– Han har inte ens varit ute och rört på sig, var kommentaren til landslagssjef Rikard Grip til dn.se lørdag.
Med det vil Sverige stille med Johan Olsson, Anders Sødergren och Daniel Richardsson på femmila søndag.
Usikkerheit knytta til Hellner
– Det er inga positiv utvikling. Det mest trulege er vel at han ikkje går i morgon, men definitiv beskjed kjem seinare i dag, sa landslagssjef Rikard Grip på ein pressekonferanse laurdag morgon, ifølgje Expressen.
Dei svenske stjernene Hellner og Kalla har begge slite med sjukdom dei siste dagane, og medan Kalla er friskmeldt til tremila, har det blitt verre for Hellner.
Laurdag morgon var han ikkje med på pressekonferansen.
– Det har vore ei natt som ikkje har hatt positiv utvikling. Han har sove uroleg. Først skal han vakne, så får vi sjå korleis han har det, fortalde Grip.
Fredag var det først sagt at Hellner 95 prosent sikkert stilte til start, før det seinare fell til 50 prosent sjanse. Laurdag har sjansane ikkje betra seg nemneverdig.