Hopp til innhold

Warholm-rival om intern feide: – «Bro, eg skal ta deg»

Kyron McMaster var høgt oppe etter å ha slått Karsten Warholm i Zürich. Han meiner det er ein «beef» – eller feide – mellom verdseliten, som dei ikkje treng å snakke høgt om.

Diamond League

RIVALAR: Karsten Warholm og Kyron McMaster etter at sistnemnde overraska i Zürich. I VM vart nordmannen éin, McMaster to.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Eg trur for å vere ærleg med kvarandre, så er det ein intern beef mellom alle oss. Eg køddar ikkje. Sjølv om vi gir kvarandre knoken og ønskjer kvarandre lykke til, så går det føre seg noko bak i hovudet, seier McMaster til NRK, før han avslører tankane:

– «Bro, eg skal ta deg i dag».

McMaster tok eit overraskande VM-sølv framfor regjerande verdsmeister Alison Dos Santos og OL-sølvvinnar Rai Benjamin. Deretter slo han Warholm i Zürich. Då han møtte NRK i pressesona etter løpet, var han høgt oppe.

Vi veit at når vi er fysisk klare, så kjem det til å bli eit bikkjeslagsmål kvar gong mellom oss fire. Eg trur det handlar om den interne beefen som ein ikkje treng å snakke om, men som ein veit finst der, seier McMaster, som kjem frå Dei britiske jomfruøyane.

IMG_7431

KLAR FOR BIKKJESLAGSMÅL: Karsten Warholm gøymer seg verken for sola eller konkurrentane, medan den varmesensitive trenaren hans Leif Olav Alnes koser seg i skuggen på Hayward Field.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Komfortabel posisjon

Laurdag møter han Warholm til den siste duellen i år i fjorårets VM-by, Eugene. Nordmannen har vore på plass i seks dagar allereie, saman med trenar Leif Olav Alnes. Dei er så godt som tidsakklimatiserte og klar for å avslutte sesongen på topp.

Eg har lyst til å vinne Diamond League-finalen. Det blir kanskje det tøffaste feltet som har vore i nokon finale eg har sprunge i tidlegare, så det skal jobbast for det, seier Warholm til NRK.

Han trekkjer på smilebandet då han får høyre kva McMaster har uttalt om dei fremste rivalane sine:

Det er jo enorm «kompetitiv» grein, heilt openbert. Kanskje dei kjenner meir på at dei må komme inn i hovudet mitt enn motsett, seier Warholm – og held fram:

Eg trur heilt ærleg, med alle merittane og meisterskapane vi har teke mot dei, dei siste åra at vi er i ein litt meir komfortabel posisjon i denne «beefen», viss ein skal kalle det det. Eg har respekt for dei, men gjer sjølvsagt alt eg kan for å slå dei.

– Bikkjeslagsmål

27-åringen frå Ulsteinvik kallar det for sunn og god konkurranse. Han skyr aldri duellane. Og stort sett er det han som går sigrande ut, slik han har bevist i tre VM og eitt OL. Kampen mot konkurrentane føretrekkjer han å avgjere på banen.

Det er ingen som skal få noko gratis av meg. Når ein går inn på stadion, før løpet, då er det ramme alvor. Det er sånn eg liker det.

Og Kyron McMaster ser ut til å vere av same oppfatning:

Det kjem alltid til å vere eit bikkjeslagsmål.

  • Karsten Warholm avsluttar sesongen med 400 meter hekk i Eugene laurdag, klokka 21.04. Sendinga startar på NRK 2 frå klokka 21.00.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal