– Frustrerande.
– Bedrøveleg.
– Katastrofe.
Det er orda dei svenske skiessa Ebba Andersson, Frida Karlsson og Linn Svahn bruker etter den svenske fiaskoen på heimebane i Falun.
Trioen skuldar på utstyret – og varslar ein real oppvask.
– Ein må vere ganske krass og seie at det ikkje held no. Det er det same når eg ikkje er god nok. Eg innser at eg ikkje strekk til på eit oppløp mot Skistad, så då må eg øve på det. Det er vel det same på andre sida, seier Svahn til NRK.
Ho hadde det «fasan så vondt» etter rennet. Før helga var ambisjonen å angripe Jessie Diggins i kampen om verdscupen samanlagt. Allereie laurdag måtte ho gi opp, og meiner smørjejobben må ta størst del av skulda.
– Eg har full tillit til arbeidet som blir gjort og at ein alltid ønsker å gjere det best, men av og til må ein seie rett ut at ein må stramme opp og gjere det betre, seier Svahn.
Ho enda det siste verdscupløpet i sesongen med ein 26.-plass, 1.18 minutt bak vinnar Diggins. Jonna Sundling blei einaste svensken innanfor topp ti med ein fjerdeplass.
Krev endring
Ebba Andersson var minst like frustrert som Svahn etter sin 18.-plass:
– I dag (søndag) var det ikkje bra nokon stad, og det er ikkje det ein treng når det blir sånne typar løp. Då må ein ha marginane på rett side, seier Andersson til NRK.
– Kjenner du det har blitt eit generelt problem denne sesongen, at det har skjedd for ofte?
– Ja, det vil eg nok seie.
No ber ho og Frida Karlsson om ei grundig analyse og evaluering av sesongen for å unngå liknande feil neste sesong. Då står det medaljar på spel under VM i Trondheim, og då har ikkje svenskane råd til å bomme igjen.
For det var nettopp det som skjedde då Noreg tok stafettgull under VM i Planica for eitt år sidan. Dei svenske storfavorittane såg ut som statistar i duell mot det norske laget. Det kulminerte i krisemøte. Etter sesongen var det slutt for smørjesjef Petter Myhlback.
Smørjesjefen tar sjølvkritikk
Inn kom Anders Svanebo. Han tek sjølvkritikk etter ei helg med smørjebom i Falun.
– Det har vore eit par botnpunkt denne sesongen. Det er ikkje bra når det blir sånn. I denne bransjen gjeld det å ha eit høgt botnnivå gjennom heile sesongen. Men vi har hatt det veldig bra veldig mange gonger òg. Men framfor alt på 20-kilometeren til damene søndag, så blir det ein smørjebom.
– Kva seier utøvarane til deg?
– Vi har jo ein konkurranse til rett etter damene, så vi vil jo ... ein kan ikkje bli ståande midt i «kladden», ein vil jo skape ei forandring, så det er hard jobb, ta inn nokre refleksjonar og kjensler frå damene, og så prøve å gjere noko betre til neste konkurranse.
No skal han ta imot dei innspela som kjem, og evaluere til neste sesong. Svanebo forstår frustrasjonen og skuffelsen til utøvarane.
– Eg har sjølv vore aktiv og vore frykteleg skuffa over materialet. Det er sånn det er i denne bransjen. Iblant går det opp og iblant går det ned.