Den unge fotballdommaren dømmer Norway Cup for fyrste gong, og innrømmer at situasjonen gjekk inn på han.
– Eg blei redd, og tenkte at eg berre måtte komme meg vekk. Eg begynte som kretsdommar i år, og eg har aldri opplevd noko liknande før, fortel Wasmuth.
Tenkte å slutte som dommar
Eit utenlandsk lag tapa 2–1 mot eit Oslo-lag i åttedelsfinalen i Norway Cup. Det gjorde at det rant over for spelarane.
– Det begynte mot slutten av kampen då spelarane på det utenlandske laget starta å klage og herme etter meg, seier Johnsen Wasmuth.
Da den ferske dommaren blåste av kampen eskalerte det ytterlegare.
– Han eine spelaren kom mot meg og begynte å dytte meg, så kom dei andre på laget og alle begynte å dytte meg. Det var skremmande.
– Var det nokon som reagerte?
– Ja, me har nokon som rettleiar oss dommarar under kampen, og han kom inn for å bryte opp, og det gjorde også trenaren til det utenlandske laget, seier Johnsen Wasmuth.
MÅTTE BLI STOPPA: Trenaren måtte stoppe sine eigne spelarar frå å gå på dommaren.
Foto: PrivatSekstenåringen kjem frå Bergen, og faren dømmer også på Norway Cup. Han bestemte seg for at han også ville prøve å dømme i Norway Cup etter å ha høyrd mykje fint om det. Hendinga på Abildsø gjorde at han vurderte å slutte som dommar. Dagen etter var likevel den unge dommaren ute på matta og dømte igjen.
– Rett etter kampen på Abildsø tenkte eg at eg ikkje hadde lyst til å dømme meir, men så kom tanken at eg ikkje vil at dei skal vinne over meg. Eg føler det her er min måte å slå tilbake på, seier han, og smiler.
TILBAKE: Mats Johnsen Wasmuth var tilbake på banen for å døme fredag.
Foto: NRKFår konsekvensar
Espen Kallerud er Norway Cup sin dommarsjef, og fortel at det var ein krevjande kamp med mange situasjonar.
– Me ser at kampane spissar seg til i sluttspelet, og det er litt temperatur. Men slike ting skal ikkje skje, det er ikkje bra. Me slår ned på slik oppførsel, og i dette tilfellet har den eine spelaren fått tre kampars karantene, seier Kallerud.
UAKSEPTABEL: Espen Ramiro Kallerud er dommarsjef på Norway Cup. Han meiner oppførselen var ufin.
Foto: NRKSidan laget er ute av Norway Cup vil denne karantenen gjelde for seriespelet i lagets heimland.
Dommarsjefen har sjølv dømt på Norway Cup tidlegare og han fortel at han har vore involvert i fleire situasjonar, men at det er sjeldan det blir fysisk. Han trur at Wasmuth tek mykje læring frå hendinga.
– Eg er 100 prosent sikker på at denne erfaringa gjer han sterkare.
– Ja, eg trur også det. Det å bygge på denne erfaringa er ein god idé, svarar den unge fotballdommaren.
Kjende på urettferdig dømming
Trenaren for det utenlandske laget var ein av dei som forsøkte å få vekk sine eigne spelarar etter kampen.
– Eg har forståing for at Norway Cup handlar om at barna skal ha det gøy, og at dommaren kan gjere feil, men i denne kampen blei det så mange tilfelle der avgjerslene gjekk i det andre laget sitt favør. Barna på mitt lag er her også for å ha det gøy, men i går så opplevde dei det ikkje som morosamt. Dei hadde eit stort ynskje om å gå vidare, og dei opplevde det som veldig urettferdig, fortel han.
URETTFERDIG: Trenaren for det utenlandske laget forsøkte å få vekk sine eigne spelarar.
Foto: NRKHan har likevel ikkje problem med å be om unnskyldning på vegner av laget.
– Laget blei provosert der og då, men me er ferdige med det no. Eg har ingen problem med å be om unnskyldning for korleis dei reagerte og eg beklaga til dommaren etter kampen, fortel trenaren.
– Trenaren kom bort og takka meg for kampen, og bad om unnskyldning for oppførselen til spelarane, seier dommar Wasmuth.
Totalopplevinga på Norway Cup har gitt meirsmak for bergensaren.
– Eg ser for meg å dømme i åra framover også. Det er kjekt å vere her, seier han.