Hopp til innhold

Tønseth om stafettdebuten: – Kasta opp før start

Petter Northug, Jann Post og Vidar Løfshus meiner alle Didrik Tønseth er ein av dei som ligg best an til å få gå VM-stafetten. Sjølv merkar debutanten presset.

Didrik Tønseth

KAN STAFETTDEBUTERE: Didrik Tønseth var i troppen både i Val di Fiemme og Sotsji utan å få gå. Det ligg han godt an til å få gjort noko med i Falun.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg gløymer aldri då eg gjekk verdscupstafett for fyrste gong. Då kasta eg opp før start. Det er jo krise visst noko sånt skulle skje igjen.

Han har vore i to meisterskapstroppar på rad, utan å få gå. No er Didrik Tønseth høgaktuell for å gå dei ein av dei to klassisketappene i det som kan bli det store karrierehøgdepunktet. Eit gull på VM-stafetten i Falun.

– Det blir rått, det er jo den største stafetten som har vore på mange år. Kanskje den det også er mest press på før me eventuelt kjem til VM i Trondheim i 2021, meiner 23-åringen som gjekk sin fyrste verdscupstafett i Nove Mesto i 2012.

Northug vil ha med Dyrhaug og Tønseth

Presset ser det ut som det kan bli to mesterskapsdebutantar som må takle. For i år er døra på vidt gap. Utan faste stafettløparar som Eldar Rønning (har gått fem av dei seks siste meisterskapsstafettane) og Tord Asle Gjerdalen i troppen, og ein Martin Johnsrud Sundby som helst vil gå den tredje etappen, er plutseleg dei to fyrste klassisketappene ledige.

Langrennskommentator Jann Post i NRK og den sjølvsagte ankermannen Petter Northug, er samstemte på kven dei meiner fortener å gå.

– Per no ville eg ha tatt ut Niklas Dyrhaug på fyrste, Didrik Tønseth på andre, Martin Johnsrud Sundby på tredje og sjølvsagt Petter Northug som ankermann, seier kommentator Jann Post.

Under pressekonferansen etter tremila under NM på Røros meinte Northug sjølv at han sat ved sidan av to av dei han kom til å gå VM-stafett med. Der sat trønderkompisane Dyrhaug og Tønseth. Post meiner dei to gjennom heile sesongen har utmerka seg som dei sterkaste korta i klassisk.

Dyrhaug, Northug, Tønseth

PALLTRIO: På pressekonferansen etter tremila under NM på Røros, uttalte Petter Northug at han vil ha med Didrik Tønseth og Niklas Dyrhaug på dei to fyrste etappene på VM-stafetten.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Niklas har gått solid i klassisk i heile år og ikkje gått eit einaste dårleg løp. Han vil passe bra på startetappen. På andre etappe må me ha ein kapasitetsløpar, der stiller som oftast dei fleste nasjonar med den beste klassiskløparen. Didrik Tønseth i form er den løparen for Noreg. Han blir ikkje gått frå i bakkane i Falun, meiner kommentatoren.

Vil gå skøyteetappe

I dei bakkane viste også Martin Johnsrud Sundby seg spesielt sterk i verdscupavslutninga i Falun i fjor. På den avsluttande jaktstarten i skøyting viste han ein enorm styrke då han rykka frå Alexander Legkov i Mördarbacken. Kanskje er derfor ikkje så rart at det er ein skøyteetappe 30-åringen vil gå.

– Det er tredjeetappen eg har mest lyst til å gå. Løypa passer godt for ressursane mine i dobbeldans, så dei skal få det seigt bak der dei som skal henge på ut frå stadion, sa Sundby på pressekonferansen i Holmenkollen førre veke.

Jann Post er einig i vurderinga. Det er på den tredje etappen det norske laget kan dra best nytte av Tour de Ski-vinnaren. Spørsmålet er berre om det er det beste for laget.

– Eg trur ein må tenkje på laget som heilskap og ikkje på enkeltløparar når ein set opp laget. Viser det seg at dei beste klassiskløparane våre er i dårleg form i meisterskapet, og det viser seg i VM, må landslagsleiinga tenkje annleis. Men går alt som planlagt bør det vere ei veldig fin løysing. Martin er ein superløpar som kan dra til seg ei luke. Han slepp iallfall ikkje og i verste fall sender han Petter Northug ut likt.

Tønseth i Davos

IMPONERTE I DAVOS: Her jublar Didrik Tønseth for sesongbeste. På 15 kilometeren gjekk han inn til andreplass, berre slått av Martin Johnsrud Sundby.

Foto: Wiklund, Anders / NTB scanpix

Luksusproblem for Løfshus

Men kampen om dei fire plassane er på langt nær over. Heile sju norske herreløparar har vore på pallen i distanserenn i verdscupen i vinter og favoritten som startmann til både kommentator og ankermann, Niklas Dyrhaug, er faktisk ikkje ein av dei. Luksusproblem for landslagssleiinga med Vidar Løfshus i spissen.

– På ein måte er det vanskeleg å utelate alle dei som er i troppen viss dei har prestert og er i form før stafettlaget blir tatt ut. Det blir ei totalvurdering som gjer at me må plukke namn som gjer at nokon blir skuffa og andre frykeleg glad.

Er det Niklas Dyrhaug og Didrik Tønseth som ligg best an til å få på laget akkurat no?

– Det er ikkje noko dårleg tips, og det veit dei sjølv også. Dei har prestert godt på det dei har gått av klassisk i år og særleg i fellesstartar. Så det kan godt hende det er Niklas og Didrik som står på startstreken på dei to klassisketappane, seier Løfshus.

Men før me kjem til meisterskapets kanskje viktigaste dag både for publikum og løparane, fredag 27.februar, står både 15-kilometeren i fri og 30 kilometer fellesstart med skibytte på programmet. Sterke prestasjonar der kan føre til at Løfshus og co må stokke om kabalen.

– Ein Chris Jespersen eller ein Anders Gløersen i superform på 15 kilometeren kan gjere at me må ommøblere litt på laget. Martin kan gå ein klassisketappe, sjølv om eg i utgangspunktet er einig i at den tredje er hans beste etappe. Men ved sjukdom eller dårleg formutvikling kan han gjere ein veldig god klassisketappe også.

Eit lite usikkerheitsmoment

Etter all sannsynlegheit vil uansett Løfshus presentere eit stafettlag med ein eller fleire løparar som aldri har gått med det enorme presset som ein VM-stafett for Noreg inneber.

For kommentator Jann Post er rutinen på laget det einaste usikkerheitsmomentet ved laget han har sett opp.

– Ein skulle jo aller helst ynskje at ein kunne gå med løparar med rutine, men det viktigaste er at løparane er i form og eg trur Niklas og Didrik er løparar som kan takle presset. Men eit lite usikkerheitsmoment, det er det.

Presset har også ein 23-år gamal Byåsen-løpar tenkt ein del på.

– Eg er litt nervøs for den stafetten. Nordmenn krev jo gull og det blir litt ekstra press når VM er i Sverige. Men går det heilt skeis så er det skandale når det skjer, men om ti år vil alle flire av det. Som med is i rubben for eksempel, ler Tønseth.

Siste nytt

  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP
  • Rashford ut mot netthetsen: – Nok er nok

    Manchester United-angriperen Marcus Rashford (26) har sett seg lei av behandlingen han får i sosiale medier.

    I et svar på en støttemelding på X skriver Rashford at «mobbingen har pågått i månedsvis».

    – Nok er nok, avslutter han med.

    Responsen kom etter at en X-bruker med United-sympatier gikk ut mot hetsen av Rashford og omtalte den som motbydelig og ondsinnet.

    26-åringen scoret hele 30 mål forrige sesong, men siden har det gått trått. Rashford står denne sesongen med kun åtte scoringer på 40 klubbkamper. (NTB)

    Rashford jubel united
    Foto: Reuters
  • Ny teknikktrener for alpinkvinnene: – Glade for at vi er attraktive for de beste trenerne i verden

    Østerrikske Johannes Zöchling (44) har blitt ansatt som ny hovedtrener for de norske alpinkvinnenes teknikklag.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    – Vi er glade for at Johannes velger å bli med oss og ser fram til å få han på laget. «Hannes» har en sterk og variert bakgrunn, med gode resultater, forteller alpinsjef Claus Johan Ryste.

    Zöchling kommer fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han har jobbet i ulike roller de siste 15 årene. Blant annet har han hatt ansvaret for kvinnenes teknikklag i seks år, mens han de siste tre sesongene har hatt ansvar for rekrutteringslandslaget på herresiden.

    Østerrikeren tar over for Janne Haralla, som har fått en rolle i den amerikanske superstjernen, Mikaela Shiffrins, lag. (NTB)

    Thea Louise Stjernesund i Kranjska Gora
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal