Karius' to tabbemål var det store samtaleemnet etter finalen 26. mai.
Karius fekk ein alboge i hovudet i ein duell med Reals Sergio Ramos tidleg i andre omgang, og tok seg til hovudet. På det tidspunkt var stillinga i kampen 0–0.
To minutt etterpå kasta Karius ballen til Reals Karim Benzema, som utnytta tabben og scora lett.
Seinare let Karius eit langskot frå Gareth Bale gleppe mellom hendene og i mål. Real Madrid vann finalen 3–1.
Spesialist-undersøking i USA
No har Karius – etter at Liverpool bad han om det – vore til undersøking av to spesialistar i Boston, og legane er nokså klare i sin konklusjon.
– Etter å ha sett nøye på desse episodane i kampen og granska Karius grundig, meiner vi bestemt at han har fått hjerneristing, seier legane Ross Zafonte og Lenore Herget i si fråsegn.
Zafonte har lang erfaring med hovudskadar på spelarar i amerikansk fotball (NFL). Dei meiner også at skaden kan ha påverka spelet hans etterpå.
– Vi fann ein visuell dysfunksjon som etter alt å dømme oppstod som ei følgje av kollisjonen (med Ramos), seier legane.
Loris Karius fekk sterk kritikk etter kampen, men også ros fordi han gjekk til dei tilreisande supporterane og bad om orsaking rett etter kampen.
Men han har likevel fått drapstrugsmål etter kampen.
Legane slår fast at Liverpool-keeperen har vist god betring sidan finalen 26. mai, og at han ikkje får varige mein av det som skjedde.