Den indiske presidenten var oppstemt etter at India delte gullet med Russland.
– Gratulerer til det indiske laget som vann OL. Heile India jublar over den fantastiske prestasjonen, skreiv den indiske presidenten Rashtrapati Bhavan på Twitter.
Men vann India eigentleg OL?
På resultatlista står Russland oppført med 4,5–1,5-siger.
Likevel vart gullet delt.
Internett ramla ned
På siste finaledag vart det spelt seks parti. På grunn av det globale koronautbrotet vart partia spelte på nett.
Russland vann tre, medan dei siste tre enda med remis. I ettertid viser det seg at to indiske spelarar mista internett-tilkoplinga undervegs i partiet, og at dei dermed tapte partiet på tid.
Den indiske lagleiinga sende inn klage - og fekk medhald.
– Sjakk-OL vart sett ut av eit globalt internett-samanbrot. Det påverka fleire land, mellom anna India. To spelarar mista tilkoplinga då kamputfallet framleis var uavklart, seier FIDE-president Arkadij Dvorkovitsj.
– Eg synest det er rettferdig. Laga var ganske jamne, så det er ei fin avslutning, sa India si store sjakkstjerne, Vishy Anand, til ESPN India.
Anand la òg ut ei melding på Twitter som summerte opp kaoset:
– Vi vann! Gratulerer Russland, skreiv han.
Forbanna russarar
Aleksandra Kostenjuk spelte på det russiske laget i finalen og var lite imponert over avgjerda frå det internasjonale sjakkforbundet.
– India vann ikkje OL, men vart kåra til delt vinnar. Etter mitt syn er det ein stor forskjell mellom å vinne gullet og bli tildelt sigeren utan å vinne eit parti i finalen, skriv Kostenjuk på Twitter.
Det internasjonale sjakkforbundet vedgår at avgjerda ikkje var optimal.
– Kanskje blidgjer vi ikkje alle med denne avgjerda, men det verkar optimalt, ut frå føresetnadene. Det er synd at det enda sånn, men dette er realitetane på nett, skriv FIDEs generalsekretær Emil Sutovskij i ei fråsegn på Facebook.
Der får han svar frå Daniil Dubov, som spelte finalen for Russland.
– Den optimale løysinga er å gi gull til laget som vann null parti på to kampar og tapte eit parti i finalen?, skriv Dubov.
– Problematisk
NRKs sjakkekspert Atle Grønn forstår ikkje heilt den russiske irritasjonen, men meiner sjakken står overfor eit vanskeleg val.
– Det er greitt å ha turneringar på nett, men å gjere det til offisielle meisterskap er problematisk. Sjakken har lange tradisjonar der alt skal vere på stell. At det blir så tilfeldig gjer at det er vanskeleg å overføre sjakk til internett, seier Grønn.
– Det er ikkje eigna som konkurranseform på nett. Det er alvorleg for sjakken, seier Torstein Bae.