Hopp til innhold

Hylla Black Lives Matter med spesial-munnbind – gret av helsing frå foreldra

Tennisstjerna Naomi Osaka har under kvar kamp i US Open-turneringa brukt munnbind med namna til drepne afroamerikanarar. Då foreldra takka for hyllesta var det vanskeleg å halde tårene tilbake.

2020 US Open - Day 9

HYLLEST: Munnbinda til Naomi Osaka med namna til drepne afroamerikanarar har vakt oppsikt under US Open-turneringa i New York.

Foto: Matthew Stockman / AFP

– Eg prøvde hardt å ikkje grine. For meg er det uverkeleg og veldig følsamt at dei blir rørt av det eg gjer. Det eg gjere er ingenting mot det eg kunne gjort, svarte den japanske 22-åringen, med to sigrar i WTA-turneringa, til nyheitsbyrået Reuters.

For dei spesialsydde munnbinda har vakt oppsikt i årets turnering av US Open i New York.

Då den japanske tennistjerna tok seg vidare til semifinalen i turneringa i går bar ho eit munnbind med George Floyd sitt namn på.

Tidlegare i den prestisjetunge turneringa har ho bore munnbind med namna til mellom annan Trayvon Martin, Ahmaud Arbery, Breonna Taylor og Elijah McClain.

Alle afroamerikanarar som er blitt drepne i USA.

Rørt av videohelsing

I ein video frå mora til Trayvon Martin, 17-åringen som i 2012 vart drepen på gata i Sanford i Florida, takka dei verdsstjerna for måten ho hylla fleire av Black Lives Matter-offera på.

Tennis: US OPEN

RØRT: Tennisstjerna Osaka frå Japan fekk rørande videohelsing av foreldra til to av dei drepne afroamerikanarane.

Foto: Robert Deutsch / Reuters

– Takk for at du representerer Trayvon gjennom bruk av di maske. Vi takkar deg frå heile vårt hjarte, sa ho i ein video til nyheitsbyrået ESPN.

Det same gjorde faren til Ahmaud Arbery. Den 25 år gamle afroamerikanaren vart forfølgt og skoten medan han var ute og jogga nær Brunswick i Glynn County i Georgia.

– Takk for støtta til vår familie. Gud velsigne deg for det du har gjort, sa Marcus Arbery.

Videohelsingane vart synt fram for Osaka i eit intervjuet med ESPN. Ho vart tydleg prega av hyllesta frå foreldra til drapsoffera.

Laster Twitter-innhold

– Det betyr mykje. Dei er så sterke. Eg veit ikkje kva eg ville gjort i deira situasjon. Eg føler eg kan gå føre og spreie bevisstheit, men det kan ikkje dempe smerta deira.

Trenaren er imponert

På sosiale medium har det heller ikkje mangla på hyllest. På hennar eigen Twitter-konto har ho sjølv lagt ut både bilete og refleksjonar.

– Eg lurer på om det eg gjere når så mange folk som eg håpar. Eg prøvde halde det for meg sjølv, men etter å reflektert i etterkant gret eg svært mykje. Styrken og karakteren begge desse foreldra har synt er utanfor mi fattevne. Elskar dere begge, skriv ho.

Tidlegare tennisspelar og trenar for Osaka, belgiaren Wim Fissette, er ikkje overraska over at hans stjernespelar har valt å nytte tennisturneringa til dette formålet.

Fissette

IMPONERT: Trenar Wim Fissette meiner det er viktig at stjerner som Naomi Osaka er gode rollemodellar både på og utanfor bana.

Foto: Matthew Stockman / AFP

– Det hjelper ho definitivt og gir ho meir energi. Sjølvsagt er ho alltid motivert for å nå langt i Grand Slam-turneringa og ho vil vinne den. Men dette er ein ekstra motivasjon. Vi støttar ho og eg veit kor viktig dette er, seier 40-åringen til Reuters.

Han peikar på at det er viktig at stjerner som Naomi Osaka er gode forbilde både på og utanfor bana.

– Eg synst det er vedunderleg at ho gjere dette og eg er veldig stolt over ho.

Sjølv seier Osaka at det er tilfeldig kven av offera ho har brukt namnet til i dei ulike kampane. Ho kom også med eit spark til media.

– Nokon gonger syner nyheitene berre ei side av saka. Gjer research før de seier noko om nokon.

2020 US Open - Day 5

STØTTE: Slik viser Osaka støtte for Ahmaud Arbey og alle andre afroamerikanarar som er drepne i USA.

Foto: Al Bello / AFP

Siste nytt

  • Idrettsstyret snur etter feide med Antidoping Norge

    Styret i Norges idrettsforbund drar i bremsen og ber likevel ikke tinget stemme over å gi Antidoping Norge ansvaret for doms- og appellorganet i dopingsaker.

    I stedet besluttet idrettsstyret på sitt styremøte i Bergen torsdag å fremme et endringsforslag der det bes om tingets tilslutning til at styret fortsatt skal arbeide for etablering av en nasjonal antidopinglov, med etablering av en domsfunksjon i dopingsaker uavhengig av idretten og Antidoping Norge.

    Kulturdepartementet har overfor NIF varslet at et høringsutkast til en slik lov kan foreligge allerede våren 2024.

    Helomvendingen skjer få dager etter at Antidoping Norges styreleder Rune Andersen gikk hardt ut mot forslaget i et VG-intervju. Han ga det merkelapper som «radikalt» og «alvorlig for norsk idrett». (NTB)

    NIF valgkomite
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Carlsen-parti ferdig etter 12 minutter

    Magnus Carlsen spilte remis mot Hikaru Nakamura i 3. runde i Norway Chess torsdag. Langsjakkpartiet varte i bare 12 minutter.

    Spillerne får ett poeng hver. De skal møtes i armageddon om et ekstra halvpoeng.

    Partiet artet seg mer som et lynsjakkparti. Etter 31 trekk var det over. (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • VG: Bekrefter forhold med Ødegaard

    Den tidligere proffdanseren Helene Spilling bekrefter overfor VG at hun og Arsenal-spiller Martin Ødegaard er et par.

    Ødegaard selv har delt flere bilder av de to sammen på Instagram torsdag.

    Romanseryktene har florert i flere måneder etter at de ble avbildet sammen under London Football Awards i mars.

    Martin Ødegaard er en av Norges mest profilerte fotballspillere, og er kaptein på det norske landslaget og klubblaget Arsenal. Drammenseren var en stor bidragsyter i laget som ble nummer to i Premier League denne sesongen.

    Helene Spilling er på sin side en merittert danser, som tidligere i år var aktuell i NRK-serien «Mesternes mester».

    Ødegaard og Spilling
    Foto: odegaard.98/Instagram

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste