Hopp til innhold

Kjærleikssorg motiverte Falk (46) til å setje ellevill rekord: – Emosjonelt

Therese Falk brukte 24 timar på å springe 261,17 kilometer rundt og rundt innandørs på Bislett stadion. Tærne fekk seg ein støkk, men hovudet fekk lufta seg.

Therese Falk på 24-timarsløpet på Bislett stadion.

I SENTRUM: Alt skulle handle om Therese Falk på Bislett stadion førre helg.

Foto: Samuel Hafsahl / Kondis

Resultatet er ny europarekord, og berre ei kvinne i verda har nokon gong sprunge lengre på eit døgn.

– Det er litt uverkeleg. Det er litt fjernt frå kvardagen her eg sit på Fagerborg skule mellom ein norsktime og eit møte, seier Therese Falk til NRK.

Brukar springing som terapi

Tysdag jogga ho både til og frå ungdomsskulen, og la inn enda fleire kilometer i banken.

Therese Falk og Allan Hovda etter 24-timarsløpet på Bislett stadion.

VINNAR: Therese Falk

Foto: PRIVAT

På spørsmål om korleis ein kjem seg gjennom 24 timar med springing, fortel ho at ho brukar det som terapi. Det siste året har vore fullt av opp- og nedturar etter eit samlivsbrot.

– Folk seier eg spring frå problema mine, og at eg bør handtere det på ein annan måte. Det seier kanskje litt om meg, som spring så langt for å få bukt på dei, seier ho og held fram:

Etter ni timar byrja eg å smile litt på ekte, for å då kjende eg på godfølelsen av å få løyst opp i alle desse tråe tankane som har vore det siste året.

– Det blei ein ganske heftig psykologtime på Bislett?

– Eg byrjar å bli ein meister i min eigen hjerne. Eg finn ikkje nødvendigvis svara, men det gjer meg i stand til å springe langt medan eg leitar etter dei. Det blei emosjonelt på slutten, då tenkte eg «shit, Therese. Så sterk du er», seier ho.

Therese Falk på Bislett stadion.

TUNGT MENTALT: Therese Falk godt i gang med å jakte kilometer.

Foto: Samuel Hafsahl / Kondis

Vonde tær

Mellom slaga på Fagerborg ungdomsskule, har Falk dei siste åra spesialisert seg på ultraløp. Det er ei nemning på løp som er lengre enn maraton (42 kilometer) i distanse. I ultraløp-miljøet kallar dei 24-timar-løpet på Bislett for «årets lengste julebord».

– Korleis klarte du det her?

– Eg skulle gjerne ha sagt på vilje og smågodt. Det er nok mykje trass inne i biletet, seier Falk, som òg hadde utfordringar med akillesane før løpet.

Therese Falk

STOLT: Therese Falk.

Foto: Samuel Hafsahl / Kondis

– Målet mitt var å gå ut i ein fart eg tenkte kunne halde lenge. Det gjekk litt for fort etter planen. Smerta i akillesen vart ikkje noko verre etter 13 timar, sa då var det i grunnen berre å halde fram i same tempo.

Trass alderen er Falk sterk i trua på at ho ein dag kan ta verdsrekorden på øvinga. Ho kjenner seg ganske sikker på at ho sprang godt over 270 kilometer på det raude dekket, fordi ho sprang mykje «sikksakk» undervegs.

Ho meiner at alderen ikkje kjem til å stå i vegen for å gjere draumen ein realitet.

– Eg har spart denne kroppen i veldig mange år og gått mange år utan å trene noko som helst. Eg tenkjer at eg i kvart fall har ti år å slå av på den treningsalderen, så eg har mange år igjen av ultraløping, seier ho blidt.

Tærne til Therese Falk etter 24-timarsløpet på Bislett stadion.

FÆLE: Det er ikkje uvanleg at tær får køyrt seg når ein spring så lenge. – Det er ikkje ein sexy idrett eg driv med, seier Falk.

Foto: PRIVAT

Heilt forbausa

Vebjørn Rodal, som er NRK sin friidrettsekspert, fortel at det er vanleg å bruke treninga som terapi. Han gjer det sjølv.

– Å bruke trening som mental vask er ikkje uvanleg, spesielt på mosjonsnivå. Det er godt å ta ei treningsøkt når ein er frustrert, for å få tankane til å fly og setje ting i perspektiv. For min del, som mosjonist, er det ein fin ting for å gi mental balanse, seier han.

NM i friidrett 2021

FULL AV KOMPLIMENT: Vebjørn Rodal.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Friidrettseksperten er rett og slett mektig imponert over kva Therese Falk har fått til.

Han erkjenner at han har tidlegare tvila på ultraløp-sporten og lurt på kor gode utøvarane faktisk er, men dess meir han tenkjer på talet Falk nådde på 24 timar, blir han meir og meir sikker.

– Det byrjar å bli openbert for meg at hennar prestasjon nærmar seg noko som er heilt formidabelt. Banenivået byrjar å bli særdeles bra, og det er ekstra morosamt med bakgrunnen hennar, då ho ikkje har hatt toppidrett som bakgrunn, seier Rodal.

I helga var Falk best av alle som stilte, og det er ikkje første gong.

– Det er ein ganske rå prestasjon, nettopp fordi ho er så tett på gutane så mange gonger. Ho slår alle på fleire ultraløp, og er beste utøvar uavhengig av kjønn, seier Rodal.

– Kunne du sett føre deg å springe i 24 timar på Bislett stadion?

– No har eg heldigvis i vaksen alder andre hobbyar enn det, avsluttar Rodal og ler.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal