Hopp til innhold

«Sprang» fortare enn Ingebrigtsen – teke på fersken i bil

Joasia Zakrzewski får kraftig kritikk etter at ho vart teken for juks førre veke. «Totalt meiningslaust», meiner ein norsk løpeprofil.

Joasia Zakrzewski

JUKSET: Joasia Zakrzewski sette seg i ein bil under ultraløpet mellom Manchester og Liverpool. Og vart teke på fersk gjerning.

Foto: Scottish Athletics

Britiske Joasia Zakrzewski sprang inn til ein sterk 3.-plass i ultraløpet mellom Manchester og Liverpool. Då hadde ho lagt bak seg over 80 beintøffe kilometer.

Eitt strekkje av løpet fekk derimot enkelte til å stusse. 47-åringen sprang nemleg fire av kilometrane i lynraskt tempo. GPS-målingar viser at Zakrzewski løp ei engelsk mil – 1609 meter – på eitt minutt og 40 sekund.

Jakob Ingebrigtsens personlege rekord på distansen er til samanlikning over to minutt bak det, med 3.46,46. Ingebrigtsens tid er berre litt over tre sekund bak verdsrekorden.

Innendørs-EM i friidrett 2023

STJERNE: Jakob Ingebrigtsen er rask, men ikkje raskare enn ein bil.

Foto: FREDRIK SANDBERG /TT / NTB

No viser det seg at ultraløparen fekk hjelp av ein bil gjennom delar av løypa. Det blir stadfesta av arrangøren, som har snakka med Zakrzewski sjølv.

– Ein løpar har vorte diskvalifisert for å ha køyrt bil, seier direktøren for løpet, Wayne Drinkwater, til BBC.

– Totalslaktar all form for juksing

No er det opp til det internasjonale forbundet og det britiske friidrettsforbundet å bestemme konsekvensane for løparen.

– Dette er veldig skuffande å høyre, spesielt sidan Joasia har hatt ei så suksessfull karriere dei siste åra. Eg håpar ho kan komme seg vidare frå dette, og at dei finst ei forklaring på det, seier David Ovens, sjef i Det skotske friidrettsforbundet, til BBC.

Sebastian Conrad Håkansson vart kåra til årets mannlege norske ultraløpar i 2022, og sette nordisk rekord då han kom på 4.-plass under 100-kilometerløpet i VM i fjor.

Sebastian Conrad Håkansson

NORSK PROFIL: Sebastian Håkansson er i verdstoppen i ultraløp.

Foto: PRIVAT

Han er nådelaus overfor valet Zakrzewski tok då ho sette seg i bilen.

– Eg totalslaktar all form for juksing, og eg fattar ikkje kvifor ho gjer det. I andre idrettar er det store pengepremiar, men det er det ikkje i ultraløp. Kva vil ho oppnå med det? Det er totalt meiningslaust. Eg ser ingen grunn til at ho skal jukse på noko så småleg, seier Håkansson til NRK.

Han fortel at han aldri har opplevd noko liknande, og at løparar i miljøet hans ville vorte bannlyst om dei fann på noko liknande. Han samanliknar regelbrotet med doping, og meiner at Zakrzewskis motivasjon er på ville vegar.

– Essensen i det er å vite at du har fullført og sprunge for å sprengje eigne grenser. Viss du veit at du har juksa, sit du ikkje igjen med noko. Ultraløp er ikkje inntekta mi, men noko eg gjer for å få kjensla av å sprengje grenser, fortel Conradsen.

Sebastian Conrad Håkansson

BLODSLIT: Ultraløp er ei uthaldsprøve av sjeldne dimensjonar. Håkansson har evna til å tyne ut ekstreme krefter når han spring.

Foto: PRIVAT

Forklaringa: Kjende seg sjuk

BBC har snakka med ein venn av Zakrzewski. Han forklarer at ho hadde komme med fly frå Australia kvelden før løpet, og at løpet ikkje gjekk som planlagt.

– Ho kjende seg sjuk og sliten av løpet, og ville gi opp å fullføre, seier Adrian Scott.

Zakrzewski har vunne fleire store ultraløp rundt omkring i verda, og har fleire nasjonale rekordar i ultraløp.

Les også Cameron (16) knuser Ingebrigtsen-rekordar - hemmelege notat vart sigersoppskrift

Myers Ingebrigtsen

– Ho har samarbeidd med granskinga til arrangøren, og fortalt dei alt om kva som skjedde. Ho er oppriktig lei seg for det som har skjedd, seier vennen.

Mel Sykes har vorte tildelt 3.-plassen i løpet etter at Zakrzewski vart diskvalifisert.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Rasmussen ble belgisk cupmester

    Mathias Rasmussen kunne sammen med sine lagkamerater i Union Saint-Gilloise juble for en svært etterlengtet tittel i den belgiske cupen.

    Japanske Koki Machidas scoring på overtid i første omgang ble den eneste i finalen mot Royal Antwerp.

    Union Saint-Gilloise har 11 seriemesterskap og to cuptitler fra før, men forrige seriegull kom i 1935 og den forrige cupseieren i 1914. (NTB)

    R-qRhvQEQVk
    Foto: NTB
  • Spansk bruddseier i Giroen

    Pelayo Sánchez tråkket først over målstreken på Giro d'Italias 6. etappe. Han var blant torsdagens utbrytere.

    Den spanske Movistar-rytteren vant foran Julian Alaphilippe og Luke Plapp.

    Trioen var alene i føringen i sluttfasen av den kuperte etappen. Tidligere på dagen var det sju syklister i bruddet. (NTB)

    K7QkCKHN1QA
    Foto: AP
  • Atlético Madrid fikk opphevet rasismestraff

    Den spanske fotballklubben Atletico Madrid slipper å delvis stenge egen arena samt betale en bot for rasistisk oppførsel av egne supportere.

    Torsdag valgte Det spanske fotballforbundet å godta anken Atletico hadde inngitt mot straffen klubben ble ilagt for en tid tilbake. Til grunn for sanksjonene lå rasisme rettet mot Athletic Bilbao-vingen Nico Williams.

    Atletico ble opprinnelig beordret til å delvis stenge egen hjemmearena i to La Liga-kamper, samt betale en større bot, for Williams-episodene. Vingen skal ha blitt møtt med apelyder under en kamp i forrige måned.

    Forbundet peker på Atleticos «aktive samarbeid» som grunn til at straffen nå legges bort. (NTB)

    84_5MnFD41w
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal