– Vi har jobba mykje med defensive dødballar på treningsleiren vår før EM, seier forsvarsspelar Laurent Koscielny.
– Vi veit kor viktig dette er i moderne fotball, og at det kan avgjere kampar, legg han til.
Frankrike opnar EM på heimebane mot Romania fredag kveld. Laget skal forsvare sin stolte statistikk ved å vere einaste landet som har vunne EM på heimebane (1984). I tillegg vann dei VM på heimebane i 1998.
Dermed er dei den kanskje største favoritten i årets EM. Men for å innfri, må dei få skikk på forsvarsspelet.
3 x 2 baklengsmål
Frankrike har nemleg slite med forsvaret i oppkøyringane, og sleppte inn to mål i tre kampar på rad. Derfor smakte det godt med 3-0 over Skottland i generalprøven sist helg.
Der score 29-åringen eitt av måla – hans aller første på landslaget.
Men jobben hans er å hundre motstandaren i å score.
– Det gjer altid godt for sjølvtilliten å halde nullen, seir Koscielny. – Men eg var heller ikkje redd etter to baklengs mot Kamerun (siger 3-2).
– Vi må jobbe meir med baklengsmåla, og det gjer vi. Vi har også gode folk på offensive dødballar, og der er vi effektive. Dimitri Payet og Antoine Griezmann er gode til å skyte, og vi har også gode folk til å legge dødballar inn i boksen. Dette jobbar vi med kvar dag, seier Koscielny.
– Skal forsvare oss med glede
Bacary Sagna er ein annan av dei franske forsvarsspelarar. Han er heller ikkje glad for baklengsmåla.
– Men vi heldt nullen mot Skottland, og det er det vi skal halde fram med; å vere solide bakover, seier den rutinerte Manchester City-spelaren.
Men han avviser at Frankrike har trena spesielt på å forsvare seg mot dødballar.
– Ikkje spesielt mykje, nei, men vi må vere konsentrerte. Når vi må forsvare oss, skal vi gjere det med glede. Eg er ein forsvarsspelar sjølv, og kvar gong eg klarerer ein ball, er det som om eg scorar, seier Sagna.
Vil kopiere Platini og Deschamps
Hugo Lloris er lagets keeper og kaptein. Han vil meir enn gjerne løfte trofeet framfor heimepublikum etter finalen 10. juli, og dermed kopiere legendene Michel Platini og Didier Deschamps.
Men det er ikkje det han tenkjer på enno.
– Det tar vi roleg enno. Først skal vi vinne opningskampen, så skal vi spele vår eigen fotball. Då skal vi nå langt. Vi kjenner dei enorme forventningane, og dei skal vi takle, seier Lloris.