20-åringen Johannes Høsflot Klæbo viste eit taktskifte som ingen klarte å matche i søndagens sprintfinale.
– De er utruleg kult. Eg får endeleg vise at eg har noko her å gjere, og kjempar med dei store gutta, seier Klæbo til NRK etter finalen.
Korkje Pål Golberg eller Finn Hågen Krogh klarte å hamle opp med rekrutten i den tøffe finalen.
Håpar på verdscup
– Han er for kjapp, han var best, seier Golberg til NRK etter rennet.
Både Golberg og Krogh er fulle av lovord om 20-åringen, som har vore med landslaget på samling tidlegare, og også der vist seg fram.
– Det er imponerande. Me hadde han med på samling i haust, og me såg at han var god. Han var sterkast i dag, seier Krogh.
Men Klæbo har beina godt planta på bakken inntil vidare.
– Det er lenge igjen av sesongen, men det er gøy å få ein slik start.
No drøymer han om å få gå verdscup utover i sesongen.
– Viss eg no kan få vere med å gå verdscup på Lillehammer, hadde det vore flott, sa Høsflot Klæbo
Dramatisk semifinale
I den første semifinalen gjekk Thomas Northug på trynet, og trakka i det same av staven til prologvinnar Pål Golberg.
Golberg slo oppgitt ut med armane, men fekk raskt ny stav. Han rakk akkurat å feste den før motbakken, og var med inn på oppløpet.
Der klarte han akkurat å strekke tå forbi Sindre Bjørnestad Skar, og kjempa seg til finale.
Tomas Northug kom seg ikkje vidare, og var veldig skuffa i etterkant.
– Eg blir so irritert. Det er unødvendig når eg føler meg so bra, seier Northug
I finalen tok Emil Iversen fjerdplassen, Kasper Stadaas kom på femte, og Even Northug havna sist.