Thorsby sette seg fredag i bilen for å køyre dei over 2000 kilometrane til sin nye klubb i Italia.
– Det tek den tida det tek. Det er langt og Europa er stort. Men eg får tid til å gjere ting eg elles ikkje har tid til, som å lese bok og høyre på podkast, seier 23-åringen på telefon frå Como, litt nord for Milano, som er siste stopp før han er framme i middelhavsbyen Genova.
Den miljøengasjerte midtbanespelaren, som siste åra har spelt for Heerenveen i Nederland og no er klar for storklubben UC Sampdoria i italienske Serie A, har nemleg bestemt seg for å ikkje fly om det finst andre alternativ.
Eigentleg er han litt flau over å køyre bil også. Aller helst skulle han reist med tog eller buss.
– Men eg hadde så mykje bagasje, så det var rett og slett umogeleg.
Turen heim frå profflivet i Nederland til Oslo gjekk derimot med buss og tog. Det tok 15 timar. Sommarferien til Lofoten vart også gjennomført med tog.
Turen til Italia starta grytidleg fredag morgon. Første overnatting tok han i Hamburg. Turen tek i alt tre døgn. Med seg har han foreldre og søster.
– Fly er alt for billig. Tog er blitt utkonkurrert på pris og tilbod, så det er klart det er vanskeleg for dei som vil velje miljøvennleg, seier midtbanespelaren som først fortalde om bilturen til Italia på podkasten Fotballklubben.
Fekk heile laget til å sykle
Miljøengasjementet har han hatt med seg frå tenåra. Då var han også politisk engasjert i Venstre. På same tid vart han proff og gjorde det stort i den nederlandske klubben Heerenveen.
Som 19-åringen var han så god at han fekk ein høghengande talentpris. Prisen gleda han stort, men at det var eit oljeselskap som stod bak premieringa, gjorde han så flau at han gøymde pokalen i kjellaren.
– Det fekk engasjementet mitt til å vekse, og no har eg som mål og redusere utsleppa mine mest mogeleg.
Miljøfotavtrykket har han også sett frå seg i Nederland.
Første året køyrde alle spelarane til trening. Unntaket var lysluggen frå Oslo som sykla. Året etterpå sykla derimot alle.
– Dei opplevde nok at eg snakka om ein del ting, som dei ikkje hadde tenkt så mykje på, men etter kvart vart dei meir medvitne på det. Og det er jo ein start. Vi har ikkje tid til å snakke lenger, no trenger vi å handle, seier han engasjert.
Usamd med Erna Solberg
Og han vart ikkje akkurat mindre engasjert, då han på bilturen til Italia fredag kunne lese om statsminister Erna Solberg som gjekk ut og sa at det norske folk ikkje skulle kjenne på flyskam, når dei tok fly i sommarferien.
– Eg trur det er viktig å tenke at vi skal nå klimamåla våre på andre måtar enn å gå rundt å ha dårleg samvit for at vi nyt ein ferie, sa Solberg.
– Eg er jo djupt usamd. Om profilar i Noreg går ut og seier at vi som forbrukarar ikkje har noko ansvar, så vil det føre til handlingslamming. Det er ikkje det vi treng no.
– Synest ikkje vi skal kjenne skam for å fly
Høgres miljøpolitiske talsperson Stefan Heggelund tek statsministeren i forsvar.
– Det er viktig at folk finn måtar å leve meir miljøvennlege måtar å leve på. Samstundes er spørsmålet om ein skal kjenne på flyskam når ein tek familien med på ferie, eller reiser rundt i Norge som er eit langstrakt land. Eg meiner vi ikkje treng kjenne på det, seier Heggelund.
Han meiner også at vi, liksom Thorsby, må gjere meir klimaval i kvardagen.
– Men vi må gjere det lettare.
– Kva meiner du om uttrykket flyskam?
– Å kjenne skam for å ta fly, synest eg ikkje ein skal. Men det er sjølvsagt bra at ein blir meir bevisste på å ta klimaval i kvardagen.
Sjølv har han lenge kjent på flyskamma, og meiner at både statsministeren og vi alle bør kjenne på det.
– Om skam kan føre til ei endring hjå oss som forbrukar, så er det utelukkande positivt. Skam i seg sjølv er ikkje målet. Du treng ikkje gå rundt å vere sur.
Han samanliknar det heile med innføringa av røykelova og industrien som i mange år kjempa imot. I dag er talet på røykarar kraftig redusert og det er ikkje særleg kult å røyke lenger.
– Sånn må vi få det med klima også. Når du flyr og slepper ut klimagassar, kan du ikkje sitte i ei boble å tru at det berre går ut over deg. Det går ut over heile verda.
– Det startar gjerne som skam, men så går det over i ei meir positiv kjensle når du oppdagar at du klarar å slutte.
Ut på måndag ein gong er det venta at han og familien er på plass i den italienske hamnebyen som blir hans nye heim. Då skal det jaktast på leilegheit før profflivet tar til veka etterpå.