Kjøpte seg fri for 626 millionar

Den rike formel 1-sjefen Bernie Ecclestone har brukt millionbeløp for å kjøpe seg fri frå rettssaka om korrupsjon. Det skaper sterke reaksjonar.

Bernie Ecclestone

Bernie Ecclestone må betale 626 millionar kroner, men er ein fri mann. Og han er populær - her skriv han autografar på veg ut frå retssalen

Foto: SVEN HOPPE / Afp

Retten i Tyskland godtok i dag ei løysing der Ecclestone betaler 100 millionar dollar – 626 millionar kroner etter dagens kurs - for å sleppe rettssaka.

Dermed kan 83-åringen gå ut av rettssalen utan å vere verken dømd eller frikjend. Mykje tyder på at 83-åringen framleis kan vere den sterke mannen i formel 1-sirkuset.

Regelen i tysk rett gir opning for ei slik løysing dersom alle partar – forsvaret, aktoratet og dommarane – er samde om det.

– Dette er ein regel vi ikkje kan godta, seier den tidlegare justisministeren Sabine Leuthüsser-Schnarrenberger, som kallar regelen for «latterleg». – Det er ikkje i samsvar med vanlege folks oppfatning av rettspraksis, seier ho.

Den tidlegare justisministeren vil ta saka opp med dei regjering og nasjonalforsamling for å få fjerna denne regelen.

Tøffe avisreaksjonar

Avisene er mykje tøffare i fordømminga av regelen, som dei meiner favoriserer dei rike – dei som har råd å betale.

– Det blir sagt at pengar ikkje luktar. Det stemmer ikkje. Desse millionane stinkar til himmels, skriv Süddeutsche Zeitung.

– Den bitre erfaringa no er at lova slett ikkje er lik for alle, skriv Bild.

Der Spiegel kallar avgjerda skandaløs, og slår fast at no vil aldri sanninga i saka kome fram.

Han må betale pengane innan ei veke. – Det skal vi få til, seier advokaten til den styrtrike britiske forretningsmannen.

Ifølgje Forbes' «World Billionaire List» frå 2011 er Ecclestone den fjerde rikaste personen i Storbritannia med ei formue på over 26 milliardar kroner.

Påstår han vart pressa

Ecclestone skal ifølgje skuldingane ha betalt den tyske bankmannen Gerhard Gribkowsky 275 millionar kroner for å ordne eit sal av ein stor aksjepost i formel 1-organisasjonen til eit fond i 2006. Fondet, der Ecclestone har interesser, vart dermed den største aksjonæren i formel 1.

– Eg vart pressa til å betale, elles hadde Gribkowsky lagt ut falsk skatteinformasjon om meg, sa Ecclestone.

Gribkowsky vart i 2012 dømd til åtte og eit halvt år i fengsel for skattesnyteri og økonomisk utruskap.

Rettssaka tok til i april, men med dagens avtale er den avslutta.

Kunne fått ti års fengsel

Den høge alderen til Ecclestone og helsetilstanden hans er ein av grunnane til at retten godtok avtalen. Hadde han blitt dømt, kunne han fått ti års fengsel.

– Dette betyr verken at han er kjend skuldig eller frikjend. Det er ein spesiell slutt på ei rettssak, sjølv om det i prinsippet er ein mogeleg utgang i alle saker, seier Andrea Titz, ei talskvinne for retten i München.

Det er ikkje første gongen regelen er teken i bruk og kjende personar har kunna betale seg ut av rettssaker:

  • I 2001 slapp dåverande rikskanslar Helmout Kohl unna tiltale om ulovlege gåver til partiet CDU ved å betale 150.000 euro (1,25 mill kroner).
  • I 2006 var nasjonalbanksjef Josef Ackermann tiltalt for tillitsbrot, men slapp rettssak mot å betale 3,2 millionar euro (25 millionar kroner).
  • Same året slapp syklisten Jan Ullrich unna ein rettsleg doping-tiltale. Han måtte betale 250.000 euro – litt over 2 millionar kroner etter dagens kurs.

Gjorde formel 1 til gullgruve

Ecclestone har vore den sterke mannen i formel 1-sporten sidan 80-talet, og har gjort VM-sirkuset til ei gullgruve. Det har gitt tusenvis av jobbar både i hans heimland Storbtiannia og elles. Han har skaffa seg allierte i mange land ved å utvide VM-sirkuset til å omfatte 20 løp og inkludere stadig nye land i kalenderen.

Likar høge unge modellar

Privat er han kjend for å ha stor sans for vakre unge kvinner som er langt høgare enn den berre 1,59 meter høge briten. Kona hans av i dag er hans tredje. Ho heiter Fabiana Flosi, er modell og 37 år, og nesten eit hovud høgare.

No kan han på nytt planlegge vidareføringa av formel 1. – Vi skal lage endå meir pengar av det, så det er iallfall ikkje vanskeleg å finne investorar, sa han etter at han vandra ut av rettssalen i München.

For om det ikkje var heilt klart frå før, er det det no: «Uncle Bernie» har alltid minst eitt nytt trumfkort i ermet.

Siste nytt

  • Aron Dønnum forlenget med Vålerenga

    Aron Dønnum har forlenget kontrakten med eliteserieklubben Vålerenga til 2024. – Jeg vil at Vålerenga skal sitte igjen med noe om jeg blir solgt, sier han.

    I begynnelsen av september gikk en overgang til italienske Lecce i vasken. 22 år gamle Dønnums opprinnelige kontrakt med Oslo-klubben varte ut 2021. Nå er den forlenget til juli 2024.

    – Det er en veldig viktig signering for oss, og det at han skriver under på en så lang kontrakt viser Arons kjærlighet til Vålerenga, sier Dag-Eilev Fagermo til Vålerengas nettsted.

    Aron Dønnum
    Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • Dyre koronatester skaper problemer

    USA er blant nasjonene som ikke har råd til å delta i alle verdenscuphelgene i langrenn på grunn av kostnaden for koronatesting, skriver Aftonbladet.

    Ifølge avisen må flere nasjonale skiforbund regne nøye på hvilke konkurranser de har råd til å delta i den kommende vinteren.

    For utøvere må testes én gang før avreise og én gang etter ankomst. Med en prislapp på rundt 1500 kroner per test, blir det store beløp.

    – Det er en stor uro vi har. Sparepengene våre kommer bare til å rekke til halve vinteren. Vi må virkelig håpe på enklere og billigere tester framover, sier USAs landslagssjef Chris Grover til Aftonbladet.

    VQnRSSvCa_I
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Fana møter Vipers

    Vipers Kristiansand blir tar imot Fana i NM-semifinalen i håndball for kvinner. I den andre semifinalen tar Fredrikstad imot Sola. Det ble klart i trekningen som ble foretatt i Norges Håndballforbunds lokaler torsdag ettermiddag. Semifinalene i håndball-NM spilles onsdag 11. november.

    Mesterligaen håndball kvinner, Team Esbjerg - Vipers Kristiansand (27-27)
    Foto: John Randeris/scanpix Ritzau / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal