– Vi har eit luksusproblem med tre av dei absolutt beste målvaktene i verda, seier landslagskaptein Stine Bredal Oftedal.
Ho meiner Kari Aalvik Grimsbø er tilbake på eit høgt nivå igjen etter sin kneoperasjon.
NRKs handballekspert Geir Oustorp meiner han veit kven av dei tre aktuelle som må bli heime.
– Kari Aalvik Grimsbø er tilbake på bana og spelar godt. Men om ho er heilt klar for eit meisterskap, er eg meir usikker på, seier Oustorp.
– Eg trur ikkje ho blir tatt ut.
– Ho er ein matchvinnar
Han meiner det er eit tap for Norge dersom ho ikkje er med. Grimsbø blei kåra til beste målvakt i EM i fjor.
– Ho vann meisterligaen i mai, og er ein matchvinnar, seier Oustorp.
Det er manglande kamptrening som vil vere årsaka dersom Grimsbø ikkje blir teken ut, trur Oustorp. Ho blei operert etter meisterligafinalen, og har dermed gått skadd heile hausten. Det er først i det aller siste ho har spela kampar.
Sist var ho i aksjon for sitt klubblag Györ i meisterligaen søndag. Då gjorde ho ein god kamp og hjelpte laget til siger 25–23 over Rostov og avansement i meisterligaen.
– Kven bør då få plassen?
– Det er nokså klart. Det blir Silje Solberg og Katrine Lunde. Det er ikkje noko dårleg keeperpar. Ingen andre er aktuelle.
Gode nok til gull
– Er dei gode nok til at Norge tek gull?
– Norge er alltid gode nok til å ta gull. Vi er litt bortskjemde slik. Mange andre nasjonar er nok misunnelege på at vi har så mange målvakter å ta av, seier Oustorp, som skal kommentere Norges kampar i NRKs radiosendingar.
Grimsbø sjølv seier til NRK at vegen tilbake etter operasjonen har vore lang.
– Eg har ikkje tenkt særleg mykje på landslaget. Men no har eg prestert på klubblaget, no håpar eg det kan bli noko på landslaget og.
– Men eg er heilt klar over at eg er tilbake frå skade, og at eg ikkje har mange kampar bak meg etter det. Konkurrentane er tøffe.
Grimsbø har veldig lyst å vere med til VM.
– Eg kjenner ingenting i kneet. Men eg har litt å gå på enno. Med det samarbeidet vi har i landslaget kan eg heve meg endå nokre hakk før VM, seier Kari Aalvik Grimsbø dagen før uttaket.