– Når alle rundt meg har svikta, så skal eg i alle fall ikkje svikte meg sjølv. Det brukar eg som eit våpen. Det er veldig viktig å ta med sigeren heim.
Det seier Gabriella Mathisen til NRK, like etter at ho fullførte ultraløpet Atacama Crossing.
Det er eit 250 kilometer langt ørkenløp i Chile.
På vegen kjempa ho seg gjennom sandstorm, kjøtsår og bakteriell infeksjon, og det gjorde ho utelukkande av ein grunn.
Står opp for seg sjølv
Mathisen har ein litt annan oppvekst enn andre idrettsutøvarar. Ho vaks opp i ein heim med omsorgssvikt, rus, vald og fattigdom.
Som 12-åring blei ho sjølv rusavhengig, og hamna deretter i eit liv på gata som prostituert.
HARDHUDA: Gabriella Mathisen. Her frå Chile.
Foto: PRIVAT– Eg møtte menn som var slemme og valdelege, men det var mange mekanismar som slo inn då du først blei prostituert. Eg gjekk inn i ein bil, låg med ein gubbe og så gløymde ein det, seier Mathisen til NRK.
Etter at ei sprøyte blei sett feil i høgrearmen hennar, måtte ho amputere.
– Det har vore høgt oppe på skamlista, å vere prostituert, men no bruker eg min historie for å få vekk det tabuet og den skamma. Det var ekstremt, men eg overlevde det, seier ho.
Kjøtsår og sandstorm
I 2016 sprang ho sitt første maraton, og i fjor deltok ho i Namib race i Namibia, og blei nummer fire av 10 løparar i kvinneklassen.
Under årets ørkenløp i Atacama, hadde ho som mål å bli topp tre, men det løpet blei ein heil del tøffare enn ho hadde venta seg.
Sjølve løpet bestod av fire maraton, eit ultraløp, ein kviledag, før siste etappen gjekk i mål. Etter etappe to var føtene til Mathisen fulle av sår.
– Kvar gang eg sette foten i bakken, så kjendest det ut som eg fekk noko gjennom foten. Det var skikkeleg smertefullt, seier ho.
Slik såg føtene til Mathisen ut.
Mykje bandasjering måtte til. Heldigvis hang teipen på. Då Mathisen skulle feste eit plaster undervegs i løpet, tørka det før ho fekk sett det på.
Heldigvis fekk ho god oppfølging av medisinsk personell, både undervegs og etter løpet.
Under ultraløpet slo ein kraftig vindstorm inn, som gjekk opp mot 100 meter i sekundet.
Heldigvis klarte Mathisen å søkje ly, men ein utøvar som sov i same telt som Mathisen, måtte bryte etter at han blei treft av eit bord.
Utøvarane blei seinare evakuert ut av ørkenen. og det var rekna som kviledagen i løpet.
Før Mathisen skulle by seg ut på den siste etappen, meinte legane at ho burde bryte. Ho vart råka av ein bakteriell infeksjon, men valte likevel å fullføre.
– På den lengste etappen spydde eg og var heilt kvit i ansiktet. Men kroppen toler meir enn ein trur, seier Mathisen.
EVAKUERTE: Her brukte utøvarane kviledagen, som følge av ein aggressiv sandstorm.
Foto: PRIVATNytt lag med hud
34-åringen enda som nummer 10 av 37 startande i kvinneklassen, og nummer 51 av 130 startande.
Totalt 3366 høgdemeter kjempa ho seg gjennom.
– Sjølv om det er ekstremt, er dette den største opplevinga eg har hatt. Det var så overveldande og kult, seier ho.
Tørr luft og stikking i brystet gjorde ingenting når landskapet såg slik ut.
Mathisen på veg gjennom ørkenen.
Ekstreme fjell og vulkanar tykte Mathisen var eit vakkert syn. Så vakkert at ho måtte felle nokre tårer undervegs.
Slik ser det ut i Atacama-ørkenen.
Mathisen elskar slike naturopplevingar som dette, og karakteriserer det som eit eventyr.
Sjølv tykkjer ho det er surrealistisk å tenkje på.
– Det var ikkje akkurat slik at kroppen min var super i utgangspunktet, men eg har verkeleg vore sterk og trent for det, seier ho.
Og det er nettopp på grunn av bakgrunnen hennar, at Mathisen fullførte det aller mest ekstreme løpet ho har vore gjennom.
– Når du veks opp med tanken om at dei som elskar deg i livet, også er dei som gjer deg mest vondt, blir det eit stort svik. Det er derfor eg alltid lover meg sjølv å gjennomføre, seier Mathisen.
Neste mål er Antarctica trail race i 2024, eit 13 dagars langt løp gjennom Antarktis. Ho luktar også på tanken om å delta i Ultra Jungle, eit løp i regnskogen i Amazonas.
Kvifor gjer ho dette?
– Eg har kjent på alle ytterkantar av livet, og fått eit nytt lag med hud. Eg har blitt klokare, sterkare, og fått erfare at når det går gale, så klarer ein faktisk å stå i det. Det er ein kjempegod erfaring. Eg blir lykkeleg av det, seier ho.