Forbundsleiar Angela Merkel reduserte kravet om treningsleir-karantene frå to til ei veke, noko ho og leiarane for dei 16 delstatane blei samde om i dag.
Ei avklaring om dato var forventa torsdag da dei 36 klubbane i dei to øvste divisjonane skal møtast, men berre nokre timar seinare spikra den tyske ligaforeininga (DFL) at oppstarten kjem allereie den 15. mai, framfor 22. mai.
– Etter å ha overveid alle argument har DFL-styret i kveld fatta avgjerda om at serien i 1. og 2. Bundesliga startar igjen frå 15. mai, er meldinga omtala av både Bild og Kicker.
Derby for Haaland
Ni serierundar står att, tillegg til semifinalar og finale i cupen. Allereie på første dagen får Erling Braut Haaland sitt «Revier-derby». Dette derbyet mellom naboane Borussia Dortmund og Schalke er eitt av dei største i tysk fotball. Klubben var blant dei som ville ha oppstart no.
Tysk Bundesliga blir den første av dei store europeiske ligaene som får lov å starte opp igjen etter korona-stenginga i mars. Ligaen har tidlegare sagt at dei frykta konkurs i rundt ein tredel av klubbane risikerte konkurs om resten av kampane i ligaen ikkje blir spela.
Omfattande smittevern-notat
Det er strenge smittevernkrav knytte til kampane, som skal spelast utan publikum på tribunane. Ligaen har laga eit detaljert notat på 51 sider, ifølgje Süddeutsche Zeitung.
Det utkastet blei godkjent av alle delstatane sist måndag, skriv Kicker.
Tyske klubbar har hatt lov å trene sidan 6. april. 30. april blei det bestemt at alle spelarar og folk i støtteapparatet skulle testast to gonger.
I går fortalde ligaleiinga at det var utført 1734 testar sidan den tid, og 10 av dei var positive. Det er ikkje offentleggjort kven det gjaldt, men meldingar i media har fortalt at tre av dei gjeld Köln, ein Dynamo Dresden og ein Erzgebirge Aue.
Men reaksjonane var ulike. Medan Köln sette berre dei tre aktuelle i karantene, sende Aue heim heile laget.
Det er dei enkelte delstatane som skal passe på at klubbane følgjer smitteverntiltaka, og reaksjonane på brot.
Også lov med annan utandørs idrett
Tyskland opnar også for restart av all utandørs amatørfotball og annan idrett, innanfor smittevernsrestriksjonane.
Avgjerda vil truleg også påverke oppstarten i dei andre store ligaene også. Både Spania, England og Italia følgjer nøye med.
Eit tysk ja til Bundesliga-oppstart vil også legge press på England og Premier League, skriv Süddeutsche Zeitung i ein kommentar. Der er det Sky Sports som sit på det aller meste av TV-rettane, medan rivalen BT Sports har dei engelske rettane for Bundesliga.
Sky Sports vil neppe like at Bundesliga blir for populær dersom Premier League ikkje kjem i gang igjen med det første.
Det er venta at statsminister Boris Johnson vil kunngjere oppmjuking av tiltak i Storbritannia søndag. Klubbane i Premier League skal måndag avgjere korleis dei då skal gå vidare med «Operation Restart.»