Hopp til innhold

Superstjerna droppar VM – ekspert fnyser av grunnen 

Den amerikanske superstjerna Hikaru Nakamura slaktar Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) for valet av VM-arrangør i romjula. Torstein Bae meiner Nakamura dummar seg ut.

Torstein Bae og Hikaru Nakamura

USAMDE: Torstein Bae meiner Hikaru Nakamura er sutrete når han klagar over den lange reisevegen til Usbekistan.

Foto: Erik Johansen / Carina Johansen / NTB

0
dager
0
timer
0
minutter
0
sekunder

– Det er skuffande og veldig, veldig uakseptabelt.

Det sa Hikaru Nakamura på sin eigen YouTube-kanal om valet av Usbekistan som arrangør av VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula.

Den amerikanske 36-åringen er kjend for å vera blant dei aller beste spelarane med kort tenkjetid, men har i år valt å droppa VM på grunn av valet av Usbekistan.

Chess - FIDE World Rapid and Blitz Championships 2022

STJERNE: Hikaru Nakamura er stjerne på sjakkbrettet og på YouTube.

Foto: PAVEL MIKHEYEV / Reuters

Han grunngir ikkje kritikken med påstandar om menneskerettsbrot slik enkelte andre sjakkspelarar, men på grunn av reisevegen frå USA til Usbekistan.

  • I romjula kan du sjå og følgja VM i hurtig-og lynsjakk på NRK. Meisterskapen blir frå arrangert 26. til 30. desember.

– Flygingar på meir enn 40 timar

På YouTube-sendinga leitar Nakamura fram ulike reiser frå Nord-Amerika til Samarkand i Usbekistan. Dei fleste reisealternativa kostar fleire tusen dollar.

– Alle desse flygingane er på meir enn 40 timar. Herregud. Bra jobba, Fide. Bra jobba, sa han ironisk og heldt fram:

– I tillegg er det veldig kort arrangement, så du har jetlag ut av ei anna verd. Det er eit kjempeproblem. Viss du har jetlag, er du ferdig.

  • Sjå svaret til Fide lenger ned i saka
Norway Chess

PODKAST-DUO: Cristian Chirila og Fabiano Caruana har podkasten The C-Squared Podcast saman. Det er her Caruana har delt irritasjonen sin mot Fide.

Foto: Carina Johansen / NTB

Bae: – Sutrete

Han får støtte av Fabiano Caruana som prata om same utfordring på sin eigen sjakkpodkast The C-Squared Podcast.

– Det er heilt forferdeleg. Det er ikkje mykje positivt du kan seie om det. Det aller største problemet er lokasjonen, og eg har ingenting imot Samarkand og Usbekistan, seier Caruana, som hevdar han må ut med 4000 dollar, eller nærare 41.000 kroner etter dagens kurs, i reiseutgifter.

Dei to amerikanarane hevdar det hadde vore enklare for dei aller fleste om VM vart lagt til Europa. Dei trekkjer også fram Dubai, Abu Dhabi og USA som gode alternativ.

Caruana har likevel funne vegen til Usbekistan og deltakarlistene i romjula.

Torstein Bae er alt anna enn imponert når han høyrer grunnen til at Nakamura står over VM.

– Eg synest det er litt sutrete av Nakamura. Det verkar som han lever litt i si eiga boble. Det er rett at Usbekistan er eit stykke unna der han held til, men for menneske andre stader på kloden er det kortare til Usbekistan enn det er å dra til USA, som til dømes trekkjast fram som ein flott stad av Caruana i denne podkasten, seier Bae.

NRKs sjakkekspert Torstein Bae avbildet i sjakkstudio på Marienlyst

EKSPERT: Torstein Bae.

Foto: Lars Bryne / Lars Bryne

NRK-eksperten legg til at han forstår at tidspunktet i jula kan vera krevjande for mange og at det økonomiske reknestykket kan vera utfordrande.

– Men at det blir lagt til Usbekistan, som er eit av dei fremste sjakklanda i verda, synest eg er heilt uproblematisk – i alle fall når vi snakkar om geografisk lokasjon. Det er ikkje sånn at dette er ekstremt utilgjengeleg. Her dummar desse amerikanarane seg ut, seier Bae.

Les også Tordner mot VM-arrangør: – Forferdet og dypt trist

ddddw

Slik svarer Fide

Anna Volkova, leiar for PR-avdelinga i Fide, skriv i ei fråsegn til NRK at ho har fått med seg at fleire spelarar har klaga over reisevegen og at ho forstår dei logistiske utfordringane. Samtidig påpeikar ho som Torstein Bae:

– Det skal noterast at spelarar frå andre delar av verda også opplever utfordringar når dei reiser til arrangement som blir arrangerte i Europa, og i tillegg ofte er utsette for kompliserte og usikre visumprosedyrar, noko som sjeldan er tilfelle for spelarar frå Europa eller Nord-Amerika som reiser andre stader, skriv Volkova.

Ho understrekar at det er viktig for Fide at sjakkeliten viser fram idretten over heile kloden.

– Avgjerda om å halda VM i lyn- og hurtigsjakk i Usbekistan vart teken etter nøye vurdering og evaluering av evnene og viljen til vertslandet til å oppfylla dei strenge kriteria fastsett av Fide, skriv ho.

Siste nytt

  • Skiforbundet henter inn svensk landslagstrener - skal jobbe tett med Kristoffersen

    Den svenske suksesstreneren Jörgen Nordlund slutter i jobben som trener for det svenske kvinnelandslaget. Istedenfor venter en ny rolle i Norges Skiforbund, hvor han ifølge Aftonbladet skal jobbe tett med Henrik Kristoffersen.

    Sportssjef Claus Ryste bekrefter ansettelsen overfor VG og forklarer at Nordlund erstatter Jörg Roten i trenerteamet rundt Kristoffersen.

    Nordlund jobbet som trener for det norske kvinnelandslaget mellom 2010 og 2014.

    Henrik Kristoffersen
    Foto: AP
  • Tonali får ny straff for brudd på gamblingreglene – slipper å sone

    Newcastle-spiller Sandro Tonali har blitt straffet med to måneders betinget utestengelse for brudd på Det engelske fotballforbundets (FA) gamblingregler.

    Det opplyser italienerens klubb på X torsdag.

    Tonali er fra før utestengt i ti måneder for brudd på de samme reglene. Den utestengelsen startet 27. oktober 2023.

    Tonali rakk bare å spille tolv kamper for Newcastle etter overgangen fra Milan sist sommer. Utestengelsen hans er verdensomspennende, og han mister også fotball-EM med Italia til sommeren.

    I etterkant av den første utestengelsen startet FA etterforskning av flere brudd på gamblingreglene. Newcastle skriver at italieneren slipper å sone de to månedene han fikk torsdag om han ikke bryter flere regler ut 2024/25-sesongen. I tillegg har midtbaneprofilen fått en bot på 20.000 pund (276.000 kroner).

    Bruddene han nå straffes for skjedde i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor. (NTB)

    Tonali
    Foto: AP
  • Reddet plassen i A-VM

    Det norske U18-landslaget i ishockey slo Kasakhstan 6-5 etter straffer og beholder A-status i VM også neste sesong.

    Elias Vatne ble den store helten da han scoret den avgjørende straffen.

    Vatne og Mikkel Eriksen sendte Norge i 2-0 i 1.-perioden. Eriksen scoret sitt annet mål til 3-1-ledese, mens Niklas Aaram Olsen sendte Norge i ledelsen med 4-3 foran den tredje perioden.

    Jørgen Myhre økte til 5-3 tidlig i tredjeperioden. Kasakhstanerne var seige og ga aldri opp og slo tilbake med redusering og utligning til 5-5.

    Etter ti minutter forlenging måtte det hele avgjøres på straffer. Jørgen Myhre scoret på sin straffe, men også Kasakhstan klarte å score. Så tok motstanderen ledelsen igjen før Vatne utlignet. Han satte også den avgjørende straffen og sikret norsk seier i nedrykkskampen.

    Norge slo Latvia i gruppespillet, men det holdt ikke til kvartfinale ettersom latvierne slo Slovakia og Slovakia igjen slo Norge.

Sendeplan

Kl. Program Kanal