Hopp til innhold

Landslagshopparen starta innsamlingsaksjon etter skademareritt

Thomas Aasen Markeng (22) har mista teljinga over talet på operasjonar han har hatt, og spurde det norske folket om hjelp til å finansiere rehabiliteringa. Det gjekk ikkje særleg bra.

Thomas Aasen Markeng på krykker

KRYKKJER: Thomas Aasen Markeng, her frå 2019, er igjen på krykkjer. Operasjon og rehabilitering måtte han ta frå eiga lomme etter ein mislykka «Spleis».

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Humpande på krykkjer ser han opp mot Lysgårdsbakken på Lillehammer. Han har for kort tid sidan gått under kniven igjen for å prøve å få orden på venstrekneet.

– Eg har ikkje heilt teljinga over kor mange operasjonar eg har hatt, men det har vorte nokon, seier Markeng til NRK medan han smiler litt skeivt.

Hopparen frå Lensbygda på Toten har ikkje hoppa på ski sidan 12. desember 2021. Då klarte han ikkje å kvalifisere seg til rennet i Zakopane.

– Eg skulle gjerne ha hoppa over 100 hopp både i sommar og vinteren som var. Men eg har hatt eit bein som har trøbla med hevelse, og har ikkje fått trena normalt. Eg hugsar ikkje sist eg hadde ei tung styrketrening, fortel Markeng.

Les også: Granerud ut mot juryen etter seier: – Gleden gikk over i frustrasjon

Laber «Spleis»-respons

Det å finne midlar til å finansiere alle operasjonane og rehabiliteringa er ikkje lett. Derfor oppretta Markeng ein «Spleis» for eitt år sidan i håp om å få hjelp av det norske folket.

– Eg starta han for å få litt støtte til rehabilitering og sånt. Det gjekk «så där», men han vart starta då det framleis var korona, seier Markeng.

Hopparen presiserer at han er takksam for kvar krone som kom inn.

Ein «Spleis» er ein offentleg innsamlingsaksjon der kven som helst kan oppmode til kronerulling. Markeng lokka med reklameplass på klede og bil til både privatpersonar og firma som bidrog med pengar, men han nådde berre 3 prosent av målet.

Den gongen klarte hopparen å skrape saman nok av eiga lomme til å ta ein operasjon til, men han vil ikkje seie kor mykje det gjekk utover lommeboka.

– Det er ikkje lett å skaffe sponsorar når ein har vore skadd sidan 2019. Eg har ikkje hatt høve til å vise meg fram på lenge, seier 22-åringen, som medvite prøver å ha minst mogleg fokus på dei økonomiske bekymringane.

Vanlegvis blir operasjonar dekte og rehabilitering av forsikringa ein har via landslaget. Men sidan Markeng har slite med same skade i over to år, så dekkjer ikkje forsikringa nye operasjonar, rehabilitering eller opptrening, forklarer 22-åringen.

I tillegg mista han stipendet på Olympiatoppen i mai i fjor. Stipendet han hadde før var nok til å betale rehabilitering og opptrening.

Les også: De fleste mislykkes med innsamlingsaksjoner

Emma Elise Nilsen Reiakvam
Emma Elise Nilsen Reiakvam

Skrekkfallet

Den første operasjonen i kneet hadde han allereie i 2015. Men det var etter skrekkfallet i 2019 det verkeleg skar seg for 22-åringen.

Etter å ha landa på 131 meter i Klingenthal sklei skia ut, og kneet fekk seg ei ekkel vriding. Det enda opp med eit øydelagt korsband og menisk, som han har slite med sida.

– Eg har vel operert fire–fem gonger berre etter at eg skadde meg i 2019, så eg har operert nokon rundar, ja. Eg har sett svart på det innimellom og lurt på korleis eg skal få dette til å fungere. Det skal eg innrømme, seier Markeng.

Thomas Aasen Markeng bært ut på båre i 2019

BÅRA UT: Thomas Aasen Markeng måtte ha hjelp av båra for å komme seg ut av bakken etter skrekkfallet i 2019.

Foto: Robert Michael/DPA / NTB

Sjølv om han ikkje har hoppa på lenge, var Markeng blant dei utvalde då landslagstrenar Alexander Stöckl presenterte laget for 2022/23-sesongen.

Stöckl er imponert over standhaftigheita til den uheldige hopparen.

Han er veldig dedikert. Han ønskjer å komme tilbake og han elskar hoppsporten. Han ønskjer å hoppe igjen, og han veit at han har eit bra potensial. Det har han vist før han vart skikkeleg skadd, seier Stöckl.

Kor god kan han bli?

Vi må berre gå tilbake til dei resultata han hadde før skaden, dei var gode. Han er like ivrig. Så viss kroppen fungerer så er det ein god sjanse for at han er ein kapabel landslagshoppar.

Alexander Stöckl og Thomas Aasen Markeng

LANDSLAGET: Thomas Aasen Markeng snakkar saman med landslagstrenar Alexander Stöckl under presentasjonen av landslaget til inneverande sesong.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Trassa legane

Markeng klarte ikkje å få kontroll på hevelsen som stadig dukka opp i kneet etter operasjonen i fjor. Legane byrja å tvile på om hopparen nokon gong ville komme tilbake i hoppbakken.

Men Markeng tvinga altså gjennom endå ein operasjon denne hausten.

– Eg kjenner sjølv at det framleis er ting å prøve, og det er fleire moglegheiter. Eg har ikkje gitt meg på det, så då tok eg ein ny operasjon no og det viste seg at eg hadde rett i det eg sa. Så eg håpar han var med på å bidra at kvardagen min kjem til å bestå av trening og skihopping.

Han fekk sydd igjen menisken og reinska vekk nokon arrvev i kneet.

Har du hatt din siste operasjon?

– Eg håpar det. Satsar på det i alle fall, kryssar fingrane.

Sportsnyheter

Premier League - Manchester City v Liverpool

Liverpools spillerbuss angrepet: – Fullstendig uakseptabelt

Manchester City uten en skadd Erling Braut Haaland holdt lekestue med Liverpool. Men rødtrøyene ble forbannet på dommeravgjørelse som kunne snudd kampbildet.

Siste nytt

  • Dramatisk velt i Flandern rundt – stjernesyklister rammet

    Det oppstod fullt kaos etter at Bahrain Victorious-rytter Filip Maciejuk kjørte ut på siden i et klissvått gress og mistet balansen.

    Det førte til at han kjørte inn i et stort felt med ryttere, og mange syklister fikk Flandern rundt ødelagt som følge av ulykken.

    Senere ble Maciejuk kastet ut av rittet som følge av manøveren.

    Kommentator Christian Paasche anslår at det må ha vært rundt 40 ryttere som gikk i bakken samtidig.

    – Den var stygg, utbrøt ekspertkommentator Thor Hushovd.

    Flere profiler måtte bryte rittet. Blant dem var Julian Alaphilippe, Peter Sagan og Jasper Stuyven.

    – Den var skummel. Utrolig klønete, sier Hushovd.

    Flere av de som ble rammet av velten var Uno-X-ryttere, blant annet tidligere norgesmester Rasmus Fossum Tiller.

  • Norge sikret VM-bronse – Jensen med fire mål

    De norske bandyherrene tok VM-bronse etter at de slo Kasakhstan 5-1 i bronsefinalen søndag. Nikolai Rustad Jensen var i storform for Norge.

    Rustad Jensen scoret hattrick før hvilen og sørget for at Norge gikk til pause med 3-1 på resultattavla. Fredrik Nordby økte til 4-1 etter hvilen, mens Rustad Jensen fastsatte resultatet til 5-1 rett før slutt.

    I puljespillet møtte de også Kasakhstan, hvor de norske herrene seiret 6-1. Norge lå på 3.-plass med fire poeng etter at puljekampene var ferdig. Norge vant også mot USA, mens det endte med tap mot Sverige og Finland.

    De to sistnevnte møtes til VM-finale senere søndag. Mesterskapet avholdes i svenske Åby.

    Rustad
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Nyenget og Slind vant i Senja – Aukland hyllet

    Martin Løwstrøm Nyenget var først over målstreken etter 70 kilometer. Løpet startet i Bardufoss og ender på Finnsnes.

    Løperne fikk et fortryllende flott nordnorsk vintervær med sol fra klar himmel. Han ble historiens første vinner i dette skirennet.

    Nyenget brukte 3 timer, 9 minutter og 11 sekunder til mål.

    – Jeg var skikkelig sliten i hele dag, sier vinneren til NRK.

    Johan Hoel var nummer to i mål, mens Herman Paus endte som nummer tre. Karstein Johaug ble nummer fire og håper at nyvinningen blir en tradisjon.

    – Det var et veldig artig skirenn, og jeg håper at dette kan bli en fast tradisjon som et siste skirenn, sa han til NRK.

    Astrid Øyre Slind vant kvinneklassen og gikk i mål etter 3 timer, 41 minutter og 16 sekunder. Ida Dahl ble nummer to, og Emilie Fleten tok 3.-plassen.

    Anders Aukland ble møtt med champagne ved målgang. 50-åringen legger skiene på hylla.

    – Det er ikke vemodig. Jeg gleder meg til det som kommer, sier Aukland til NRK.

    Martin Løwsrøm Nyenget
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste