Hopp til innhold

Kan ha ein baktanke med landslagsdebuten til 16-åring: – 95 prosent politikk

Barcelona har fått ein ny kjæledegge i Lamine Yamal. Gjennombrotet til 16-åringen har ført til politisk spel på landslagsnivå.

NATURBEGAVELSE: Med fløyelsmjuk teknikk viser Yamal stor speleforståing.

Foto: JAVIER SORIANO / AFP

For nokre månader sidan vart Yamal den yngste spelaren i historia på seniorlaget til Barcelona. Sjølv om han er fødd så seint som i 2007, har han allereie fått tre ligakampar frå start. Det til stor gjenklang frå trenaren.

– Sjølvsagt er eg overraska over kva Yamal kan gjere i så ung alder. Han tek nesten alltid dei rette vala på banen. Intelligensen og modnaden er eksepsjonell, sa Xavi til pressa etter kampen mot Villarreal i slutten av august.

– Ein spelar vi kjem til å snakke om i tiår framover

Ekspert på spansk fotball, Petter Veland, blir stadig sterkare i trua på at akademiproduktet kan bli ein nøkkelspelar for det spanske storlaget.

SERVITØR: Med eit delikat innlegg vart Yamal den yngste målgivaren i historia i bortekampen mot Villareal.

Foto: JAVIER SORIANO / AFP

– Om ikkje ferdig vare, så verkar Yamal i alle fall å vere ein type som Barcelona-supportarane kan setje sin lit til allereie som 16-åring. For kvar gong eg ser han blir eg meir og meir trygg på at dette er ein spelar vi kjem til å snakke om i tiår framover, seier Viaplay-eksperten.

Katalanaren har nemleg gjort meir enn å få namnet sitt i startoppstillinga. I tredje serierunde kunne han også smykke seg med rekorden som den yngste målgivaren i historia i La Liga.

Med eit breitt repertoar er ikkje ballvirtuosen redd for å ta plass i mektige Barcelona.

– Det er noko med måten Yamal tør å vere involvert på. Han er uredd. I dei to første kampane er han ein av få som verkeleg tør å utfordre éin mot éin, og som ikkje er redd for å miste ballen. Det er jo ofte det som blir problemet når ein slår gjennom i så ung alder, at ein byrjar å tenkje konsekvensar og ikkje moglegheiter, seier Veland.

På radaren til fleire landslag

Kometstarten har sendt fleire landslag i kø for å skaffe seg klippekort på Yamals tenester. Han er oppvaksen i Spania, med marokkansk far og mor frå Ekvatorial-Guinea. Dermed hadde han fleire moglegheiter.

Spain Soccer La Liga

DRIBLEKÅTT: Det ser ut som motstandaren står med støvlar i myra når Yamal utfaldar seg.

Foto: Joan Monfort / AP

Tenåringen vart til slutt teke ut i troppen til Spania, som speler i same EM-kvalikgruppe som Noreg. Spelar han meir enn tre landskampar for Spania vil han ikkje kunne skifte landslag seinare.

– I dagens fotball så ser vi stadig fleire døme på spelarar med dobbelt statsborgarskap. Så for forbunda blir det avgjerande å gå tidleg inn for å låse vegen til lovande talent. Vi har jo sett døme på spelarar som tidleg har fått tillit på landslaget og blomstra i rolla, medan andre har sove i timen, seier Carl-Erik Torp, NRKs fotballekspert.

At Yamal har kvalitetar som sportsleg forsvarar ein plass for Spania er det liten tvil om. Men den potensielle debuten er først og fremst politisk, meiner Veland.

– Det er 95 prosent politikk og 5 prosent sportsleg. Guten er jo 16 år. Han kunne byrje å lærekøyre for ein månad sidan og har berre spelt 234 minutt med La Liga-fotball. Du skal sjølvsagt ikkje inn på det spanske landslaget då, med mindre det er politiske årsaker der den ørvesle trusselen frå Marokko skal bort, seier han.

Brysam låsing

Ideelt sett har Spania sikra seg ein nøkkelspelar i tiår framover. I verste fall har låsing til unge spelarar også ført til fleire frustrerande situasjonar.

AC Milan v FC Barcelona - Preseason Friendly

BEREBJELKE FOR EIN NY ÆRA: – Eg håpar han er mange år i Barça, fordi han er ein spelar som kan markere ein ny epoke, seier Xavi.

Foto: ETHAN MILLER / AFP

I 2014 stod spansk-marokkanske Munir El Haddadi i same sko som Lamine Yamal. Det då lovande Barcelona-talentet fekk éin kamp for Spania.

Verdsklasse-forventningane vart aldri innfridde og Munir spelar i dag for Las Palmas.

Då han seinare ønskte å spele for Marokko, viste den eine spanske landskampen seg å bli eit problem. Først etter ein kronglete prosess i Den internasjonale skildomsretten for sport (CAS) fekk El Haddadi lov til å spele for Marokko – ein situasjon Yamal nok gjerne vil unngå.

Lagnaden har ikkje vore snill med rekkja av Barcelona-talent som skulle bli den neste Messi. Dei fleste går i gløymeboka. I utviklinga til Yamal, håpar Veland at Barcelona har tolmod, i staden for å drive rovdrift på talentet.

– Det er lett å trekkje parallellar til Ansu Fati. Han var, og er, eit stort talent, men har no møtt veggen. Til dels på grunn av det mentale, men også den tunge belastninga han fekk i ein alder av 16-17-18 år, som kanskje er skuld i skadeproblema dei siste åra, seier han.

Sportsnyheter

Bjørgen Jullumstrø

Mener trenerteamet er skreddersydd for Johaug: – Rigget for et comeback

Marit Bjørgen og Pål Gunnar Mikkelsplass går inn som assistenttrenere på kvinnelandslaget i langrenn. Det betyr én ting, tror NRKs ekspert: Comeback for Therese Johaug.

Siste nytt

  • Tippemidlene: Rekordhøye 3,7 milliarder kroner til idretten

    Regjeringen bevilger 3,723 milliarder kroner av Norsk Tippings overskudd til idrettsformål over hele Norge i 2024.

    Det er en økning på 288 millioner kroner fra fjorårets utbetaling. Totalt går 7,1 milliarder av tippeoverskuddet til idrett, kultur og frivillighet, opplyser Kulturdepartementet.

    Av idrettstilskuddet går nærmere to milliarder kroner til idrettsanlegg i kommunene. Her økes bevilgningen med 180 millioner kroner fra 2023.

    – Tilgang på anlegg er en av de viktigste forutsetningene for et bredt og tilgjengelig idrettstilbud, sier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

    (NTB)

  • Stjernefelt på 5000 meter under Bislett Games

    Noen av verdens fremste utøvere på 5000 meter tar turen til Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Verdensrekordholder Joshua Cheptegei, det etiopiske løpeesset Yomif Kejelcha og Diamond League-mesteren fra 2021, Berihu Aregawi, leder an det stjernespekkede feltet.

    Jacob Kiplimo, Hagos Gebrhiwet, Telahun Haile Bekele, Luis Grijalva og Dominic Lobalu meldes også klar i en pressemelding.

    Den norske stjernen Henrik Ingebrigtsen står også oppført på startlistene.

    N_Wja6sQQtE
    Foto: AFP
  • Belgisk storavis: Van Aert med mål om comeback i norsk ritt

    Visma-stjernen Wout Van Aert har angivelig valgt å sikte seg inn på skadecomeback i Tour of Norway 23. mai, skriver den belgiske avisen Het Laatste Nieuws.

    Van Aert har vært ute av konkurranse siden han i slutten av mars ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen. Dagen etter ble han operert for skaden, og 29-åringen har siden brukt tiden på å rehabilitere.

    Van Aert har herjet på den internasjonale sykkelscenen de siste årene, og Visma-rytteren har blant notert ni etappeseirer i Tour de France. Kragebeinsbruddet i Dwars door Vlaanderen kom rett i forkant av en lang rekke vårklassikere.

    11. april ble det gjort kjent at årets Giro d'Italia går uten den belgiske 29-åringen.

    – Jeg er skuffet over å miste mitt nest største mål for sesongen, men jeg må prioritere helsen og gi kroppen tiden det tar å bli bra igjen, sa Van Aert etter at beslutningen ble tatt. (NTB)

    Van Aert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal