Hopp til innhold

Gullvinnaren som fekk OL-tur etter hjelp frå Kongen

Han er truleg den einaste som er teken ut til OL av sjølvaste kongen. Og det takka han for med gull og sølv.

Håkon Brusveen med OL-gullet

UTTEKEN AV KONGEN: Håkon Brusveen blei nærmast teken ut til OL av Kongen, og kvitterte med gul

Foto: Ntb / NTB

Men Håkon Brusveen er kanskje kjend for endå fleire som radiorøysta frå ute i løypa. I fleire tiår blei han rikskjendis og radiolegende Bjørge Lilleliens makker når store langrenn skulle overførast i radio – Norges første ekspertkommentator.

Beskjeden frå Kongen

Brusveen skulle vere heimeverande reserve under OL i Squaw Valley. Det var iallfall resultatet av det formelle uttaket. Men i nokre renn like før avreise leverte Brusveen svært gode resultat, og det blei «folkekrav» at han skulle få vere med.

Aftenpostens journalist Sverre Fodstad tok saka heilt til topps, det vil seie til Slottet. Der fekk han svar frå den svært sportsinteresserte Kong Olav personleg:

«Jeg ser gjerne at Brusveen blir med til Squaw Valley».

Ein slik beskjed kunne ikkje uttakingskomiteen kome forbi. Brusveen blei ettersend til OL-byen i California.

Der blei han utteken på 15 km-laget, etter at tremila tidlegare under OL ikkje blei nokon norsk suksess.

OL-gull: – Det var morosamt

Brusveen i OL 1960

GULLØPET: Håkon Brusveen i starten som skulle gi OL-gull i Squaw Valley

Foto: Ntb / NTB

Og det var der han overraska alle. Favorittane Sixten Jernberg og Veikko Hakulinen blei slått med tre og sju og eit halvt sekund.

– Det var hardt, veit du, men je syntes det gikk lett, gut, i motbakkom, sa gullvinnaren i sigersintervjuet etterpå.

– Det var fælt å sitje i garderoben og vente på dei andre. Men då det var klart, kom n'Hallgeir inn og tok rundt meg, sa Brusveen.

Som meister var han sjølvskriven på stafettlaget nokre dagar seinare. Det gav sølvmedalje, men var ein nedtur likevel.

Sølvet var nederlag

Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Einar Østby leverte sterke etappar, og Brusveen fekk klappet på skuldra med 20 sekunds leiing på finske Hakulinen då han la ut på siste etappe.

Men finnen åt seg innpå. Det blei spurtoppgjer, og Hakulinen var den sterkaste. Finland vann med åtte tidels sekund.

Brusveens OL-resultat gav han Morgenbladets gullmedalje for årets største idrettsbragd. To år tidlegare hadde han også fått Holmenkollmedaljen.

– Måtte ha tilknyting til skogsarbeid for å bli god

Brusveen var fødd med astma og pusteproblem. I biografien sin fortel han om at han mest av alt i verda ville bli langrennsløpar, og korleis astmaen stod i vegen.

Ingrid Bjørnbakken og Håkon Brusveen

UTMERKING: Håkon Brusveen fekk saman med alpinisten Inger Bjørnbakken Holmenkollmedaljen i 1958

Foto: Ntb / NTB

Han vaks opp på eit småbruk, og planla å bli både gartnar og snekkar.

Men i tredje klasse i skulen heime på Vingrom prøvde han seg likevel i eit skuleskirenn, på ski han hadde lånt av systera. Han kjempa seg gjennom og fall heilt saman då han gjekk over målstreken. Men han hadde vunne.

Den eigenskapen bygde han karrieren på vidare.

– På den tida måtte du ha tilknyting til skogsarbeid for å bli god langrennsløpar. Vi gjorde nesten litt narr av byfolk som ville prøve seg, fortalde Brusveen etter at karrieren var over.

Blei skiskyttar

Utover på 50-talet var han i verdseliten, men utan å nå heilt til topps internasjonalt. Hans beste distanse var 15 kilometer. Eller sprinten, som løparane på den tid kalla det.

Han tok fem individuelle NM-gull på 15 og 30 kilometer, og eit stafettgull med Vingrom.

Samstundes hadde han småbruket heime på Vingrom å ta omsyn til. Då han vart teken ut i troppen til Lahti i 1951, hadde han ikkje tid.

– Eg hadde 100 kubikkmeter tømmer som måtte til gards, forklarte han i biografien 3-2-1-gå.

Han blei teken ut i troppen til OL i Oslo i 1952, men utan å få starte. Fire år etterpå var han også OL-deltakar, med heiderleg femteplass på 15 kilometer og fjerdeplass i stafetten.

Han deltok også i VM både i 1954 og 1958, men utan suksess. Han sleit med å vinne renn, men tok andre- og tredjeplassar i fleng i Holmenkollen og Lahti.

I 1958 fekk han Holmenkollmedaljen, og i gullåret 1960 Morgenbladets gullmedalje.

Etter OL i Squaw Valley bestemte han seg for å skifte til den nye idretten skiskyting. Der hadde han også framgang, og var nær ved å kvalifisere seg til OL i Innsbruck i 1964.

Privat dreiv han småbruket heime på Vingrom i starten av karrieren. Etter kvart opna han også sportsforretning på Lillehammer, som blei hovudjobben hans.

Norges første ekspertkommentator

Radiokommentator Håkon Brusveen

RADIOMANN: Håkon Brusveen var utegåande kommentator for NRK Radio i 25 år

Foto: NTB

Men han skulle bli heile Norges Håkon gjennom Radiosporten. Han gjorde sitt første intervju på radioen i 1963, og det skulle bli stadig fleire.

– Då eg fekk spørsmål om det, trudde eg det var ein spøk, sa Brusveen.

Han meinte han ikkje hadde utdanning nok til ei slik rolle. Hans breie dialekt, eit godt stykke unna normalisert nynorsk eller bokmål, gjorde det også usikkert. Dialektbruk i nasjonal radio var på den tid langt frå akseptert.

Men etter ein ekstrarunde med overtaling, sa han ja. Under Holmenkollrenna i 1963 var n’Håkon på plass ute i løypene.

Saman med den legendariske radioreporteren Bjørge Lillelien innførte Brusveen noko nytt i radiooverføringane. Brusveen hadde med seg sendeutstyr ut i løypa, og der stod han og kommenterte.

Han blei ein kombinert ekspert og «on site-kommentator» som på si breie Vingrom-dialekt fortalde kva som skjedde der ute. Ofte var han tidleg ute og sjekka føret, og kunne lenge før dei fleste andre slå fast kva smurning som kom til å passe best.

– Det er litt rart å vere her utan å vere aktiv, sa han i eit NRK-intervju under OL i Innsbruck i 1964. Dei føregåande tre hadde han vore med i troppen. No kommenterte han dei andre for radio.

Ridderrennet

Med ekspertblikk kunne han fortelje om utøvarens glid, om han såg trøytt ut, og om passeringstider ute i løypa. Gjerne i humørfylte dialogar med Bjørge Lillelien som sat i kommentatorboksen i målområdet. Dei to blei eit svært populært radarpar.

Derfor blei Brusveen ein av dei store radiokjendisane. Ikkje minst fordi han med sitt trekkspel og gode humør også ofte deltok i underhaldningsprogram på TV, som var eit nytt medium i Norge på 60-talet. Og fordi det fanst berre ein radiokanal.

Håkon Brusveen og Abebe Bikila

RIDDERRENNET Håkon Brusveen var medarbeidar i Ridderrennet på Beitostølen i mange år. Her saman med OL-meisteren i maraton Abebe Bikila, som blei lam i beina etter ei bilulykke

Foto: Ivar Aaserud / NTB

Lillelien døydde i 1987, men Brusveen heldt fram i ti år til.

Håkon Brusveen var også involvert i oppbygginga av Ridderrennet for blinde og svaksynte, der Erling Stordahl var initiativtakar. Alt i 1962 var Brusveen instruktør.

Norges Olympiske Museum opna ei Brusveen-utstilling på hans 90-årsdag i 2017 – «Håkon Brusveen, olympisk mester og radolegende».

Siste nytt

  • Her koker det over for tennisstjernen – nå venter Ruud

    Denis Shapovalov slo hjemmehåpet Elias Ymer i en dramatisk kamp Stockholm, fredag kveld.

    Da Shapovalov leverte et godt poeng, satte han fingeren bak øret for å få mer jubel.

    Publikum svarte med å bue på ham. Senere ville Shapovalov ha bort en person fra tribunen.

    – Han viser fingeren. Kan jeg gjøre det? Hvorfor får han lov? sa canadieren til dommeren.

    Bilder fra nyhetsbyrået TTs fotograf viser at også Shapovalov viste fingeren tilbake mot tribunen.

    – Det var ikke vondt ment, men det virker som dere blir krenket over alt jeg gjør. Selv når jeg får medisinsk hjelp, buer dere, sa han.

    Underveis måtte nemlig Shapovalov få hjelp etter å ha fått smerter i ryggen. Han kom tilbake og vant 6-1 i det avgjørende settet. Kampen varte i over to og en halv time.

    Det er ikke første gang Shapovalov viser følelser på denne måten.

    – Jeg har sett Denis noen ganger, og det kan bli slik når han spiller. Han kan bli sint på publikum. Jeg var forberedt på at det kunne bli hett, sa Ymer, gjengitt av TT.

    Lørdag kveld møter Shapovalov Casper Ruud i semifinalen.

    (NTB)

    Denis Shapovalov
    Foto: Pontus Orre / TT / NTB
  • Uno-X enda nærmere World Tour-plass: – Vil være sensasjonelt

    Dersom Cofidis hadde som mål å ta igjen de 401 poengene opp til Uno-X på rankingen, var de helt avhengige av å hente hjem en topplassering fra Tour of Guangxi.

    Lørdag morgen endte Sylvain Moniquet fra det franske laget på 19.-plass som deres best plasserte rytter. Den plasseringen har han også sammenlagt.

    Moniquet dro ikke inn noen poeng, da han kom inn halvminuttet bak vinner Paul Double.

    – Blir dette resultatet etter i morgen, er vi et World Tour lag i 2026. Det vil være både sensasjonelt og historisk på samme tid. Jeg er stolt av hele laget og hvordan vi klarer å få til dette med å gå en lengre vei enn våre konkurrenter, da vi på herresiden kun har norske og danske ryttere, sier daglig leder i Uno-X Mobility, Thor Hushovd, til NRK.

    Vinneren av Tour of Guangxi mottar 300 WorldTour-poeng. En eventuelt 19.-plass gir ikke mer enn 20 poeng i kassa.

    Foruten søndagens avslutning i Guangxi gjenstår Japan Cup og temporittet Chrono des Nations før rankingen avsluttes. Uno-X har sendt Søren Wærenskjold og Carl-Frederik Bévort til Frankrike for å maksimere poengfangsten.

    Jørgen Nordhagen (Visma | Lease a Bike) ble nummer fire på etappen.

    Thor Hushovd Uno-X Mobility
    Foto: Yann Valerievich Belov / NRK
  • Crystal Palace-treneren bekrefter: Liverpool-aktuelle Marc Guéhi forlater klubben neste sommer

    Crystal Palace-trener Oliver Glasner bekrefter at midtstopper Marc Guéhi, som i sommer var nære på å signere med Liverpool, forlater klubben neste år.

    – Jeg tror Marc allerede har fortalt oss at han ikke vil signere en ny kontrakt, så han forlater klubben neste år, sier Glasner på en pressekonferanse i forkant av oppgjøret mot Bournemouth, ifølge Sky News.

    Liverpool forsøkte i sommer å hente Guéhi fra Crystal Palace, men overgangen strandet i siste liten.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Matthew Childs / Reuters / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal