Hopp til innhold

Ingebrigtsen ristar på hovudet av EM-programmet: – Eg forstår ikkje kvifor

Henrik Ingebrigtsen skjønar fint lite av kvifor veslebror Jakob Ingebrigtsen ikkje kan gjere seg ferdig med 1500 meter før han skal springe 5000 meter-finale i EM.

Henrik ingebrigtsen

STORFAVORITT: Her er Henrik Ingebrigtsen saman med veslebror og EM-favoritt Jakob Ingebrigtsen i München.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

I 2012 var det først 1500 meter og 5000 på siste dagen. I 2014 var det først 1500 meter, så 5000 meter på siste dagen. I 2016 det same, og i 2018 det same, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK – og held fram:

Eg forstår ikkje kvifor dei må endre det.

Dersom Jakob Ingebrigtsen skal kopiere dei to gulla sine frå Berlin for fire år sidan, må han bryne seg på eit nytt oppsett:

  • Måndag: 1500 meter, forsøk
  • Tysdag: 5000 meter, finale
  • Torsdag: 1500 meter, finale

Det er ein snau time etter at veslebror Ingebrigtsen har sprunge seg til finale 1500 meter i München at NRK møter Henrik Ingebrigtsen utanfor Olympiastadion. Storebror Ingebrigtsen er tydeleg på at det nye oppsettet er mindre innbydande med tanke på dobling.

Du vil ha 1500 meter-løparar på 5000 og du vil ha 10.000 meter-løparar på 5000. Du vil at folk frå kortare og lengre distansar skal møtast. Då bør dei leggje til rette for å doble. Det er kjedeleg å berre velje éin distanse.

Symjarane kan ta ti medaljar i same meisterskap. Ein må prøve å leggje litt til rette for at løparar også kan gjere det, seier Henrik Ingebrigtsen med eit smil om munnen.

Henrik Ingebrigtsen prøvde seg på både 1500 meter og 5000 meter i EM i Amsterdam i 2016 og i Berlin i 2018. Det enda med høvesvis bronse og 4.-plass og 4.-plass og sølv frå kvar av meisterskapa.

HI

SUKSESS-DOBBEL: Jakob Ingebrigtsen vann 5000 meter framfor Henrik Ingebrigtsen i Berlin for fire år sidan. Begge dobla og sprang i tillegg 1500 meter.

Foto: Martin Meissner / AP

Jakob tok to gull i Berlin og er regjerande europameister på begge distansane.

– Eg trur ikkje det er det verste programmet som kunne ha vore, meiner han sjølv.

Rodal: Dårlegare oppsett enn i VM for Jakob

NRK-ekspert Vebjørn Rodal har forståing for at det er utfordrande at dei ikkje gjer seg ferdig med éi øving før dei går laus på den neste. Han er usikker på kva endringa kjem av, men lurer på om det kan vere for å sleppe til utøvarar som ønskjer å springe både 800 meter og 1500 meter.

Tyske Christoph Kessler er den einaste som spring 800 og 1500 meter i EM, medan Jakob Ingebrigtsen og Mohamed Mohumed spring 1500 og 5000 meter.

Men Rodal trur ikkje nødvendigvis betyr så mykje for Jakob Ingebrigtsen at han må springe 5000 meter-finalen før 1500 meter-finalen i dette europameisterskapet.

– Han er så suverent god. Viss han verkeleg var under konkurranse og press frå andre løparar, slik som i OL- og VM-samanheng ville det vore unødvendig tøft, seier Rodal.

Fleire av dei sterkaste 1500 meter-løparane frå Europa står over distansen i EM. Verdsmeister Jake Wightman spring 800 meter, OL-bronsevinnar Josh Kerr står over meisterskapen og Spanias VM-bronsevinnar, Mohamed Katir, prioriterer 5000 meter.

– Dette er eit dårlegare oppsett for Jakob enn i VM.

NRK har kontakta European Athletics med tanke på EM-oppsettet, men førebels ikkje fått svar på kvifor det er sett opp slik i 2022.

Usamde om avreise

– Man kan alltid optimalisere. Ideelt sett ville ein gjerne hatt programmet som det var i Berlin, med 1500 meter først og så 5000. Det behøver ikkje ha så mykje å si, men da har ein ei lita sikkerheitsmargin på at ein er så bra man er så bra som man kan på 1500 meter, seier Jakob Ingebrigtsen.

Dei to brørne brukte EMs første løpsdag til å køyre rett frå høgda i sveitsiske St. Moritz til München i Tyskland. Henrik meinte det var det beste for å prestere på begge distansane, men innrømmer at Jakob var litt lunken til akkurat den ideen.

Eg var hundre prosent klar på at det var denne måten eg ville gjere det på. Jakob var litt lunken til den ideen. Han ville dra ned i går, fordi han ikkje ville kjenne seg tung. Men eg er ganske sikker på at dette er best for å prestere på 1500 og 5000 meter.

Henrik og Jakob Ingebrigtsen

SMÅSEINT UTE: Jakob og Henrik Ingebrigtsen kom til oppvarmingsanlegget ved Olympiastadion halvannan time før 1500-meteren. Trafikkaos utanfor stadion gjorde at dei vart nokre minutt forseinka.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Og førebels ser det ut til at storebrors plan ser bra ut. Jakob Ingebrigtsen var ikkje tyngre enn at det vart ein kontrollert heatsiger på tida 3.38,48 sekund.

Heldigvis er det ti sekund unna pers. Så det er vanskeleg å seie kor mykje det kostar, men han er trena for å tole dette. Om andre konkurrentar hadde gjort det same, er det ikkje tvil om at opplegget passar best for Jakob, seier Henrik Ingebrigtsen – før han minner om det som vart gjort i VM:

Det er ei ekstra utfordring, men han er trena for å tole det. Du ser i VM, han spring fem løp, men det ser ut som det første løpet og det ser ikkje ut som han har gjort anna enn å lade opp til finalen på 5000.

Jakob Ingebrigtsen tok for ordens skyld VM-sølv på 1500 meter, før han revansjerte seg med gullmedaljen på 5000 meter i suveren stil.

Les også Program for friidrett under EM-uka i München

EM i friidrett

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal