Hopp til innhold

Avslører drama før VM-finalen: – Nora burde vore ærlegare med meg

Landslagstrenar Thorir Hergeirsson meiner Nora Mørk ikkje var ærleg med han om skadesituasjonen under VM. Det kan ha medverka til at Noreg måtte dra heim med sølv.

Håndball-VM kvinner Norge 2023: Pressetreff

SKADA: Nora Mørk sin skade var langt meir akutt enn ho ville innrømme under VM-finalen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Nora burde vore ærlegare med meg og eg burde latt ho stå over fleire kampar i starten, då kunne ho sannsynlegvis vore piggare i finalehelga, seier islendingen til NRK.

Alle spådde Noreg som gullfavoritt før VM i desember i fjor. Men det enda med 31–28 tap i finalen mot Frankrike i danske Herning.

Medan dei franske jentene kunne juble, trilla tårene hjå knuste norske handballjenter.

EHF EURO Cup: Norge - Østerrike (43-22)

ÆRLEG: Landslagstrenar Thorir Hergeirsson meiner Nora Mørk burde vore meir ærleg mot han.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Nora Mørk, den største stjerna på landslaget, var ein skygge av seg sjølv i finalen og stod for mange av dei tekniske feila i kampen.

No vedgår ho at skaden var langt verre enn kva ho gav uttrykk for både til trenaren og publikum.

– Den var litt meir omfattande på den måten at den var meir akutt, men no er jo det vekke. Men så akutt at var veldig vondt i dei 48 timane vi var i Herning, fortel Mørk i eit intervju med NRK.

Lovar vere meir ærleg

Det vakte stor oppsikt, då Mørk vart vraka i opningskampen mot Grønland under VM i slutten av november.

– Ho er i toppslag og i god form, sa Hergeirsson på pressemøtet den gong og forklarte det heile med at det var eit langt meisterskap og at det difor var viktig å spare stjernespelaren.

Håndball-VM kvinner 2023: Finale, Frankrike - Norge (31-28)

SKUFFA: Nora Mørk og Stine Bredal Oftedal trøystar kvarandre etter å ha tapt VM-finalen mot Frankrike.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sanninga var at Esbjerg-proffen sleit med ein skade i leggen. Ho fekk lite speletid i grunnspelet, noko som 32-åringen ikkje la skjul på at irriterte ho.

I hovudrunden var Mørk med for fullt.

I eit intervju med «Kommentatorbua» på TV 2 fortel ho at ho i praksis berre hadde ein fot inn mot finalespelet og at det gav ho store avgrensingar.

Håpet var at skaden skulle spakne undervegs, men i staden skjedde det stikk motsette.

Då håndballjentene nyleg var samla i Halden til første landslagssamling etter VM-finalen i desember, var ærlegdommen eit tema mellom ho og landslagstrenaren.

– Det har vi snakka om, og det har også eg sagt, at det burde eg vore og det var eg ikkje. Eg har jo innrømma det. Så vi er einige om at eg skal vere meir ærleg i tida som kjem, forklarar Mørk når NRK møter ho etter kampslutt.

Medverkande årsak til tap

Esbjerg-spelaren med 875 mål med flagget på brystet var ikkje den einaste som halta i VM-finalen. Både Henny Reistad og Stine Skogrand sleit med sjukdom finalehelga.

Håndball-VM kvinner Norge 2023: Nederland - Norge (23-30)

ANSVAR: Hergeirsson forventar at spelarane fortel sanninga om det er ting som luggar i framtida.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sjølv om korkje landslagssjefen eller spelarane vil bruke det som ei unnskyldning for at laget tapte VM-finalen, så seier Hergeirsson at det kan ha vore ei medverkande årsak.

– Det er alltid sånn at skadar pregar laget, men vi har også eit punkt som heiter at vi må gjere alt vi kan for å stille friskast mogeleg når landslaget samlast. Det er eit ansvar spelarane har, i forhold til å ta tak i ting som eventuelt luggar og vere opne på det.

Han legg til at dei som trenarar også har eit ansvar;

– Vi trenarar må vere nøye på å bremse aktiviteten om vi ser det trengst i større grad enn kva vi gjorde i VM.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal