvartfinale.