Under konkurransen kan du sjå og stille spørsmål til duoen på Sport 1 i nett-tv direkte frå klokka 12.30.
– Kongeøvinga
Du kan også komme med kommentarar og spørsmål på Twitter og Instagram ved å bruke hashtagen #nrkaltvm.
Dei to har aldri tidlegare kommentert idrett. Debuten får dei altså på den kanskje mest prestisjefulle distansen i ski-VM.
– Dette er jo kongedistansen. Det er eit stort ansvar å sitje i kommentatorstolen. Det norske folk kan mykje om ski, seier Viksmo Slettan.
Pølsa i Grand Prix?
Som Grand Prix-kommentator trur han Øystein «Pølsa» Pettersen kunne ha gjort ein fin figur i Grand Prix-sirkuset.
– Han er ein perfekt entertainer, og eg trur han kan synge også. Så hadde nok Petter Northug klart seg bra også, trur han.
– Korleis blir det å sitje i kommentatorsofaen?
– Eg trur det blir morro. Vi kjem til å vere engasjerte. I den grad vi skal gradere, så er nok eg skieksperten. Det blir ubehageleg om Sigurd Sollien har lese seg veldig opp og briljerer med kunnskap, seier Viksmo Slettan.
– Heldigvis har vi Northug
Han trur nordmennene vil få tøff konkurranse om medaljane på distansen.
– Alexey Poltoranin frå Kazakhstan og Maxim Vylegzhanin frå Russland blir knallharde. Men vi har heldigvis Petter Northug. Eg har trua på han, seier han.