Hopp til innhold

Historia bak Thorsbys nye nummer er heilt spesiell: – Det var mykje latter og applaus

Morten Thorsby held fram med å gjere seg merka ute i Europa for innsatsen han legg ned i klimakampen. No gjer landslagsprofilen endå eit grep for å fremje saka si.

Morten Thorsby

MILJØENGASJEMENT: Morten Thorsby får verdsomspennande merksemd for miljøengasjementet sitt i Sampdoria

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Når Thorsby og klubben hans Sampdoria opnar Serie A-sesongen heime mot Milan 23. august, vil han nemleg ikkje spele med draktnummer 18 som han har brukt dei siste åra.

Frå no av er det draktnummer 2 som gjeld for 25-åringen, og grunnen til at Thorsby har valt å byte nummer er ganske spesiell.

Nordmannen har nemleg lenge vore aktiv i klimakampen. Talet 2 viser til Parisavtalen, der målet er å avgrense temperaturstigninga på jorda til under 2 grader.

– Eigentleg så er målet justert til helst under 1,5 grader, men det var det vanskeleg å ha på drakta. Eg veit at det her ikkje skaper ei endring i seg sjølv, men målet er å skape ei bevisstgjering rundt temaet, og då tenkte eg at det kunne vere ein fin ting å gjere, seier Thorsby til NRK.

Internasjonal merksemd

Førebels har Thorsby oppnådd akkurat det han har ønskt. Draktbytet har fått merksemd i ei rekkje internasjonale medium, mellom anna i BBC.

– Det har vore eit bra trykk rundt det allereie, så det er tydeleg at det har fått merksemd i heile verda, seier 25-åringen.

Også blant lagkameratane i Sampdoria blir Thorsby hylla for engasjementet sitt. Han måtte først spørje om lov til å få ta draktnummeret til ein av forsvarsspelarane i laget, men då nordmannen forklarte grunnen, var det ingen som sette spørsmålsteikn ved draktbytet.

– Vi hadde ein liten sirkel der eg forklarte dei kvifor eg ville gjere det. Det vart sjølvsagt litt latter, men så fekk eg stor applaus av heile laget, fortel han.

– Var det vanskeleg å få bytt med spelaren som allereie hadde nummeret?

– Eg måtte berre forklare det til han, for det er ikkje normalt at ein midtbanespelar kjem og spør om nummer 2. Men då eg forklarte det, var han ikkje vanskeleg å be.

– Fotballen har eit stort ansvar

Morten Thorsby

FØR: «Normalt» midtbane-nummer for Thorsby i Sampdoria

Foto: Tano Pecoraro / AP

Det er ikkje første gong Thorsby gjer seg merka på grunn av engasjementet hans for å gjere både idretten og verda grønare.

Då han hadde signert for Sampdoria og skulle flytte sørover for to år sidan, tok han bilen dei over 2000 kilometrane, i staden for å setje seg på flyet.

Han hadde dårleg samvit for det òg.

– Eigentleg skulle eg teke tog eller buss. Men eg hadde så mykje bagasje, sa han til NRK.

I fjor sommar vart han invitert av Italias klimaminister Sergio Costa der Thorsby la fram planane sine om stiftinga «We Play Green».

Den norske landslagsspelaren meiner at fotballen har eit stort ansvar når det gjeld klimaspørsmålet, og at det nettopp er derfor han har lyst til å bruke plattforma si til å synleggjere klimautfordringane.

– Godt tidspunkt for å markere seg

Morten Thorsby

NO: 2-talet markerer temperaturgrensa i Paris-avtalen. – Eigentleg så er målet justert til helst under 1,5 grader, men det var det vanskeleg å ha på drakta

– Kjenner du at du når ut til spelarane med bodskapen din?

– Eg opplever at desse tinga skaper ei enorm merksemd og ei varig endring i måten menneske tenkjer på. Eg trur at det er ein ekstremt viktig del av det å løyse klimaproblemet, slik at dei sjølv byrjar å ta gode val. Og eg opplever ei endring hos spelarane òg, seier Thorsby.

Han meiner tidspunktet for å markere seg er bra, ikkje minst i lys av FN-rapporten som kom for berre nokre dagar sidan. Den slår fast at det ikkje er tvil om at menneska er grunnen til den globale oppvarminga.

– Rapporten kallar det «Kode raud», som betyr at vi ligg svært dårleg an til å klare målet. Det er veldig mykje som må gjerast. Vi ser allereie at det fører til brannar, flaumar og alle dei tinga som forskarane har sagt kjem til å skje. No byrjar folk å kjenne det på kroppen.

– Kanskje blir draktnummer 2 det nye miljønummeret på bana no, seier Thorsby med eit smil.

Siste nytt

  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal