Hopp til innhold

Heftige bøter for LSK og VIF

Lillestrøm og Vålerenga ilegges henholdsvis 125 000 kroner og 175 000 kroner i bøter av doms- og sanksjonsutvalget i Norges fotballforbund etter eliteseriekampen mellom de to rivalene 26. oktober. Da antente begge lags supportere en betydelig mengde bluss.
Vålerenga ilegges i tillegg en bot på 75 000 kroner på grunn av VIF-supporternes opptreden under et oppgjør mot Brann. Da skal blant annet noen Vålerenga-fans ha satt fyr på et Brann-flagg, ifølge doms- og sanksjonsutvalget.
Les mer om sanksjonssakene her!

Eliteserien fotball menn 2019, Lillestrøm-Vålerenga (0-0)
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Siste nytt

  • - Unik vinnarmentalitet bygd opp gjennom generasjonar

    - Bayern München har ikkje berre den beste troppen nokosinne, men klubben har også ein heilt unik vinnarmentalitet som er bygd opp gjennom generasjonar, spesielt tidlegare spelarar som har leia klubben i 40 år, seier Phillip Lahm i eit større intervju med Kicker.

    Han var spela sjølv på Bayern i 15 sesongar, og er imponert over dagens lag. Sjølv etter at Robert Lewandowski var selt, har Bayern scora 11 mål til saman i supercupen og seriestarten.

    - I dag er det Thomas Müller og Manuel Neuer som først og fremst fører desse verdiane vidare, seier han.

    Lahm saknar dette elementet hos dei fleste konkurrentane.

    - Berre Borussia Dortmund har noko av den same nedarva vinnarmentaliteten, seier Lahm, som håpar på jamnare tittelkamp enn sist.

    Lahm er organisasjonsleiar for EM i Tyskland i 2024, og svært kritisk til at årets VM skal gå i Qatar. Sjølv skal han ikkje dit.

    - Menneskerettane bør spele ei stor rolle i tildelinga av meisterskap. Når eit land som er blant dei dårlegaste der, tek du til å tenke på kriteria som blei brukt. Det bør ikkje skje igjen i framtida, seier Lahm.

    philip lahm
    Foto: MURAD SEZER / AP
  • 18 månader utestenging for fyllekøyring

    Den koreanske skøytesprintaren Kim Min-seok (23) er utestengd frå idretten i 18 månader for å ha krasja med bil i fylla.

    Han krasja inn i betongskiljet mellom køyrebana og fortauet då han køyrde tre lagkameratar heim att frå ein fest i treningssenteret utanfor Seoul, melder nyheitsbyrået Yonhap.

    Kim tok bronse på 1500 meter i OL både i 2018 og i år, og tok også sølv i lagtempo i 2018.

    Men utestenginga er over i god tid før OL i Cortina og Milano i 2026.

    - Likevel kan ei så lang utestenging få følgjer for karrieren, seier Kim Seong-cheol, leiar i disiplinærkomiteen i forbundet.

    Landslagstrenar Kim Jin-su blei i same saka utestengd i eitt år for «ikkje å ha passa på utøvarane sine godt nok».

    Kim Min-seok
    Foto: Ashley Landis / AP
  • Tøffare kamp for Klaesson

    Leeds har forsterka stallen på keeperplass ved å hente inn rutinerte Joel Robles (32) frå Betis.

    32-åringen skreiv tysdag under på ein eittårskontrakt for Premier League-klubben. Robles' kontrakt med Betis gjekk ut etter førre sesong, og dermed kunne han hentast utan overgangssum.

    Leeds har frå før målvaktene Illan Meslier og Kristoffer Klaesson i A-stallen. Nordmannen, som har stått éin Premier League-kamp for klubben, må belage seg på hardare konkurranse med Robles på plass.

    Spanjolen har tidlegare spilt for Atlético Madrid, Rayo Vallecano, Wigan og Everton, så han er godt kjent med den engelske ligaen frå før.

    Joel Robles
    Foto: Miguel Morenatti / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste