Aleksander Malgalvis fekk retur etter ei utboksing av Vikings keeper Iven Austbø og dundra ballen inn via stolpen med kampens siste spark.
– Eg trefte knallgodt, det kjendest veldig bra ut. Matchvinnar på overtid, betre blir det ikkje, sa målscoraren til Eurosport.
Heile LSKs støtteapparat styrta ut på bana for å vere med på feiringa.
LSK vann 1-0 og klatra til niandeplass. Viking er endå meir parkert i botnen.
– Vi fortente dette. Vi slit med å få ballen inn, og då er det deilig når denne går inn. Vi hadde i grunnen full kontroll, seier LSK-trenar Arne Erlandsen.
– Det er ei av dei få gledene ein fotballtrenar har – å få sigersmålet langt på overtid, la han til.
Toppscoraren mister storkampen
Men før scoringa hadde det gått heitt for seg i sommarvarme på Åråsen.
Hendinga som fekk Kanarifansen til å reise seg og gje uttrykk for den verkeleg store misnøyen, skjedde like før pause.
Erling Knudtzon gjekk forbi Vikings Michael Ledger inne i feltet, og gjekk i bakken. Knudtzon og fleire andre i gult ropte på straffe. Men i staden gav dommar Martin Lundby LSK-spissen gult kort for filming.
– Det kan nok hende det ikkje var straffe, men eg fortente ikkje gult kort, sa Knudtzon til Eurosport.
NRK-ekspert Karl-Petter Løken gir Knudtzon rett.
– Det var kontakt, men ikkje straffe. Og det var for hardt å gi gult kort, sa NRKs Karl-Petter Løken i direktesendinga.
Kortet betyr nemleg at LSKs toppscorar med fem mål på dei føregåande to kampane må stå over neste kamp – som er mot erkerival Vålerenga på Ullevaal laurdag.
– Det kan LSK merke i akkurat den kampen. Han har stort tempo og kan utfordre dei fleste. Det såg vi også i dag, han skapte mykje sjølv om han ikkje scora, seier Løken.
Han trur også at det kan bli ei god gammaldags stemnig rundt kampen laurdag. Ikkje minst fordi begge har gjort det godt i dei siste kampane.
– Det er det alltid mellom desse to laga. Og når dei er i medgang, bør det bli skikkeleg trøkk, seier Løken.
Tre stolpeskot
LSK dominerte heime på Åråsen, iallfall i kampens første time. Tre gonger small ballen i stengene. Ti minutt før pause heada Knudtzon i stolpen. Tidleg i andre omgang sende Simen Kind Mikalsen eit frispark frå 18 meter knallhardt i tverrliggaren. Og litt seinare trefte Knudtzon utsida av stolpen med eit volleyskot.
Utover i andre omgang makta likevel Viking å slå litt tilbake, og kontra seg til eit par sjansar som lett kunne gitt resultat.
Mister fire mann før overgangsvindauget
– Dessverre har vi teke til å bli vane med å sleppe inn mål på overtid, vi har gjort det så ofte, seier Viking-trenar Burchnall til NRK.
Han er ikkje nøgd med laget sitt.
– I hektiske sluttminutt treng ein sterk disiplin, ein god leiar og å ta dei rette avgjerdene. Dessverre har vi ingen av desse kvalitetane, seier han.
Før overgangsvindauget opnar 21. juli, kjem Viking til å miste fire av spelarane i troppen av ulike grunnar.
– Vi har ingen sjanse til å erstatte dei før vindauget opnar. Det gjer vår vanskelege situasjon endå vanskelegare, seier Viking-trenaren.