Hopp til innhold

Kjendiskommentatorane: – Vi har enorm respekt for proffane

Tungekyss og trompetspeling er berre nokre av høgdepunkta frå kjendiskommenteringa under VM. Kjendisane er mektig imponert over dei «ekte» kommentatorane.

Kjendiskommentering

Hasse Hope, Erik Solbakken, Tom Soya, Vågard Undstad, Leo Ajkic, Yngve Hustad Reite, Silje Reiten Nordnes, Ronny Brede Aase, Øystein Bache, Rune Gokstad, Jon Almaas, Knut Nærum, Olav Viksmo Slettan og Sigurd Sollien har kommentert ski-VM på NRK.no.

Foto: NRK

– Eg er mest imponert over ordforrådet deira. Dei seier det same på 15 ulike måtar. Det er skilnaden mellom meg og Scheie, seier Silje Reiten Nordnes frå P3morgen.

– Respekten for dei skikkelege kommentatorane er endå større no. Eg hadde jo ikkje oversikt. Det var gøy å sjå kva jobben deira eigentleg inneber, seier Olav Viksmo Slettan, som kommenterte femmila saman med Sigurd Sollien.

– Kan eg tungekysse deg?

Til saman har kjendiskommentatorane losa sjåarane gjennom 12 ulike øvingar. Eitt av høgdepunkta fann stad då Anders Bardal tok gull i normalbakken.

– Eg trur vi har gullet. Vi har gullvinnaren. Eg trur eg kan kysse deg. Hasse, kan eg få tungekysse deg, ropte Erik Solbakken til makker Hasse Hope, då gullet var sikra.

Gleda var enorm då Bardal sikra det første gullet i normalbakken sidan 1966. Dessverre for kommentatorduoen fekk ikkje sjåarane med seg kysset på grunn av tekniske problem. Det gjorde at dei måtte kysse på nytt.

– Var vi nede? Nei, nei, nei. Det var veldig skuffande. Då må vi køyre ein rekonstruksjon av det som skjedde, sa Solbakken før han kyssa Hasse Hope.

Se Hasse Hope og Erik Solbakken gå i harnisk når Anders Bardal blir verdensmester

VIDEO: - Kan eg tungekysse deg, Hasse?, sa Erik Solbakken då det vart norsk gull i hoppbakken.

– Ropar og siklar, glede i kvar dråpe

Glede fekk vi også sjå då Jon Almaas og Knut Nærum kommenterte 10 kilometeren for kvinner. Kommentatorduoen såg Therese Johaug ta gull på distansen.

– Ho ropar og siklar. Det er glede i kvar dråpe. Ho er ei maskin denne jenta. Kor hentar ho det ifrå, kommenterte Almaas.

Duoen hadde det morro i kommentatorsofaen, men Nærum er ikkje veldig gira på å kommentere idrett igjen.

– Det er som å gå på Galdhøpiggen. Eg har vore der og treng ikkje reise tilbake, seier han.

Også Jon Almaas er imponert over dei profesjonelle kommentatorane.

– Det var vanskeleg å få med seg noko frå løpet samstundes som eg skulle kommentere. Dei har ein vanskeleg jobb med både lister og tider å tenkje på, seier han.

– Det var umogleg å følgje med på alt og samstundes halde entusiasmen oppe heile tida, legg han til.

Knut Nærum og Jon Almaas kommenterer Ski-VM.

VIDEO: Sjå høgdepunkta frå 10 kilometeren for kvinner, der Jon Almaas og Knut Nærum var kommentatorar.

«Northøg er rå»

Leo Ajkic og co. gjorde det klart på førehand at dei ikkje hadde noko som helst peiling på langrenn. Trioen fekk sjå Norge gå inn til gull på stafetten.

– «Northøg», «Northøg», «Northøg», ropte trioen då Petter Northug spurtslo Sverige.

Leo Ajkic, mellom anna kjend frå programmet «Typen til», vedgår at han er blitt litt meir interessert i ski etter at han debuterte som kommentator.

– Eg forstår kvifor nordmenn likar langrenn så godt. Det er verkeleg spennande og høgt nivå. «Northøg» er rå. Det hadde vore skandale om Norge ikkje vann stafetten. Norge er liksom «topdogen», seier Leo Ajkic.

Leo Ajkic kommenterer herrestafetten

VIDEO: Sjå Leo Ajkic og co. kommentere herrestafetten.

– Sinnsjukt artig

Yngve Hustad Reite, Silje Reiten Nordnes og Ronny Brede Aase frå P3morgen kommenterte tre ulike øvingar gjennom VM.

– Sinnsjukt artig. Tida har gått så sinnsjukt fort. Sjukt at det kan gå så fort, oppsummerer Silje Reiten Nordnes.

– Det har vore eit vintereventyr, seier Yngve.

Dei kommenterte mellom anna 15 kilometer for menn, der Petter Northug gjekk inn til gull.

– In your face Victoria og Daniel, ropte Silje då Northug gjekk over mållinja, med eit stikk til det svenske kronprinsparet som var på stadion.

– Det er morro å kunne sjå på tv og synse samstundes, seier Ronny Brede.

Se det beste av P3 Morgen kommenterer 15 km for menn, der Petter Northug tok gull.

VIDEO: Sjå P3morgen kommentere 15 kilometeren for menn.

Tok fram trompeten sin

Øystein Bache drog mellom anna fram trompeten sin då han kommenterte hopp stor bakke for menn saman med Rune Gokstad.

Her fekk dei sjå Anders Jacobsen ta bronsemedalje.

Då ein av hopparane ikkje fekk klarsignal til å hoppe, og gjekk av bommen, reagerte dei slik:

– Han fekk vel ein telefon heimeifrå då, sa Bache.

– Hei det er mor di som ringer. Eg har sagt at du skal slutte med det tullet. Du vinn ikkje uansett, sa Bache.

Øystein Bache og Rune Gokstad, kjent fra NRKs jule-og påskenøtter, kommenterer hopp.

VIDEO: Sjå korleis det gjekk då Øystein Bache og Rune Gokstad kommenterte hopp stor bakke.

Jubla for svensk gull

Olav Viksmo Slettan og Sigurd Sollien fekk æra av å avslutte VM med femmila. Duoen kosa seg då svenske Johan Olsson gjekk inn til gull.

– Det er så fortjent. Det er gøy at Sverige gjer det bra når Norge ikkje er heilt i toppen, sa dei.

– Eg har aldri fulgt så godt med på femmila nokongang. Eg gløymer aldri kor eg var då Olsson vann femmila i Val di Fiemme, seier Sollien.

Viksmo Slettan har stort sett fått med seg det meste av VM gjennom vinteren.

– Eg hugsar minst frå femmila, sjølv om eg kommenterte. Men det har ikkje vore ein kjedeleg dag i VM. Det har vore så mykje bra, seier han.

Siste nytt

  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal