– Det veit eg ikkje, det har eg ikkje teljinga på.
Slik svarer Katrine Lunde på spørsmålet om kor mange semifinalar ho har spela med flagget på brystet. Og det er kanskje ikkje så rart.
15 er talet for spelaren som debuterte på landslaget tilbake i 2002.
– Eg er veldig stolt over det vi har prestert saman, seier målvakta, som har teke medalje i alle meisterskapa der ho har vore med Noreg til semifinalen.
Indre motivasjon
Landslagskarrieren til Lunde har for lengst blitt myndig, med sine dryge 19 år. Og når vi treff målvaktstrenaren på landslaget, Mats Olsson, dagen før møtet med Spania er det ikkje Lundes evne til å stoppe ballar som imponerer han mest.
– Ho er laga av ein indre driv. Det vanskelege er ikkje å stå i mål, det er alle timane som skal leggast ned frå no og til i morgon kveld. Då er det ein uhøyrt jobb mentalt, byrjar han, før han ramsar opp alt Lunde skal gjennom dagen før kamp.
– Først skal vi gå gjennom debrief av kampen i går, sjå kva vi kan gjere betre, så skal vi jobbe med Spania i ein times tid. På rommet i kveld skal ho bearbeide det ho har fått av informasjon. I morgon skal vi på trening, og så skal ho bygge opp ein indre kampmodus. Å orke å gjere det er det som er mest imponerande, seier han.
Og det er heller ikkje utan motgang ho har teke seg til toppen. I 2019 pådrog ho seg ein stygg kneskade, men den då 39 år gamle målvakta kjempa seg tilbake.
– Ho gjer ikkje desse tinga for å vise for andre, men for å vise seg sjølv, seier Olsson.
Takkar trenaren
Ein blir ikkje spelaren i Noreg med flest landskampar, samt 16 semifinalar i store meisterskap, utan eit støtteapparat rundt seg. 41-åringen peikar på trenarteamet for kvifor ho framleis held det gåande.
– Den viktigaste grunnen til at eg framleis er på landslaget er at eg veit at trenarteamet heile tida har eit ønskje om å utvikle seg sjølv og laget, fortel ho, før ho nemner særskilt nettopp Olsson, som har vore med landslaget i 16 år.
– Ville du vore her i dag utan han?
– Eg trur eigentleg ikkje det. Eg har vore veldig heldig som har han og at han har vore med på landslaget. Det har betydd veldig mykje, svarer Lunde.
Slike ord gleder trenaren.
– For meg er det litt liknande, utan dei målvaktene som er her, og Katrine, så hadde kanskje ikkje eg vore her lenger, seier han.
– I handballverda er Katrine ein som stikk seg ut som et unikum, seier han.
Snart slutt
Men sjølv unikum som Katrine Lunde kan ikkje halde på for alltid. No hintar ho om at det går mot slutten på karrieren.
– Eg kjenner at det går mot slutten, så det blir ikkje veldig mykje meir. Kanskje eitt eller to meisterskap til, vi får sjå, seier Lunde.
Snart er det tid for å prioritere andre ting enn berre handballen.
– Eg er ikkje heilt mett enno, men no tek det såpass mykje tid med familien, at det er andre ting ein må prioritere etter kvart, seier ho.
- Katrine Lunde og handballkvinnene kjempar fredag om ein finaleplass i handball-VM. Kampen mot vertsnasjon Spania kan du høyre på NRK Sport 20.30.