– Eg har sitte inne i smørebua og sett i veggen. Og grått mine edle tårer.
Det er kanskje for dei nest best skiløparane i landet NM betyr aller mest. Mikael Gunnulfsen har to gonger før blitt nummer fire i NM og er rett bak dei beste skiløparane i landet.
Svært sjeldan med tremil klassisk
Da NM-tremila denne veka blei endra frå skiatlon til klassisk på grunn av snømangel, forstod klassiskspesialisten frå Telemark at han hadde tidenes sjanse til å få sitt store gjennombrot.
Men draumen blei øydelagd alt før Gunnulfsen var kome ut av stadion etter start.
– Hadde det skjedd i går, hadde eg nok stått og vitsa om dette. Eg har ikkje vitsar på lager nå, fordi dette rennet er heilt, heilt, heilt spesielt. Det blir ikkje arrangert 30km klassisk på fellesstart. Aldri, seier Gunnulfsen.
Heile veka har 26-åringen berre vore eit einaste stort smil på trening. Løypa passa han perfekt. Folk sa det kom til å bli kaos og tull, noko han sjølv berre synest er moro.
– Aldri gleda meg så mykje til eit løp
– Eg har aldri gleda meg så mykje til eit løp. Eg såg på meg sjølv som medaljekandidat, det er utruleg kjipt å stå her ved bilen, seier han ståande ved bilen, mens resten av feltet framleis er ute i løypa.
Gunnulfsen stod mellom Tønseth og Sundby, og kjente på den eine kulen at klisteret på skia nappa. Han kom for langt frampå og fell framover. Da klarte han ikkje å stoppe armane, og den eine skuldra gjekk ut av ledd.
Han har fått skuldra ut av ledd fleire gonger før, og kjente med ein gong at det var det som skjedde igjen.
– Nå er den stiv, så det var ikkje alternativ å gå vidare. Det er forferdeleg at det ryk på noko slikt. Det er tragikomisk å stå her.
Ville kvalifisere seg til Holmenkollen
For dei nest beste løparane bak landslaget er NM det store målet for sesongen. Det er sjansen dei har til å vise seg fram og få sjansen til å gå verdscup.
Gunnulfsen som går for privatlaget Team Telemark hadde som mål å kvalifisere seg til femmila i Holmenkollen. Han visste at det var det som låg i potten på dagens tremil.
– Eg har veldig, veldig lyst til å gå i Holmenkollen, og det hadde eg tenkt å fortelje Nossum i dag. Men det får eg ikkje.
Han visste at dagens renn var det viktigaste uttaksrennet for Holmenkollen. Nå veit han ikkje kva neste renn blir og noregscuprennet i Førde er avlyst.
– Men det er fleire kvalifiseringsmoglegheiter, så det toget har ikkje gått.
Golberg tok gullet
Medan Gunnulfsen sett i smørebua og deppa var det ni mann som fort skilde seg ut i teten på tremila.
Martin Johnsrud Sundby sette saman med Didrik Tønseth stor fart på start og gruppa på ni mann blei stadig mindre. Til slutt klarte Sundby å riste av seg alle utanom Golberg.
Ikkje overraskande var det løparen frå Gol som var best i spurten.
– Det er merkeleg med sånne dagar der alt stemmer. For da kjenner ein at ein er veldig sterk og i dag var ein sånn dag. Det var som om at eg berre kunne fortsette, seier Golberg.