Pål Golberg trengde litt tid for seg sjølv i intervjuet med NRK.
Foto: NRK– Dette kan vere hans store gjennombrot!, sa NRK-kommentator Torgeir Bjørn i det Pål Golberg gjekk inn til suveren leiing på 15-kilometeren på Lillehammer.
Han gjekk inn 14,2 sekund framfor kasakhstanske Alexej Poltoranin og 15,5 sekund framfor 22 år gamle Didrik Tønseth – som tok tredjeplassen.
Det blei derimot spenning heilt inn, for Martin Johnsrud Sundby – som gjekk ut sist – låg lenge godt an. Han svikta derimot mot slutten, og ein spent Golberg kunne sleppe jubelen laust.
– Eg er litt skjelven akkurat no, sa Golberg i det første intervjuet etter sigeren.
– Skulle trudd nokon hadde dauda
Då han møtte NRK var det ein svært rørt 23-åring som prøvde å prate.
– Skulle trudd nokon hadde dauda, sa han galgenhumoristisk, før han tok seg nokre sekund for seg sjølv.
For det var mykje lette bak tårene. Golberg har imponert i sprintrenn, men i februar i år var han svært langt nede. Då kollapsa han på lagsprinten i VM, og kosta Noreg finaleplassen.
– Hadde eg gått ein individuell konkurranse hadde det vore greitt. Men eg var på lag med ein annan, og då kjendest det heilt «forjævlig», sa han då.
Etter sigeren innrømma Golberg at tankane streifa tilbake til februardagen i Val di Fiemme.
– Eg græt både når det går bra og når det går dårleg, seier han og ler – tydeleg flau over all grininga.
Northug hyllar Golberg
Petter Northug var lagkamerat til Golberg i VM-lagsprinten, og var klar på at Golberg ville få revansjert seg. Etter 15-kilometeren laurdag var Northug full av lovord.
– Han har hatt ein veldig bra sesongstart, og var eigentleg uheldig på sprinten i Kuusamo der han missa eit bra resultat. Han er ein person som kan gjere det bra både på distanse og på sprint. Det er sånne løparar vi treng, sa skikongen til NRK.
Sjølv blei han nummer ni – 40,7 sekund bak suverene Golberg.
Saka held fram under videoen.
Det var ikkje berre tårer for Golberg etter sigeren. Gliset var også stort.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix– Mange som har ofra mykje
23-åringen frå Gol blei nummer fire på 15-kilometeren på Beitostølen, før han tok ein ny fjerdeplass i Kuusamo. På Lillehammer blei det endeleg perfekt.
– Det er ei tålmodsprøve. Når er ein endeleg lukkast er det ålreit, sa ein tårevåt sigersherre.
– Kva ligg bak dette?
– Det er mykje arbeid då. Men eg er heldig som har eit talent for dette, og det har eg brukt for kva det er verdt. I dag er det full klaff.
I verdscupen var ein andreplass frå lagsprint i Liberec i januar førre sesong hans beste resultat. Tankane etter den første individuelle verdscupsigeren – dryge to månader før OL i Sotsji – var mange.
– Det er veldig mykje ein tenkjer på akkurat no. Det er mange som har ofra mykje for at eg skal få gjere dette. Det kjennest veldig stort, sa Golberg.