Hareide er avtroppande landslagssjef for Danmark og etter EM 2020 står han utan jobb.
No seier han at ein retur som norsk landslagssjef ville vore spennande.
– No trur eg at Lagerbäck forlenger. Det håper eg òg på. Han har vore veldig god for Noreg og kan sikkert vere god i to år til.
– Men viss han ikkje gjer det, hadde Noreg-jobben trigga deg?
– Ja, det hadde det absolutt, seier Hareide.
Fekk ikkje halde fram
Hareide har vore dansk landslagstrenar sidan 2016. Han har hatt suksess med laget, og tatt dei både til VM og EM i løpet av åra sine som landslagssjef.
Likevel får han ikkje halde fram når kontrakten går ut etter EM i 2020.
– Det var overraskande for meg, seier Hareide og forklarer:
– Eg synest det kunne vore handtert på ein annan måte med tanke på timing. Det har vore spørsmål heile vegen sidan sommaren, når dette vart offentleggjort eitt år før dei skulle skifte meg ut. Det var ikkje noka grunngiving, det var berre at kontrakten var ute, då er han ute. Det er ikkje så mykje eg kan gjere med det, seier sunnmøringen.
– Var spelarane overraska?
– Ja, det trur eg. Med tanke på det som har vorte leverte, hadde vi jo gjort jobben. Eg trur det går litt på kontinuitet òg, det hadde ikkje vorte meir enn to år til for meg uansett, seier Hareide.
Følar han har noko å bevise
Lars Lagerbäck er usikker på om han kjem til å halde fram som landslagssjef. Svensken har lova eit svar innan kort tid, men er redd for at helsa skal setje ein stoppar dei neste to åra fram mot VM. Dermed kan det vere duka for eit comeback i Noreg.
– Det er eit spennande lag på gang som har utvikla seg veldig fint dei åra med Lagerbäck. Det er ei sterk sentrallinje, unge, spennande spelarar som kjem opp, seier 66-åringen.
Hareide var norsk landslagssjef i åra 2003 til 2008, men klarte aldri å få Noreg kvalifisert til meisterskap. Han meiner laget var maksimalt uheldige som ikkje tok seg til VM i 2006. Noreg rauk i playoff mot Tsjekkia.
– I playoffen var vi gode i Praha, men vi fekk ikkje ballen i mål. Det er ein viktig del i fotball, smiler Hareide i dag.
Men han legg ikkje skjul på at nederlaget har plaga han i ettertid.
– Det hadde vore veldig stas å få ei moglegheit til å bevise noko igjen. Sånne ting ligg alltid og gneg i ettertid. Sånn er naturen i fotballen. Det er knall eller fall, seier Hareide.