NRK Meny
Normal

Her er sprintlaget som skal gå for VM-gull

Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Emil Hegle Svendsen og Erlend Bjøntegaard går VM-sprinten i Holmenkollen.

Skiskyting

SPRINTLAGET: Ole Einar Bjørndalen, Johannes Thingnes Bø, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø går sprinten for Norge. I tillegg er Erlend Bjøntegaard med på laget.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det er utruleg kult å vere ein del av dette laget. Det er stort å sitte ved siden av Bjørndalen, som eg såg under VM i Holmenkollen i 2000. Det blir veldig moro å gå her, seier Bjøntegaard, som er nykommaren på det norske sprintlaget.

– Mindre nerver

Emil Hegle Svendsen er usikker på kor god formen er før sprinten.

– Eg er usikker, men går eg på mitt beste blir det bra, seier den meritterte VM-løparen.

Johannes Thingnes Bø har rista av seg dei store nervene han hadde før mixed-stafetten.

– Det er masse folk som heiar på oss norske. Før start hadde eg masse nerver, men etter kvart blei det som eit vanleg verdscuprenn. Derfor er eg meir roleg framfor sprinten, seier Thingnes Bø.

Bjørndalen: – Ingen favoritt

Ole Einar Bjørndalen har ein verdscuptriumf og tre øvrige pallplassar denne sesongen, men reknar ikkje seg sjølv som favoritt.

– Basert på prestasjonane etter nyttår er eg ingen favoritt, men eg håpar at eg no er i min beste form.

– Korleis ser ein optimal sprintkonkurranse i Holmenkollen ut for deg?

– På ein optimal dag føler eg meg lett og sterk og er i stand til å gå ein god sisterunde. At eg føler eg har fått ut det eg er god for. Resultatet speler ikkje så stor rolle.

Siste nytt

  • Panathinaikos utestengt

    Den greske klubben Panathinaikos er utestengd frå den neste europeiske turneringa dei kvalifiserer seg for dei tre neste sesongane, har UEFA bestemt.

    Årsaka er at dei ikkje har makta å få orden på økonomien, og har brote dei såkalla økonomisk fair play-reglane.

  • Sandnes Ulfs første poengtap

    Med 0-0 mot HamKam på Hamar tapte Sandnes Ulf sine første poeng i årets 1. divisjon, etter tre sigrar i sesongopninga.

    Sandnes-laget er dermed på tredjeplass, på målskilnaden bak Aalesund og Notodden. HanKam er framleis utan siger, men har tre uavgjorte.

  • Anklaget for å ha solgt laguttak

    Belgias tidligere landslagssjef Marc Wilmots anklager Chelsea-keeper Thibaut Courtois' far for å ha solgt lagoppstillinger til mediene under fotball-EM 2016.

    Overfor TV-kanalen BeIN Sports påstår Wilmots at Courtois lekket uttakene så snart de var gitt til spillerne.

    Marc Wilmots og Thibaut Courtois
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Ranheim - Brann og Stabæk - Start
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid