Hopp til innhold

Han skilte seg ut allereie som liten gut. No briljerer den norske 16-åringen i Danmark

Norske Andreas Schjelderup (16) skaper overskrifter på grunn av sitt storspel i den danske eliteserien. Heime i Bodø blei fotballtalentet lagt merke til allereie som åtteåring.

1s6pPOqmGHs

NYTT TALENT FRÅ NORGE: Det er berre å notere seg namnet Andreas Schjelderup. Bodøværingen har tatt dansk elitefotball med storm dei siste vekene.

Foto: DEJAN OBRETKOVIC / Gonzales Photo

– Etter at han fekk spele i Superligaen har han tatt heile verda med storm, seier Rudi Dalsgaard.

Han er ein av dei som følgjer FC Nordsjælland tettast gjennom jobben i Frederiksborg Amts Avis. I Danmark har ungguten frå Norge blitt ein skikkeleg snakkis den siste tida, etter at han debuterte for a-laget til Nordsjælland i februar.

Søndag vart han den yngste til å score to mål i ein kamp i den danske eliteserien, men det var like mykje måten han gjorde det på som vekte oppsikt:

Det første målet kom etter ei frekk vending, og det andre etter at han finta vekk tre motspelarar som om han aldri har gjort anna. Veka før scora han då han sette eit direkte frispark rett i mål.

Blei lagt merke til som liten gut

Nordsjælland-fansen verkar naturleg nok overlykkelege over å ha fått talentet til klubben, noko også den lokale pressa merkar.

– Allereie dei første kampane kunne ein sjå at det var noko med han, men ein kunne og sjå at han berre er seksten år. Det var ei stor scene for han, og det var for eksempel ein kamp han spela seg til ein stor sjanse, berre for å spele ballen vidare til ein lagkamerat ... Men dei siste par kampane har han vore riktig god, fortel Dalsgaard.

Men kven er eigentleg dette unge, norske talentet?

rcyUD2kj8Vw

Her jublar Schjelderup for eit av sine to mål, som gjorde han historisk i dansk fotball.

Foto: DEJAN OBRETKOVIC / Gonzales Photo

I Norge er jo Schjelderup framleis relativt ukjend utanfor heimbyen Bodø, men dette er altså ein spelar som skal ha vore ønska av store klubbar som Juventus, Atalanta, Bayern München, Liverpool, Leeds, samt fleire nederlandske, belgiske, danske og spanske klubbar - før han altså valde danske FC Nordsjælland, fordi han meinte at der ville han få godt med speletid.

Grunnlaget for fotballkarrieren la han i Bodø/Glimts akademi, og der var han heilt til overgangen til dansk fotball i fjor. Han vart plukka opp i ung alder, og fekk Cato Hansen som trenar.

Hansen gløymer aldri den vesle guten som hadde ei så påfallande stor glede av fotball og trening.

– Han var aldri fornøgd med den tilmålte tida vi hadde til fellestrening. Han har hatt ein drive og evne til å stå på. Dette med å halde på med eigentrening, og det fokuset han har hatt, det har han hatt sidan han var åtte-ni år, fortel Hansen.

– Ein har sett på svolten hans kvar det var han ville, for å seie det sånn, legg han til.

– No sperrar folk opp auga

Den erfarne trenaren legg ikkje skjul på at ungguten skilte seg ut på grunn av den store treningslysta.

– Han bestemte seg i tidleg alder at dette hadde han veldig lyst til, og han har brent ekstremt hardt for det. Han har lagt ned nokre tusen timar med trening aleine i tillegg til fellestreningane, ofte tilrettelagt saman med faren. Det er eit flott bilete på at dersom du berre vil noko nok, og gjer den jobben som må til, så får du god framgang, seier Hansen, som i dag er trenar for Grand Bodø.

Cato

Cato Hansen, her under tida som trenar i Bodø/Glimt, såg tidleg at det var noko spesielt med treningsinnstillinga til den unge guten.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen /

I fjor valte Schjelderup altså å takke ja til tilbodet frå Nordsjælland. Ein klubb som er kjent nettopp for å vere veldig gode på å ta vare på unge talent.

– Dei har tett på den yngste startoppstillinga i Europa, og er kjent for å satse på unge spelarar, fortel journalisten Dalsgaard.

Av den grunn vakte det ikkje særleg oppsikt at klubben signerte ein tenåring frå Norge, anna enn at det vart skrive litt om interessa frå dei store klubbane.

– I starten var han berre nok ein ung spelar. Men det han gjorde i går, det var noko anna. No sperrar folk opp auga, fortel Dalsgaard.

Har norske førebilete

Nordsjælland er vande med å handtere unge spelarar, og dei er også bevisste på at dei ikkje skal prate for mykje med media. Difor har NRK fått nei på spørsmål om vi kan få prate med Schjelderup no.

Etter kampen på søndag snakka han imidlertid med ei rekke medier.

– Det er ei utruleg kjensle å ha scora to mål, som hjelpte laget til ein siger og til ein plass blant dei seks beste på tabellen, som vi har kjempa så hardt for. Det er vedunderleg, sa Schjelderup til Bold, og la til at han ikkje brukar tid på å tenke på ting som kor god han kan bli eller kor han vil ende opp i framtida.

– Eg vil ikkje tenke på det no. Eg fokuserer berre på å bli den beste spelaren eg kan og utvikle meg her i FC Nordsjælland.

Han har tidlegare fortalt til TV 2 at han har Andres Iniesta som førebilete, i tillegg til to landsmenn:

– Sjølvsagt ser eg opp til Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland. Det dei gjer for tida i dei store ligaene er vanvittig. Eg prøvar å sjå på dei og få litt inspirasjon.

Siste nytt

  • Jönsson får to kampers utestengelse

    Stabæk-trener Jan Jönsson får to kampers karantene for hendelsen mot Vålerenga mandag. Det melder Dagbladet.

    Det var på overtid i kampen mot Vålerenga at det ble kaos med Jönsson i hovedrollen.

    Kaoset startet med at Karina Sævik løp langs streken med ballen og en motspiller etter seg. TV-bildene viste at ballen på et tidspunkt var ute, og da skjedde det noe uvanlig.

    Sævik løp videre, men på samme tid løp Stabæk-trener Jan Jönsson ut på banen og stoppet Vålerenga-spilleren med kroppen.

    Da eksploderte det på benken og Jönsson ble vist det røde kortet.

    Like etter så det ut til at han forsøkte å klemme fjerdedommeren.

    Nå er Stabæk-treneren straffet for epsoden.

    Ifølge Dagbladet er begrunnelsen fra disiplinærutvalget slik:

    «Disiplinærutvalget har ved sin beslutning lagt til grunn at Jönsson, ved sin inntreden på spillebanen, forstyrrer spillet og motstanderlagets spiller. I henhold til forbundsstyrets retningslinjer for sanksjoner tilsier dette en karantene på to kamper. Disiplinærutvalget har på den bakgrunn kommet til at en karantene på to kamper er en passende reaksjon på den aktuelle overtredelsen.I henhold til reaksjonsreglementet § 4-15 skal karantenen sones i de to neste seriekampene for samme lag treneren ble utvist for»

    NRK oppdaterer saken.

    Jan Jönsson
  • Haaland avbildet på City-trening etter skadetrøbbel

    City har publisert bildene fra dagens trening på X.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Champions League-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem».

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål.

    City er ett poeng bak serieleder Arsenal, men de lyseblå har én kamp mindre spilt. Dermed har de alt i egne hender i sesonginnspurten. Haaland og co. møter Nottingham Forest borte søndag. (NTB)

    I9VZqC6O-Pk
    Foto: AP
  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal