– Me kan ikkje beskrive det. Me håpa på ein bra sesong, så vinn me serien. Det er ikkje til å tru.
Supportarane på Local Hero Pub i Leicester skjønte nesten ikkje kva som skjedde. I kveld skjedde det usannsynlege. Leicester City er engelske seriemeistrar 2015/2016 etter eit fotballdrama av dei sjeldne.
– Me må takke spelarane, manager, supportarane, trenaren, eigarane. Det her beviser at ein ikkje treng pengar for å vinne. Det er lagand og lagarbeid!
Så begynner supportarane å synge om Champions League. Neste år skal dei visst slå Barcelona.
NRK møter så ein 12-år gamal som måtte ta til tårene etter å ha hatt sin livs største kveld på fotballpub med faren
– Eg var skikkeleg skuffa i fyrste omgang og var sikker på at me ikkje ville ta det. Så scora Chelsea på slutten. Det var heilt utruleg, eg kjem til å hugse det resten av livet.
Men Leicester spelte ikkje sjølv ei rolle på grasmatta. I kveld var Chelsea-Tottenham meir enn eit London-derby.
Tottenham måtte vinne for å halde liv i gullhåpet, og Chelsea kunne gje Leicester ligatittelen alt i kveld.
Og kampen hadde alt eit fotballdrama skal innehalde.
Til slutt skulle ein belgisk silkefot sørge for ei av fotballhistoria største sensasjonar.
– Det er alltid stort å score framfor fansen vår. Me trengte poenget, men eg bryr meg ikkje om kven som vinn serien. Leicester fortener å bli meistrar, det er bra for Premier League, sa Eden Hazard etter kampen til Sky Sports.
Pochettino sprang inn på banen
Harry Kane starta det heile da han og Eric Lamela lurte Chelseas offsidefelle etter 34 minutt. Engelskmannens sitt 25 mål for sesongen og dermed rykka han forbi Sergio Agüero på toppscorarlista.
Tottenhams servitørkonge er dansk og heiter Christian Eriksen. Han fann Heung-Min son på perfekt vis og koreanaren sette sitt tredje mål på Eriksens 13 målgjevande pasning for sesongen.
Bortelaget gjekk til pause med 2-0, men inngangen til pausen blei alt anna enn roleg.
Danny Rose og Willian hamna i tottane på kvarandre, og til slutt hiv Spurs-trenar Pochettino seg inn på banen for å skilje kamphanane.
På reprisebileta kan det også sjå ut som Moussa Dembele er oppe i auget til Diego Costa. Episoden vil nok få etterspel.
Hazard blei Leicester-helt
Andre omgang starta langt rolegare enn den fyrste slutta. Tottenham hadde eit par småsjansar, men det var ikkje før i det 57 minutt det verkeleg small igjen på Stamford Bridge.
Gary Cahill får til slutt ballen etter corner og bruka rein kraft på å banke inn reduseringa for Chelsea.
Chelsea held fram trykket og det gjev utslag til slutt.
Og for eit klimaks det blir!
Leicester-fansen fekk ein ny belgisk helt i kveld når Eden Hazard plasserer skotet heilt perfekt i vinkelen.
Dermed blir det usannynlege sant.
Leicester er ligameistere i England 2016!