Hopp til innhold

Cameron (16) knuser Ingebrigtsen-rekordar - hemmelege notat vart sigersoppskrift

Cameron Myers (16) har brått vorte eit av dei heitaste namna i friidretten. Supertalentet er betre enn Jakob Ingebrigtsen var på same alder og blir no jakta av dei største skoselskapa i verda.

Myers Ingebrigtsen

REKORDKNUSAR: Cameron Myers spring raskare enn Jakob Ingebrigtsen gjorde som 16-åring. Kanskje har nordmannen fått ein utfordrar for framtida?

12 år gammal fekk australske Cameron Myers auga opp for Jakob Ingebrigtsen. Då hadde han nettopp sett nordmannen slå aldersrekorden på engelsk mil for 16-åringar i Eugene i USA.

Det var det første internasjonale gjennombrotet til sandnesguten, og dei siste vekene har Myers skote fart på stjernehimmelen i same stil. Berre på endå meir overbevisande vis.

Det har vore «crazy», fortel 16-åringen til NRK på telefon frå Australia.

Og det er «galskap» det løpetalentet har levert den siste tida. I løpet av fem veker toppa han tre av Ingebrigtsens aldersrekordar for 16-åringar:

  • 23. februar: 3.55,44 på engelsk mil
  • 11. mars: 7.52,06 på 3000 meter
  • 1. april: 3.38,02 på 1500 meter

Det har eigentleg ikkje sokke inn enno. Eg er framleis på ein «high» og flyt på han. Spesielt i det siste løpet, på 1500 meter, hadde eg ikkje forventa å springe så fort, fortel Myers.

Cameron Myers

SUPERTALENT: Cameron Myers er berre i starten av karrieren, men har allereie vorte eit kjent namn i friidrettskrinsar.

Senka rekord med spesielt grep

Han trur at såkalla manifestering kan hjelpe han å nå måla sine. Ved å tenkje positivt og fokusere på draumane, er det meir sannsynleg at dei går i oppfylling, meiner han.

Før han sette aldersrekord på engelsk mil, skreiv han «I'll break 4 minutes» - Eg skal springe under fire minutt - for seg sjølv i notat-appen på mobilen 30 dagar i strekk.

– Eg tenkjer på løp eg skal delta i fire veker fram i tid. Eg held meg til målet, og gjer alt for å få det til å skje. Eg trur det kan bli ein vane, fortel Myers.

Eg visste at eg hadde det i meg, at potensialet var der. Det handlar om å gjennomføre, og då eg klarte det fall mykje vekt av skuldrene mine.

Jakob Henrik

TIDLEGARE REKORDHOLDER: Henrik Ingebrigtsen løftar Jakobs hand i vêret etter at den dåverande 16-åringen hadde brote 4-minuttsgrensa.

Foto: Brian Davies / AP

Nyheitene om rekordløpet hans har gått verda rundt, og merkelappen «Den neste Ingebrigtsen» blir allereie flittig brukt.

Myers sjølv er likevel rask til å minne om at nordmannen tok store steg allereie frå 16 til 17 år. På eitt år forbetra nordmannen sin personlege rekord på 1500 meter med nesten ni sekund og sprang 3.31.

Seks år skil dei to.

Det er kult å bli samanlikna med han, men det er viktig at eg held fram med å utvikle meg. Eg må halde beina godt planta på jorda, seier Myers, som for tida er på høgdeleir i fjellområdet Jindabyne, mellom Melbourne og Sydney.

– Eit ekstremt nivå

NRKs friidrettskommentator Jann Post kallar Myers for «Australias svar på Jakob Ingebrigtsen».

– Han har nådd eit ekstremt nivå allereie. Det som er mest imponerande er at han ikkje har overforsert på trening. Han har ikkje gjort ekstreme ting, og har mykje å gå på. Då verkar det endå meir lovande, seier Post.

NRK har tidlegare skrive om nederlandske Niels Laros, som tok ein av Ingebrigtsens aldersrekordar i fjor. Post vil ikkje slå fast at det er ein Jakob-effekt, men ser at fleire unge talent gjer enorme løp.

Vebjørn Rodal og Jann Post på OL-stadion i Tokyo

EKSPERT: Jann Post (til høgre) kommenterer friidrett for NRK saman med mellom anna Vebjørn Rodal.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Vi har sett fleire døme på at unge, vestlege løparar har komme på eit høgare nivå enn nokon gong før. Det er ein tendens på at dei ikkje lèt alderen stoppe dei. Eg veit ikkje om det er på grunn av Jakob.

Friidrettseksperten meiner at Myers kan vere ein gullkandidat i OL 2028 om utviklinga held fram. Og nettopp OL-gull er det store målet til tenåringen.

Ein dag vil han utfordre Ingebrigtsen, men først må han bli best i eige land.

– Det er veldig inspirerande at det er så mange gode australske løparar. I første omgang er fokuset å kjempe seg inn på det nasjonale laget, fortel Myers, som nemner Stewart McSweyn, Ollie Hoare og treningspartnaren hans Jye Edwards som løparar han strekkjer seg etter.

Skoselskapa ligg langflate

Det er ikkje berre media som brått har vorte interessert i Myers. Akkurat no kjempar fleire av dei største skoprodusentane i verda om å slå kloa i den talentfulle løparen.

Teamet rundt 16-åringen ønskjer ikkje å ta eit forhasta val, men i løpet av kort tid vil dei skrive under ein lukrativ avtale.

Peter Bol, James Templeton og Joe Deng.

AGENT: James Templeton (i midten) saman med dei australske mellomdistanseløparane Peter Bol og Joe Deng.

Foto: PRIVAT

Det er litt morosamt, for det er ein Jakob-faktor ved han. Dei veit ikkje om han vil bli like god, og eg verken lover eller hintar om det. Men selskapa spør seg «er dette den nye Jakob?». Det skader ikkje at dei tenkjer på den måten, fortel Myers' agent, James Templeton, til NRK.

Jakob Ingebrigtsen var 17 år gammal då han skreiv under ein langtidskontrakt med utstyrsgiganten Nike.

Kallar rekordane «nonsense»

Templeton forstår godt at samanlikningane med Ingebrigtsen oppstår, og meiner at alt ligg til rette for at han éin dag kan utfordre den seks år eldre nordmannen.

Agenten har jobba tidlegare med den nest raskaste 1500-meterløparen i historia, Bernard Lagat, og veit godt kva som trengst for å nå toppen.

– «Cam» er så moden i korleis han spring, og er lik Jakob i måten han set fart og vil leie løpet. Eg trur ikkje han blir distrahert av all merksemda, men det er viktig å ha beina godt planta på jorda, meiner Templeton.

Les også Dopingdømt kenyanar med Ingebrigtsen-plan - Rodal avfeiar sjansane

Manangoi Ingebrigtsen

Ifølgje statistikksida International Age Records er ikkje Myers berre betre enn Ingebrigtsen, men den raskaste 16-åringen i historia på 1500, 3000 og engelsk mil. «Nonsense», meiner Templeton, som minner om at afrikanske løparar ikkje blir registrerte på sida. Ofte fordi alderen deira ikkje kan verifiserast.

Myers prøver heller ikkje å ta av etter rekordraset. Han har nok med å kombinere ei heiltidssatsing på friidrett med vidaregåande skule.

Det er utfordrande. Eg gjer det eg kan, og når eg treng hjelp spør eg om det. Det same viss eg treng ekstra tid på oppgåver. Lærarane er veldig fleksible og greie, seier han.

Les også Ingebrigtsen blir freista av OL-trippel: – Betre moglegheit er det vanskeleg å få

Vebjørn Rodal Jakob Ingebrigtsen

Sportsnyheter

Veronica Kristiansen og Ida Alstad

Meiner dette antrekket er kvinnefiendtleg: – Det er flautt og pinleg

Veronica Kristiansen må spele i kvit shorts mot si vilje i klubbhandballen. No krev landslaga i Skandinavia ei regelendring før VM.

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

Siste nytt

  • Tiltalt eliteseriespiller står frem: – Jeg vil beklage

    Til Hamar Arbeiderblad forteller HamKam-spiller Eron Gojani (18) for første gang om saken han er tiltalt i.

    En mann Gojani har kjent siden barndommen, er tiltalt for drapsforsøk etter å ha knivstukket en 16-åring. Hendelsen skjedde i Sandefjord, i begynnelsen av mai 2025.

    Gojani er sammen med fem andre tiltalt for medvirkning til kroppsskade.

    Påtalemyndigheten mener Gojani oppfordret til volden gjennom meldingsutvekslinger med hovedtiltalte.

    Ingen av de tiltalte erkjenner straffskyld, skriver HA.

    – Jeg er egentlig ikke en del av et sånt miljø. Jeg vil beklage det som har skjedd og legge meg flat, sier Gojani til avisen.

    «Drep han på en så vond måte som mulig», er blant meldingene Gojani skal ha sendt til hovedtiltale.

    – Alle som leser de meldingene, tenker nok at det er ment slik de står. Men det er jo ikke det i det hele tatt, sier HamKam-spilleren.

    Statsadvokat Christer Gangsø har lagt ned påstand om 88 timers samfunnsstraff for HamKam-spilleren.

    Dommen er ventet å komme 28. oktober.

    Eron Gojani
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Norsk kjempetalent klar for gigantlag i sykkelsporten: – Drømmen går i oppfyllelse

    Sykkeltalentet Embret Svestad-Bårdseng har signert for det britiske storlaget Ineos Grenadiers på en treårskontrakt. Der får han Kurt Asle Arvesen som sjef.

    Ineos Grenadiers bekrefter signeringen av Svestad-Bårdseng mandag.

    23-åringen har i lengre tid vært beskrevet som et av Norges aller mest lovende klatretalenter. Det har dem ikke vært all verdens mange av.

    Denne sesongen har han fått sjansen på World Tour-nivå i sykkelsporten for Arkea B & B Hotels. Det franske laget legger imidlertid ned driften foran 2026-sesongen som følge av pengemangel.

    Svestad-Bårdseng fikk debuten i et treukersritt under årets Giro d'Italia. Der viste han seg fram ved flere anledninger. Videre kjørte han sterkt både under Volta a Catalunya og Tour de Pologne.

    – Jeg er utrolig spent på å bli del av Ineos Grenadiers. Dette er et stort og veldig spennende steg i karrieren min. Jeg vokste opp med å se dette laget dominere Grand Tours i fjellene, og har alltid drømt om å en dag bli en del av det. Nå føles det som om drømmen går i oppfyllelse, sier 23-åringen. (NTB)

    Embret Svestad-Bårdseng
    Foto: Jerome Delay / AP / NTB
  • Potter ansatt som svensk landslagssjef: – Utrolig inspirert

    Engelskmannen Graham Potter (50) erstatter Jon Dahl Tomasson som sjef for Sveriges landslag i fotball.

    Det opplyser Sveriges Fotballforbund.

    – Jeg er svært ydmyk overfor oppdraget, men også utrolig inspirert. Sverige har fantastiske spillere som ukentlig leverer i verdens beste ligaer. Jobben min blir å skape forutsetninger slik at vi som lag leverer på høyeste nivå for å ta Sverige til VM neste sommer, sier Potter.

    Sverige står med bare ett poeng på fire kamper og må gjennom playoff neste vår i jakten på VM-billett.

    Potter ble tidligere i høst fjernet som West Ham-manager i Premier League. Etter at Tomasson mistet Sverige-jobben, lanserte Potter seg selv som erstatter.

    – Jeg har følelser for Sverige. Jeg elsker landet, og jeg elsker svensk fotball. Jeg har mye å være takknemlig for overfor svensk fotball. Så ja, det ville vært en fantastisk mulighet for meg, sa Potter til Fotbollskanalen.

    Nå er det klart.

    Det var i Sverige at Potter fikk et trenernavn. Han ledet Östersund til et uventet cupgull og tok senere laget langt i europaligaen. (NTB)

    Thumbnail for 'FILE: Graham Potter in talks to be new West Ham United manager - media reports'
    Foto: Thomson Reuters (Ikke bruk denne versjonen av bildet)

Sendeplan

Kl. Program Kanal