– Det er sjølvsagt for dårleg. Det er ingen tvil om det, seier Klæbo til NRK.
Verdas beste mannlege sprintar snakkar om sprintresultata til det norske elitelandslaget for kvinner.
Laget består av ti løparar. Da den siste verdscupsprinten i sesongen var ferdig i Falun fredag ettermiddag, var det med følgande fasit:
I løpet av vinteren kom Tiril Udnes Weng, Lotta Udnes Weng og Mathilde Myhrvold seg til éin sprintfinale kvar. Alle tre enda sist i kvar si finale.
Utover dette, var ikkje det norske elitelaget representert i finalar.
– Skistad har levert som berre det, ho er norsk og det skal vi vere glade for. Og så tippar eg den gjengen som er på lag nå er motivert og må legge ned ein god innsats for det som skal skje i VM i 2025, seier Klæbo.
– Ikkje det vi ønsker
Kristine Stavås Skistad enda med ein fjerdeplass som dårlegaste resultat. I elleve av tolv renn var ho på sigerspallen. Fem gonger stod ho øvst, blant anna i avslutningsrennet i Falun.
Men Skistad er altså ikkje ein del av landslaget.
– Både Tiril, Lotta og Mathilde var på pallen i fjor, men dei har ikkje klart det i år, konstaterer kvinnelandslagstrenar Stig Rune Kveen.
– Kva er din dom over resultata?
– Det er ikkje det vi ønsker, så da må vi evaluere godt og ta nye grep. Vi må brette opp ermane og gjere ein solid innsats for å komme tilbake dit med fleire enn Kristine neste år, erkjenner Kveen.
Dei tre løparane han nemner har bevisst prioritert å utvikle ferdigheitene sine på distanse dei siste sesongane. Kveen ser ikkje bort frå at det har kosta meir i sprint enn det har betala seg på distanse.
Vil ha Skistad på laget
Kveen utelukkar derfor ikkje at prosessen må reverserast.
– Det er i alle fall ting vi kjem til å evaluere. Vi ser at nokre av sprintarane våre har tatt steg kapasitetsmessig, og så må vi vurdere om vi må ha litt meir fart og «punch» på treninga deira framover mot VM i Trondheim, seier han.
Noko Kveen er heilt tydeleg på, er at han ønsker å ha Kristine Stavås Skistad med på landslaget.
– Vi har mykje nytte av spisskompetansen hennar. Dialogen har starta, så håpar vi at ho blir med oss neste år, seier han.
Skistad har likevel ingen løfte å komme med til landslagssjefen. Men i motsetning til Klæbo, vil ho ikkje kritisere innsatsen til landslaget.
– Nei, vi får håpe og tru dei får snudd det til neste år, så trur eg det blir bra. Eg har trua på at dei kjem tilbake, seier ho, og legg til:
– Eg tenkar er det ein sesong ein kan gå dårleg, så er det denne her.
– For mykje stong ut
Julie Myhre blei best av landslagskvinnene i Falun med ein niandeplass. Ho starta sesongen med ein skulderskade, men har hatt stigning mot slutten.
– Eg trur vi må bruke kvarandre, for vi har mykje kompetanse som vi må dele slik at fleire av oss kan hevde oss, alle saman. Det er litt marginalt i sprint da, men det er kanskje for mykje stong ut, det må eg seie, seier ho til NRK om sesongen i år.
– Går det utover den kollektive sjølvtilliten?
– I fjor var det jo ellevilt med den oppturen vi hadde. Men eg synest vi har det bra når vi er på tur, og vi koser oss. Og sjølvsagt er ikkje resultata like bra som vi skulle ønskt, men eg synest ikkje det pregar oss så mykje, seier Myhre.
Klæbo meiner, akkurat som landslagstrenar Kveen, at å få Skistad på landslaget kan bidra til eit kollektivt løft.
– Ja, definitivt. Dei hadde blitt betre av å gå i rygg på henne, seier han.
– Men dei hadde jo slite med å gå i rygg på henne. Ho går jo så fort, seier Johannes Høsflot Klæbo.