Den rutinerte 25-åringen med 65 landskampar sidan 2010 veit knapt kva ho skal seie, ho får nesten ikkje fram ord.
– Oh shit. Det er heilt sjukt. Kult, seier ho etter kvart. – Eg fekk nesten hjartebank. Dette kom heilt ut av det blå for min del. Eg hadde ikkje høyrt rykte eller nokon ting.
Det er forhandlingar med NFF og gutane på landslaget som har gitt dette resultatet. Landslagsgutane går litt ned i si løn for å hjelpe kvinnene, som no får dei same lønsvilkåra som Stefan Johansen og dei andre på mennenes landslag.
Det betyr at frå 2018 skal landslagskvinnene dele ein pott som er omtrent det dobbelte av dei 3,1 millionane dei samla har no.
– Kvinnene er like viktige som vi, sa Stefan Johansen til NRK då løysinga var klar tidlegare i dag.
– Dette står det respekt av
Emilie Haavi rosar og takkar fotballgutane.
– Dette er skikkeleg stort gjort. Dette står det skikkeleg respekt av, og vi må berre takke og bukke. Dei har ein heilt annan økonomisk situasjon enn vi, så litt frå dei betyr enormt mykje for oss, seier Emilie Haavi til NRK.
Kampen for meir likestilling i lønspolitikken har vart ei god stund.
– At vi no har fått gjennomslag og blitt høyrt, betyr veldig mykje.
– Og det betyr mykje for din kvardag?
– Ja visst. Eg håpar det kan hjelpe veldig mange. Vi ønskjer å bli best mogeleg, og då treng ein pengar. Slik er det, derfor var dette veldig bra.
Signaleffekt
Ho meiner signaleffekten ved at kvinnelandslaget blir tatt på alvor og blir høyrt, er viktig.
– Vi legge ned ein stor innsats, og studerer og jobbar og gjer veldig mykje ved sida av. Dersom dette betyr at vi kan jobbe litt mindre og trene litt meir, er det ein veldig god ting.
– Når ein er kvinneleg fotballspelar, kan ein ikkje tenke på lønsforskjellen. Då kan ein bli irritert, sint og frustrert. Det er ikkje noko ein kan tillate seg å bruke veldig mykje energi på. Men vi har lenge ønskt ei endring, at det skal bli betre. Så dette var ein gledens dag, jublar Emilie Haavi.
Også andre landslagsspelarar jublar på sosiale media: