– Det meste skjer på gutterommet nede i kjellaren. Det er der det skal klekkast, smiler Johannes Høsflot Klæbo til NRK.
Du såg det under VM i februar. Klæbo løp bakkane i Lathi, og det såg ikkje ut som han hadde ski på beina.
Men han drog ifrå konkurrentane kvar einaste gang.
RYKKET: Sjekk rykket som har gjort at konkurrenter virkelig har fått øynene opp for Johannes Høsflot Klæbo (20).
Har spelt fotball
Men til vinteren lovar vinnaren av sprintcupen å finne på noko nytt.
– Løping opp bakkane, det var fjoråret, seier Høsflot Kæbo.
– Kva legg du i det?
– No har eg funne ein stil som eg føler meg komfortabel med. Men det er fem andre stil- og delteknikkar som eg kan forbetre. Det handlar om å vere smart, seier trønderen.
– Har du sett deg ut ein delteknikk?
– Vi er berre i april. Og sesongen er akkurat ferdig. Eg har ikkje peika ut noko spesielt. Eg har stort sett berre spelt fotball den siste tida, avslører norges nye langrennshåp, men legg til:
– Eg må komme meg på rulleski før eg får tenkt på det. Men det handlar om å ta nye steg i alle delteknikkar. Det kjem til å vere fokuset til vinteren også, seier han.
Utvikle saman med morfar
Tysdag blei han presentert som mentor for junior- og rekruttlandslaget til Norges skiforbund.
Høsflot Klæbos lidenskapeleg ønske om å vere i front gav han ein VM-bronse. I tillegg blei han tidenes yngste vinnar av sprintverdenscupen.
Den spesielle løpeteknikken utvikla trønderen saman med morfar Kåre Klæbo.
– Morfar og eg kan sitje og diskutere ting. Og plutseleg får vi en idé. Då er det berre å komme seg ut på ski og prøve, har Klæbo tidlegare sagt til NRK.
– Han (Klæbo) får hele kroppstyngden over trykkpunktet på skia og det gjør at han kan starte frasparket direkte, forklarer NRK-ekspert Fredrik Aukland.
– Blir utbrent i september
Sportssjef Vidar Løfshus meiner sprinten i OL neste år bør vere sesongens store mål for trønderen.
– Eg trur han har eit veldig stort potensiale både i sprint og i distanse-renn.
– Men på kort sikt passar sprinten i Pyeongchang han bra. Men dersom han held fram kvantespranget i vinter er han fort aktuell på andre distansar også, seier sportssjef Vidar Løfshus til NRK.
Høsflot Klæbo har så langt ikkje via neste års OL-sprint ein tanke.
– Det er for tidlig for meg å tenkje på OL. Då er eg utbrent i september. Den OL-løypa kjem eg sikkert til å visualisere ein del gongar, men eg må drøye litt med det, seier han.
Onsdag tar Norges Skiforbund ut neste sesongs landslag. Spørsmålet er om Høsflot Klæbo blir tatt ut på allround- eller sprintlandslaget.
– Eg føler eg har gått fort, både på distanse og i sprint. Men det er nok i sprint eg har gått fortast, seier Johannes Høsflot Klæbo.