Ein imponerande laginnsats i langrennet ga to nordmenn på pallen i kombinertrennet i Kuusamo laurdag. Men Eric Frenzel kunne dei ikkje gjere noko med.
– Dette var kjempeartig. Fire mann på top seks - det er artig å gjere det bra, men det er andå artigare å sjå eit norsk tog på sisterunden. Han (Frenzel) var langt føre. Vi køyrde alt vi hadde for å få sjansen, målet var å ta att gruppa og kjempe om pallen, sa Jørgen Gråbak til NRK.
Resultatlista viser fire nordmenn blant dei seks beste. Bak den suverene tyskaren kom Jørgen Gråbak, Magus Krog og Mikko Kokslien – alle etter å ha starta langt bak. Håvard Klemetsen vart nummer seks.
– Sjølvsagt ville vi vinne, men Frenzel var hakket for god, legg Gråbak til.
Sjølv meinte han at han hadde eit greit skihopp og låg "heilt greit" an etter hopprennet.
– Eg hadde ikkje forventa pallen, nei. Eg hadde mål om topp 10 og håp om topp 5. Så det var kjempebonus å kjempe om pallen. Det var eit bra disponert løp, eg hadde hjelp av gode løparar rundt meg, heile tida folk som pushet og heldt farten oppe, og så veit eg at eg har eigenskaper til å avgjere ein slik duell, seier Gråbak.
Tredje pallplass på rad
For Krog er det tredje året på rad han er på pallen i Kuusamo.
– Det er spesielt i Kuusamo med både ein bakke og ei løype som skil mykje, seier Krog til NRK.
– Det er veldig bra av laget generelt, men Mikko og Jørgen har endå meir inne. Jan hadde berre skikkeleg uflaks. Når nokon har uflaks, har andre flaks. Då kan vi som lag kjempe om topplasseringar heile tida. Det er alltid vind ein eller fleire dagar, sånn er det i Kuusamo, seier Krog.
Han seier at han likar arenaen i Kuusamo.
– Det er litt spesielt når langrenn, hopp og kombinert er samla. Det er ein kompakt arena, mange utøvarar og eiekstra ramme rundt. Det gir meg ekstra spenning i kroppen.
– Dei siste åra har eg klart å takle den ekstra nerven på ein positiv måte. Bakken er sinnsjukt bra å hoppe i når du hoppar greit. Du får en flygefølelse. Og det er ei løype som skil mykje, seier Krog.
Video: Sjå intervjuet med Magnus Krog
Graabak starta 2.07 etter hoppvinnar Jevgenij Klimov, Krog 1.40. Mikko Kokslien var heile 2.36 etter ut frå start, og leverte kanskje det mest imponerande langrennet.
Frenzel tok leiinga halvveges, og var deretter suveren i teten, sjølv om han ga vekk ein del tid på slutten. Men bak kom forfølgjarane, med nordmennene som dei mest aktive. I mål var Graabak 3,5 sekund etter vinnaren, Krog 8,9 og Kokslien 15,7.
Klemetsen låg i teten
Håvard Klemetsen starta som nummer to, 27 sekund etter Klimov. Han gjekk raskt inn russaren, og fekk gå i teten ei lita stund. Han understreka den norske laginnsatsen med å gå inn til sjetteplass, 30 sekund bak Frenzel.
Halvveges var Klemetsen i teten, men med Frenzel hakk i hæl. Like etterpå rykka Frenzel, og forfølgjargruppa var ikkje langt etter. Men v-cup-vinnaren frå førre sesong hadde disponert løpet godt og var aldri trua.
– Det var synd det ikkje var lagkonkurransen som gjekk som planlagt i dag, sa NRK-kommentator Torgeir Bjørn då det norske "toget" gjekk mot mål.
På grunn av vindtilhøva måtte nemleg laghopprennet laurdag avlysast. Derfor gjekk det individuelle langrennet i staden for, med den offisielle prøveomgangen torsdag som utgangspunkt.