Hopp til innhold

Iuel skremt av «tilfeldig» grense: – Redd for å ryke på ein smell

Amalie Iuel heldt igjen starten etter at fleire utøvarar har vorte diskvalifiserte på grunn av rask reaksjonstid. Statistikar og stavpappa Atle Guttormsen meiner grensa er sett litt tilfeldig – og fleire tek til orde for regelendring.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

NORSK HÅP: Amalie Iuel spring om ein finaleplass på 400 meter hekk torsdag.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det er noko eg frykta litt. Eg har sett at dei har rekna på det og sett på statistikken at folk har generelt ei betre reaksjonstid enn dei pleier. Mi tid er som regel ganske god, så eg var redd for at eg skulle ryke på ein smell til, seier Amalie Iuel til NRK.

Noregs håp på 400 meter hekk tok seg vidare til semifinalen med ny personleg rekord som lyder 54,70 sekund, men innrømmer at det låg i bakhovudet.

– Eg måtte skjerpe meg greitt då eg stod i blokka, seier Amalie Iuel til NRK. Då eg tjuvstarta i fjor, var det greitt å halde igjen litt no, seier Iuel.

Tek til orde for regelendring

Ho vart diskvalifisert frå semifinalen i Tokyo-OL, slik amerikanaren Devon Allen vart det i finalen på 110 meter hekk i Eugene-VM.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

BLOKKER TIL BRY: Seikos startblokker er gjenstand for kritikk av utøvarane.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Allen hadde ei reaksjonstid som var hårfine 0,001 sekund raskare enn den tillatne grensa på 0,1 sekund. Medaljedraumen brast. Diskusjonen rundt tidtakingssystemet som blir levert av Seiko har rasa i VM-byen Eugene.

– Devon Allen vart rana som følgje av ein regel som er utgått på dato, ikkje av dommarane. Domarane kan ikkje vike frå regelverket sjølv om det er idiotisk og urettferdig. World Athletics må endre reglane, meiner den tidlegare storsprintaren Michael Johnson på Twitter.

Les også Bisarre scener i VM-finalen: Startet 0,001 sekund for tidlig og nektet å forlate banen

World Athletics Championships

Reaksjonstidene frå VM i Eugene er signifikant lågare enn dei som er registrerte i tidlegare meisterskap på sprintøvingane 100 meter, 100 meter hekk og 110 meter hekk, ifølgje nettstaden LetsRun.

– 0,1 er sette litt tilfeldig

Stavpappa Atle Guttormsen har engasjert seg i tematikken. I tillegg til å vere trenar for dei VM-klare sønene sine, Sondre og Simen, livnærer han seg som professor i økonomi.

Han er heller ikkje imponert over regelverket til World Athletics.

– 0,1 er sette litt tilfeldig. Det er ikkje noka forsking som viser at det er optimalt, snarare tvert imot så er det forsking som viser at det går an å reagere raskare. Og då blir det faktisk til at ein tek ein som ikkje har tjuvstarta viss det er mogleg, seier Atle Guttormsen til NRK.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

STAVGJENG: Atle Guttormsen (frå venstre) med sønene Simen og Sondre under eit pressetreff torsdag.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det er ikkje bra i det heile.

Allereie i 2009 vart det publisert forsking på reaksjonstidene på nettsidene til det internasjonale friidrettsforbundet som meinte at grensa var sett for høgt. Tilrådinga var at ho vart senka til 0,085 eller 0,080 sekund.

– Eg trur kanskje vi har byrja å lene oss litt for mykje på teknologien. Teknologi er bra, men det krev også mykje av dei som skal tolke teknologien.

Les også Program for VM i friidrett

VM i friidrett

Den erfarne friidrettstrenaren Pierre-Jean Vazel viser til at regelen har stått sidan 1960-talet og ikkje er basert på forsking. Han hevdar det er registrert eit betydeleg høgare tal startar raskare enn 0,0015 enn før.

Meiner VM-favoritt vart snytt

– Eg trur ikkje at på så store statistiske slump at i VM i Eugene så startar plutseleg alle, både damer og menn, raskare på 100 meter og 110 meter hekk.

– Viss du hadde samanlikna med tider med Tokyo og det er signifikant forskjell, så er det noko med målesystemet som er sett opp annleis eller kalibrert annleis, seier Guttormsen.

World Athletics har skrive ei fråsegn der dei fortel at startblokksystemet i VM i Eugene er godkjend ved Universitetet i Köln. Der blir gjennomgått alt av startutstyr i forkant av meisterskapane. WA hevdar at det ikkje er funne uregelmessigheiter under testinga.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

SNYTT? Devon Allen fekk det raude kortet av dommarane.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Samtidig seier dei at dei vil sjå på regelverket etter VM.

– Det er sjølvsagt for seint. Devon Allen gjekk glipp av ein medalje på heimebane, seier Guttormsen.

– Dei har eit forklaringsproblem viss dei skal forklare kvifor alle startar betre her. Då må dei vise at dei har gjort det på alle Diamond League-stemne og at det har vore ei naturleg utvikling. Statistikk lyg sjeldan viss du kan statistikken.

Siste nytt

  • Historisk seier for futsalkvinnene

    Tiller-spillerne Andrea Holm Aune og Mari Kristine Vik scoret målene da Belgia ble slått 2-1 i Norges aller første futsallandskamp for kvinner.

    1300 tilskuere hadde tatt veien til Kolstad Arena, og de fikk se det norske laget imponere i den historiske kampen.

    Vik gjorde forarbeidet til ledermålet med et raid på venstresiden. Hun fant klubbvenninnen inne foran mål, og Aune scoret fra kort hold.

    Aune imponerte og fikk prisen som banens beste. Hun kom til flere store sjanser, men det var Vik som doblet ledelsen etter en soloprestasjon i 2. omgang. Først slo hun tunnel på en motspiller, så skjøt hun mellom beina på keeper.

    Belgia reduserte, men greide aldri å utligne, og de norske kunne juble for seier.

    Lagene møtes igjen onsdag. (NTB)

    Mari Kristine Vik
    Foto: NTB
  • Graham Hansen med scoring og assist for Barcelona

    Caroline Graham Hansen var igjen sentral for Barcelona da de vant 4-0 borte mot Eibar tirsdag kveld.

    Graham Hansen serverte Salma Paralluelo med et lavt innlegg til Barcelonas første mål og scoret selv Barcelonas tredje mål med et velplassert skudd.

    29-åringen ble byttet ut like etter at timen var spilt. Ingrid Syrstad Engen spilte 71 minutter av tirsdagens kamp.

    Barcelona har to runder igjen av ligasesongen, men har allerede vunnet serien med klar margin etter imponerende 27 seirer (og én uavgjort) på 28 kamper.

    Graham Hansen
    Foto: AFP
  • Vipers til sluttspillfinale – banket Larvik igjen

    Vipers Kristiansand gjorde igjen Larvik-spillerne til statister og tok seg til sluttspillfinale med to strake utklassingsseire. Tirsdag ble det 39-25 borte.

    Vipers overkjørte Larvik fra start sist, scoret åtte av kampens ni første mål og ledet 12-4 etter et drøyt kvarter. Tirsdag hang Larvik bedre med innledningsvis. Fra 0-2 holdt vertene følge til 7-9. Derfra rykket Vipers til 7-15 med seks scoringer på rad.

    Ved pause sto det 9-20, og Larvik-trener Arne Senstad var ikke særlig fornøyd.

    – Jeg gir opp. Bakover er vi ikke i den ligaen i det hele tatt. Der får jeg en jobb i sommer. Vi taper jo alt som er av dueller, sa han til TV 2.

    Vipers er klar for finale mot Sola eller Storhamar, som spiller 2. kamp onsdag. Sola vant overraskende første kamp på bortebane mot laget som ble toer i serien og i helgen vant europaligaens finalehelg. (NTB)

    Vipers
    Foto: Nikola Krstic / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal