For Italia slo Belgia 2–1 siger i kvartfinalen i EM, men eitt stort skår i gleda var det då Leonardo Spinazzola måtte forlate bana på båre.
– Det er synd for ein av EMs beste backar, det er synd for Italia, sa TV 2s ekspertkommentator Brede Hangeland då Spinazzola blei frakta av bana.
Det var i ein spurtduell med Thorgan Hazard at Spinazzola sklei, og stoppa opp. Han signaliserte umiddelbart at han måtte bli bytta ut, før han la seg ned på bakken.
Der var det ein svært prega back som fekk medisinsk hjelp før han blei frakta av bana med hendene over ansiktet sitt.
– Ein søndarknust Spinazzola, han er eit symbol på det positive italienske landslaget under Mancini, sa Øyvind Alsaker.
Etter kampslutt meldte Sky Sport Italia at det er snakk om ein roke akilles, og at Spinazzola då må belage seg på fleire månadar på sidelinja. I så fall vil meisterskapet vere over for ein av Italias mest framståande spelarar i meisterskapet.
Men trass i at backen måtte ut med skade, og eit stort press frå Belgia i sluttminutta stengde Italia døra bakover. Dermed slo dei ut laget som har toppa verdsrankinga i over 1000 dagar i strekk.
– Vi fortente sigeren, spelarane var fantastiske. Vi sleit dei siste ti minutta då vi byrja å bli slitne, men vi kunne skåra fleire mål tidlegare, sa Italia-trenar Roberto Mancini etter kampen.
– Dette var eit heilt annleis Italia-lag enn det vi har sett tidlegare i meisterskapet. Den eldre garde leverte stort. I kveld gjaldt det å gjere jobben, og det gjorde dei mot Belgia, sa tidlegare spelar og trenar Chris Sutton i BBC sitt studio.
VAR-annullering
Den første omgangen var fartsfylt, med to lag som begge var angrepsvillige og ville ha den første nettkjenninga.
Det var spela rett over ti minutt då dei italienske spelarane fekk ballen i nettmaskene.
Eit frispark blei slått hardt i korridoren, og Leonardo Bonucci brysta ballen i mål. Dei italienske spelarane rakk å feire i nokre sekund før ein VAR-sjekk annullerte skåringa for offside.
Så fekk Kevin De Bruyne rom like utanfor 16-meteren til Italia, og testa skotfoten. Men i full strekk låg Gianluigi Donnarumma og venta på ballen, og fekk slått den til corner.
Like etter var det Lukaku sin tur til å setje Donnarumma på prøve, men nok ein gong var målvakta på plass på det låge skotet, og fekk slått ballen unna.
Barella-magi og Insigne-perle
I det halvtimen var passert varta Nicolò Barella opp med eit augneblinks magi. Han tok imot ballen inne i Belgias boks, venda vekk tre motspelarar og hamra ballen i det lengste hjørnet.
– Den eksplosjonen ut av situasjonen, og avslutninga i lengste, det er høg klasse, sa TV 2s ekspertkommentator Brede Hangeland.
Og berre nokre minutt før pause var det Lorenzo Insigne sin tur til å tråkke inn i rampelyset. Han fekk gå heilt uforstyrra framover på Belgia sin banehalvdel. Då han var 25 meter frå målet klinka han til, og bøyde ballen i det lengste hjørnet.
Tende eit håp
Dermed skulle ein tru at Italia ville klare å halde på 2–0-leiinga inn til pause, men så dukka Jeremy Doku opp. Han blei dytta over ende inne i straffefeltet. Dermed peika dommaren på straffemerket.
Og derfrå var Lukaku sikker. Han sende Donnarumma til ein side, og plasserte sjølv ballen midt i målet. Dermed var det belgiske håpet tent ved pause.
Over i den andre omgangen fekk Lukaku ein enorm moglegheit til å utlikne leiinga. Han fekk ballen servert av De Bruyne inne på fem meter. Men denne gongen kasta Leonardo Spinazzola seg inn og fekk blokkert skotet med låret sitt.
Belgia haldt fram med presset, og Lukaku fekk endå ein stor sjanse til å halde liv i EM draumen, men nok ein gong hadde ikkje storskåraren marginane på sin side.
Innlegget frå Nacer Chadli hadde akkurat litt for mykje luft under seg, og Lukaku klarte ikkje å setje panna på ballen.
Men trass det høge presset klarte ikkje Belgia å få utlikninga dei jakta på. Dermed er Italia klare for semifinalen, der dei møter Spania, etter at spanjolane slo Sveits på straffesparkkonkurranse.