– Det er veldig synd, seier Ingrid Hjelmseth til NRK.
Leddbandskada ho pådrog seg mot Vålerenga 28. september vart starten på pensjonisttilværa hennar. Keeperen måtte til legevakta etter ein duell med Vålerengas Dejana Stefanovic ti minutt inn i kampen. Ifølgje Budstikka var bileta frå sjukehuset oppløftande, og 39-åringen håpa å vere tilbake til neste seriekamp.
No viser nye undersøkingar at det truleg er seks til ti veker før ho kan spele fotball igjen. Dermed mistar Hjelmseth dei siste tre seriekampane med Stabæk, og blir tvinga til å legge opp før planlagt.
– Det ser ut som eg har spelt min siste fotballkamp. Det kan jo skje eit mirakel, men ut frå prognosane er det status nå, seier ho.
Mistar skjebnekampar
Hjelmseth har allereie spelt sin siste landskamp, og enda med 138 kampar med det norske flagget på brystet. Planen var å fullføre sesongen med Stabæk, klubben ho har spelt for dei siste elleve sesongane, før ho la skoa på hylla for godt.
Slik blir det altså ikkje. Ho mista førre helgs 0-5-tap for Klepp, og vil òg miste dei tre resterande seriekampane, noko som er svært dårleg nytt for nedrykkstrua Stabæk.
– Vinn vi ikkje laurdag er det køyrt. Vi ønsker jo å stille med dei beste spelarane våre, men vi har òg ein god andrekeeper, fortel Stabæk-trenar Per Inge Jacobsen.
Han synest det er trist at keeperveteranen avsluttar karrieren på denne måten, og meiner Hjelmseth har vore ein svært viktig spelar både på og utanfor banen.
– Eg skulle ønske ho kunne spele dei siste kampane. Ho hadde fortent å avslutte karrieren på ein verdig måte. Men vi styrer ikkje skadar, dessverre, seier Jacobsen.
Fiaskosesong for Stabæk
Hjelmseth håpar at Stabæk kan berge plassen, men innrømmer at den tradisjonsrike klubben ikkje har vore gode nok i år.
– Etter ti år i klubben er det jo veldig synd å forlate han dersom Stabæk rykker ned, men vi endar på den plassen vi fortener.
Stabæk har to seriegull, fire seriesølv og to seriebronsar i Toppserien etter at dei overtok Askers plass i 2009. Då henta klubben Hjelmseth saman med fleire andre landslagsspelarar og satsa stort.
– Dei siste åra har det skjedd eit generasjonsskifte, mange har lagt opp, og i år har vi hatt eit veldig ungt og urutinert lag. Så må klubben spørje seg korleis ein vil satse vidare, seier 39-åringen.
Om Hjelmseth, som til dagleg jobbar som sivilingeniør, framleis vil ha ei rolle i Stabæk etter at sesongen er ferdig, veit ho ikkje. 39-åringen forklarer at dei no fokuserer fullt og heilt på serien og å berge plassen, og at hennar framtida i klubben vil diskuterast seinare. Men trenar Jacobsen er i alle fall klokkeklar på at Hjelmseth er ønska med vidare.
– Ingrid er ein kjemperessurs og vi vil absolutt ha henne med vidare.